Big guns
Kven veit kva som hadde skjedd om styresmaktene hadde brukt ein prosent av forsvarsbudsjetta på dialog i staden?
Gjeste-kommentator Ann Kristin van Zijp Nilsen (39) er kommunikasjonsleiar for Areopagos og redaktør for bladet Tørst.
Vårt Land
Det kunne kanskje blitt fred mellom israelarar og palestinarar snart, viss det berre hadde vore gamle menn med rabbinar- og mullaskjegg som slost. Sinte, gamle menn har ofte dårleg hjarte.
Men det er flest tenåringar. Det er dei me ser rasa med intifada-slynger og stein på Gaza og i Jerusalem. Det er tenåringar som er israelske grensesoldatar. Kven ville ikkje vore rasande når alt er berre vald og død der du bur? Rettferda dei tørster etter blir til krav om hemn. For ungdom som skulle tenkt på sommarferie og skuleplass til hausten, er framtida eit mørkt bomberom der lysbrytaren ikkje er å sjå.
Ansikt til ansikt. Ingen trur at den israelsk-palestinske konflikten ville sett annleis ut akkurat nå, viss diplomatane hadde vore på jobb i staden for på fellesferie. Ikkje eingong Ap-fansen tar Jonas Gahr Støre sitt mantra om «dialogue» på alvor. Diplomatane har brynt seg på Midtausten før, med forsøk på millimeter-lirking av tunge interesser. Dialogen deira består av kompromiss og tilslørt språk for å hala i land akseptable avtalar. Naudsynt, sjølvsagt, når det verkar. Men ikkje verkeleg dialog.
Bestill abonnement her
KJØP