Abid Raja: – Vi har gått så langt som mogleg i homoterapilov
HOMOTERAPI: Abid Raja (V) meiner regjeringa har gått så langt med homoterapiforbodet som menneskerettane tillet. Kjell Ingolf Ropstad (KrF) meiner heile lova er unødvendig.
IDELOGISKE SKILJER: Ein treng ikkje vere professor i politikk for å skjøne at ulike parti har ulik ideologisk ståstad, meiner Venstre-netleiar Abid Raja. Her saman med KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad.
Terje Pedersen
– Vi bad lovavdelinga i justisdepartementet om å gje oss eit handlingsrom for kor langt det er mogleg å gå i å forby konverteringsterapi. Dette handlingsrommet har vi nytta fullt ut.
Allereie hausten 2019 annonserte dåverande kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande at eit lovforbod ville komme. Når det har teke halvanna år å levere eit høyringsutkast, så skuldast det ifølge hennar etterfølgar Abid Raja at det har vore gjort eit svært grundig arbeid for å finne den rette grensegangen mellom på den eine sida å beskytte utsette grupper, og på den andre sida religions- og ytringsfridomen.
– Dette er ein praksis vi i regjeringa ikkje ønsker, men det har vore krevjande fordi nesten ingen har gjort dette før oss. Berre Tyskland og Malta har i dag eit slikt tilbod, seier Raja.