Barneombodet får hard kritikk etter skulegudsteneste-utspel

Høgre, KrF og provoserte foreldre vil ikkje ha noko av Barneombudets motstand mot skulegudstenesta.

– Eg meiner at skulen bør vere livssynsnøytral sidan det er mange familiar som ikkje har ei tru, uttalte barneombod Anne Lindboe til Vårt Land. Det skapar reaksjonar.
Publisert Sist oppdatert

– Lindboe burde finne seg noko anna å gjere, seier Grete Jorun Rønning, som har eit barn i skulen.

Ho var ein av mange som ringte til Barneombodet for å protestere torsdag denne veka. På under to morgontimar hadde rundt ti personar teke kontakt, opplyser resepsjonen.

Barneombod Anne Lindboe tok i torsdagens Vårt Land blant anna til orde for at ordninga med skulegudsteneste bør opphevast, at bordbønn bør vere ulovleg på skulen og at elevar på religiøse privatskular skal kunne sleppe å høyre på andakter.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS