Biskop-leia organisasjon har fått 1,5 millionar frå Vistes vikarbyrå
Biskop Tor B. Jørgensen er styreleiar i Mennesker i Limbo. Organisasjonen har fått 1,5 millionar kroner frå Vistes vikarbyrå. Jørgensen er budd på straffeansvar
På publikumsplassane i rettssal 828 i Oslo tinghus er det halvfullt. Mange av dei som kom for å vise sin sympati med Arne Viste måtte reise heim. Mange til jobbar som vikarar i Vistes vikarbyrå Plog.
Onsdag er forsvarets dag i straffesaka mot Arne Viste. Han og Plog er tiltalte for grove brot på utlendingslova ved at dei har tilsett vikarar som ikkje har lovleg opphald i Norge; dei er såkalla ureturnerbare.
I vitneboksen sit ein pensjonert biskop i Den norske kyrkja. Tor B. Jørgensen er også styreleiar i organisasjonen Mennesker i Limbo, som støttar opp om ureturnerbare, utlendingar med endeleg asylavslag, og som Norge ikkje klarar å få tvangsreturnert til heimlandet.
Mennesker i Limbo har rundt 180 medlemmer som med nokre unnatak er ureturnerbare.