– Biskopane lever som kongar og dronningar medan kyrkja går konkurs
CHURCH OF ENGLAND: Kyrkjemøtemedlem Sam Margrave går til frontalangrep på dei anglikanske biskopane, som årleg mottek millionbeløp i ulike godtgjerdsler, i tillegg til løn.
LUKSUS: — Ingen treng å bu i eit hus til over 2 millionar pund. Det er på tide at biskopar kjem ut i den verkelege verda og sluttar å leve som kongar og dronningar medan kyrkja går konkurs, seier kyrkjemøtemedlem Sam Margrave.
Owen Humphreys
— Som medlem av kyrkjemøtet i over eit tiår stiller eg spørsmål ved kostnadane til biskopane sin overdådige livsstil, medan kyrkjelydar i heile landet slit med å betale rekningane sine, og til og med må stenge dørene, seier Margrave ifølgje den britiske avisa The Telegraph.
Ein økonomisk rapport frå kyrkja viser at dei 42 engelske biskopane tek imot opp mot 1,2 millionar kroner i ulike godtgjersler på toppen av vanleg løn. Rapporten viser blant anna årlege vedlikehaldskostnadar på biskopane sine bustadar på 800.000 kroner i gjennomsnitt, og at meir enn halvparten av biskopane bur i hus med meir enn seks soverom. Rapporten seier også at fleire av biskopane har tilsette som ved enkelte høve fungerer som privatsjåførar.
Rådyre bustadar
Bestill abonnement her
KJØP