Ba om amnesti for eldre einslege kvinner
Organisasjonen Rettferdighet i Asylpolitikken fann 62 einslege kvinner over 50 år på norske asylmottak. Alle delte same lagnad.
– Ei av desse var nok Almetu Etana Gudissa, seier Brit Nustad, fram til måndag denne veka leiar i Rettferdighet i Asylpolitikken (RIA).
Organisasjonen gjennomførte i fjor ei kartlegging på asylmottak. I oversikter frå Utlendingsdirektoratet (UDI) fann dei «62 enslige kvinner over 50 år med endelig avslag på asylmottak i Norge».
Kvinnegruppa i RIA gav ut rapporten Hvem skal holde meg i hånden når jeg dør? etter å ha møtt 13 av kvinnene. Alle var i midten av 50-åra til sist i 70-åra. Tida dei har budd på asylmottaka strekte seg frå 6 til 17 år.
Bestill abonnement her
KJØP