Å lyse som ei oljelampe
«Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar», står det i den nye bibelomsetjinga vi har fått i haust. «Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Såleis skal lyset dykkar lysa for folk» står det vidare.
Men var det ikkje eit talgljos Jesus tala om, ikkje ei oljelampe? Og skulle ikkje ljoset stå i ein stake? Kvar kjem då oljelampa frå? Har dei no forandra på det som Jesus sa? Slik tenkjer mange når dei les tekster som er endra.
Mange bilete i bibelteksta var ukjende for folk i Noreg før i tida. Ingen visste korleis ei oljelampe frå Midtausten var, langt mindre korleis haldaren ho stod på, såg ut. Difor brukte bibelomsetjarane bilete som folk kjende frå sin eigen kvardag. Eit talgljos i ein stake var velkjent og lett å sjå føre seg.
I dag har mange reist langt og sett slike lamper i områda kring Middelhavet. I tillegg har oljelamper vorte vanlege her i Noreg òg. Difor var tida inne for å hente inn att biletet frå Midtausten. Jesus tala om ting som folk såg rundt seg. Alle visste korleis dei låge oljelampene av keramikk såg ut. Difor skjøna dei kva han meinte då han sa: Set ikkje oljelampa under eit kar, men på haldaren! Då lyser ho for alle.
Bestill abonnement her
KJØP