Barn og lam
No, ved byrjinga av adventstida, lyfter døyparen Johannes handa, peikar og seier: «Sjå, Guds lam!» Dei næraste fylgjesveinane hans går sin veg i den retninga fingeren viser.
Johannes står att åleine, men lyfter framleis handa og syner veg til lammet som ber bort verdas synd, offerlammet, endå meir åleine enn Johannes er sjølv. Og medan skarane flokkar seg om den nykomne og vender Johannes ryggen, kjenner den eine einsemda til den andre og den tunge byrda som klemmer.
Også vi vert peika i retning lammet. Nett no, når vi helst vil bøya oss over det vesle barnet i den fattigslege, men å, så pittoreske senga som står der under ein vid stjernehimmel, i lyden av englesong i det fjerne og drøvtyggjande dyr. Å sjå dei saman, barnet og offerlammet, er hjarteskjerande!
Både det fattige barnet og det skuldlause lammet uttrykkjer Guds kjærleik til verda. Guds kome til jorda var meir enn eit vakkert uttrykk for solidaritet med dei fattigaste og svakaste. Jesus gav seg inn under menneskets kår; tok våre synder på seg, og gjorde opp all verdas skuld. Det var inga lettvint løysing. Men å ikkje gripa inn, var endå meir uuthaldeleg for Gud.
Bestill abonnement her
KJØP