Basket-profil rasar etter skuleskyting: – Det er patetisk, eg har fått nok

Golden State Warriors-trenar Steve Karr var forbanna etter skuleskytinga i Texas i går og gjekk hardt ut mot senatorane i landet.

Golden State-trener Steve Kerr krever handling fra USAs politikere for å få vedtatt strengere våpenlover. Foto: Scott Strazzante/ AP / NTB
Golden State-trenar Steve Kerr krev handling frå USAs politikarar for å få vedteke strengare våpenlover. Foto: Scott Strazzante/ AP / NTB
Publisert Sist oppdatert

Kerr deltok på ein pressekonferanse før laget hans skulle møte Dallas Mavericks i NBA-sluttspelet. Ein fem timars biltur unna, i Uvalde i same delstad, hadde det gått føre seg ei skuleskyting. 19 barn og to vaksne vart drepne.

– Eg skal ikkje snakke om basketball, starta den tidlegare storspelaren og noverande Golden State Warriors-trenaren, som tok opp andre skyteepisodar i landet dei siste ti dagane.

– Når skal vi gjere noko? Eg er trøytt og lei av å komme opp her og kondolere til dei nedbrotne familiane der ute. Eg er lei av stilla. No er det nok! sa Kerr.

Kerr peika på ei lov om grundigare bakgrunnssjekk for å kjøpe våpen, som allereie er vedteke i Representanthuset i 2019, men ikkje stemt gjennom i Senatet.

– Patetisk

– Vi blir haldne som gislar av 50 senatorar. Det amerikanske folket vil ha det (våpenlova), sa Kerr.

– Det er patetisk. Eg har fått nok! torna Kerr og forlét pressekonferansen.

Før kampen ville Kerr berre snakke om skuleskytinga i Uvalde.

– Vi skal spele kampen i kveld, men eg vil at alle som høyrer dette, tenkjer på eigne barn, barnebarn, mor, far, søster, bror. Korleis ville du kjent det om dette skjedde med deg i dag? Vi kan ikkje bli nomne. Vi kan ikkje sitje her, lese om det, ha eit minutts stille og så gløyme det, sa Kerr.

– Stille i garderoben

Golden State Warriors tapte kampen 109-119, men leier 3–1 samanlagt i semifinalen der det er førstemann til fire sigrar.

Etter kampen sette Kerr ord på stemninga i garderoben før kampen.

– Det var ei stille visse om kva som hadde skjedd. Det var veldig stille i garderoben før kampen. Eg følte at jobben min som trenar var å få laget klart til kamp.

– Men det var vanskeleg å halde fokus på ein sånn dag. Sjokket, sinnet og sorga prega alle spelarane og alle som var til stades, sa trenaren.