Betalar returavtalar med bistand

Land som seier ja til å ta i mot eigne borgarar som ikkje får asyl i Norge, skal premierast med bistandskroner. Norsk bistand til Eritrea er nesten syttendobla på tre år.

Under besøket i Sudan hadde innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) eit møte med innanriksminister Hamid Manan (sit til høgre for Listhaug). Han er også general, til liks med andre leiarar i Sudans sentraladministrasjon.
Publisert Sist oppdatert

Ein av Norges fremste ­bistandskjennarar åtvarar den nye regjeringa mot å kople ­bistand og returavtaler.

– Denne type påskjøningsordningar og bindingar kan få svært negative effektar, og undergrev fullstendig den langsiktige ­måten vi driv utviklingspolitikk på. Dette er eit døme på at innanrikspolitiske interesser trumfar argument om kva som er mest effektiv bistand, seier Ottar Mæstad, direktør ved Chr. Michelsens Institutt (CMI).

Solberg II seier det no rett ut, i den ferdigsnekra, politiske plattforma til Høgre, Framstegspartiet og Venstre: Dei vil «Bruke Norges posisjon, blant annet som bistandsyter, til å sikre fleire ­returavtaler».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP