Ber om verdige løysingar
Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) meiner ureturnerbare ikkje kan bli buande på mottak i årevis – og etterspør løysingar som avsluttar opphalda.
Ann-Magrit Austenå i NOAS.
Hedvig Idås
– Dei som kjem no og får endeleg avslag må få langt betre informasjon om dei frivillige returordningane, dei må få god hjelp til å få vende heim på ein verdig måte, seier generalsekretær Ann-Magrit Austenå i NOAS.
Ho refsar særleg regjeringa for å ha brukt alt for store ressursar på tvangsreturar – og dermed for lite på dei som kan reise heim av fri vilje.
Når det kjem til dei ureturnerbare som har sete lenge på mottak, etterspør NOAS og Austenå ei langt meir fleksibel haldning frå ansvarlege politikarar. Det må vere mogleg å finne løysingar som kan avslutte slike opphald, seier ho.