– Barnet ligg i ruinane, seier pastor Munther Isaac

SOLIDARITET MED GAZA: Julefeiringa i Betlehem er avlyst. Herberga er lukka og låste. – Barnet ligg i ruinane, seier pastor.

jesus
IKKJE KRYBBE: Pastor Munther Isaac i Evangelical Lutheran Christmas Church i Bethlehem har i år laga ein solidaritetsinstallasjon i kyrkja. Jesusbarnet blir fødd i ruinar.
Publisert Sist oppdatert

I kyrkja som har jul i namnet, i Evangelical Lutheran Christmas Church, i byen der Jesus blei fødd for vel 2000 år sidan, skulle det stått eit stort, struttande og grønt juletre framme i kyrkja, pynta med lys.

I år har pastor Munther Isaac avlyst den store julefesten i kyrkja på Vestbreidda.

I år er krigen i Gaza henta inn. Ein ruinhaug har fått plassen til treet. Ei dokke – eit Jesusbarn – er lagt mellom betongbitane, for å minne dei som kjem til kyrkje om dei mange barna i Gaza som ligg i ruinane, døde og levande.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS