Biskop seier nei til hund som brudepike
I forklaringa til avslaget viser Halvor Nordhaug til erfaringar med eigen hund.
– Hunden min alltid ulte høgt når den hørte song. Den ville openbart ta del i fellessongen, seier Halvor Nordhaug til bt.no.
Biskopen sine erfaringar tilseier at det er umogleg å vite korleis ein hund vil reagere i møte med kyrkjerommet, salmesongen eller eit orgel på full utblåsing. Det handlar ikkje først og fremst om teologi, men meir om å ta vare på den kyrkjelege handlinga sin verdigheit, seier den tidlegare hundeeigaren.
Dårlege argument. - Argumenta er litt dårlege. Det er lov å ta med småbarn i kyrkja, også i bryllaup. Hunden vår er som eit barn for oss, er allergivennlig og vant til å være blant menneske. Under vigselen ville han berre ha vore blant familie og venner som han kjenner frå før, seier brudgommen, som ynskjer å vere anonym overfor Bergens Tidene.
Bestill abonnement her
KJØP