Asylsøknader sett på vent - intervju avlyst, nemndmøte utsett
Nesten 500 har søkt asyl i Norge i år. Men Utlendingsdirektoratet (UDI) har avlyst alle asylintervju. Utlendingsnemnda (UNE) avgjer berre saker der nemndleiar åleine kan fatte vedtak.
I eit gammalt næringslokale i Råde i Østfold står det hustelt. Asylsøkjarane som no kjem til Norge blir sendt til Ankomstsenter Østfold og plasserte i karantene i 14 dagar. Etter dette ventar opphald på transittmottak.
Vegard Wivestad Grøtt
– Dette er nedbrytande, for dette er menneske som allereie har levd lenge med utryggleik om framtida. No blir alt endå meir uvisst, seier generalsekretær Ann-Magrit Austenå i Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS).
Europas og med det Norges grenser er stengde, men framleis kjem det asylsøkjarar til landet. Sist veke søkte ti personar om vern i Norge. Samla har 496 søkt asyl i januar, februar og dei fire første vekene av mars.
Sendt til nasjonalt senter