Barnevern: Ropstad vil ikkje beklaga krenking av menneskerettar
NY LOV: I dag legg Kjell Ingolf Ropstad fram forslag til ei ny barnevernlov. Lova kjem eit år på overtid på grunn av dommane mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen.
FORSEINKA: I dag legg barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) fram forslaget til ny barnevernlov. Arbeidet med lova vart forseinka etter dommar mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen.
Erlend Berge
– Lovforslaget skulle eigentleg koma i vår i fjor. Men på grunn av innspel frå høyringa og sakene i Den europeiske menneskerettsdomstolen og Høgsterett har eg lagt vekt på grundigare menneskerettslege vurderingar.
Det seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Vårt Land. I dag legg han fram forslag til ny barnevernlov, som har vore jobba med sidan 2014.
Sakene Ropstad viser til, er dei ti dommane som Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) har avsagt mot Noreg. Domstolen slår fast at retten til familieliv er krenka i åtte av desse sakene.
Bestill abonnement her
KJØP