Barn får langt færre tilbod i ferien: – Alvorleg, seier statsråden
Det blir ein kraftig nedgang i aktivitetar for barn sommar, viser ei ny undersøking. Nesten 1 av 2 av organisasjonar halverer tilboda sine
Barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF) vil at organisasjonar skal tenke seg om om dei kan arrangere ferieaktivitetar likevel. Ho meiner det er mogleg med dagens smittevernreglar.
Erlend Berge
– Kan eg få bli med? ropar barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF) til eit titals barn i Tøyenparken i Oslo.
Ho vil aller helst leike «1-2-3 raudt lys», men får lov til å bli med og hoppe over hinder og spurte sikksakk mellom kjegler, slik ungane på Tøyen skal gjere i sommar.
Etter ein tøff koronavår er Tøyen Sportsklubb (TSK) fast bestemte på å ikkje ta bort møteplassane til ungane i nærområdet – snarare tvert imot. Men halvparten av landets barne- og ungdomsorganisasjonar har tenkt annleis.
Bestill abonnement her
KJØP