Avis-karikatur blir skulda for å likna antisemittiske teikningar
KARIKATUR: – Scena som blir teikna opp, er lett å kjenna igjen. Den sleipe, vonde jøden med stor nase som lurer i kulissane, seier Mats Tangestuen ved Jødisk Museum i Oslo om ei teikning publisert i Dagsavisen. Den er meld til Pressens Faglige Utvalg.
KRITISK: – Det er sjeldan eg skriv ein Facebook-post i affekt, seier Mats Tangestuen. Han gjorde eit unntak for denne teikninga i Dagsavisen.
Foto: Dagsavisen og Vårt Land
«At ei slik teikning kjem på trykk i ei norsk avis i 2024, det er ei skandale.»
Det skreiv Mats Tangestuen, historikar og fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo, på Facebook-profilen sin på fredag.
Teikninga han snakkar om, viser Israels statsminister Benjamin Netanyahu og USAs president Joe Biden, og vart nyleg publisert i Dagsavisen.