371 personar drakk seg i hel i fjor
Pandemien førte til ein auke i talet på alkoholutløyste dødsfall i Noreg. I 2020 og 2021 var det i alt 758 personar som drakk seg i hel mot 650 i 2018 og 2019.

Berre i fjor var det 371 personar som drakk seg i hel, viser tal frå Dødsårsaksregisteret til Folkehelseinstituttet (FHI).
Seniorforskar i FHI, professor Jørgen Gustav Bramness, seier til P4 at dei som drakk mykje før, drakk endå meir under koronapandemien.
Annonse
– Det kan ha ført til at ein tippa over, både når gjaldt sjukdom og dødelegheit, på alkoholbruken for dei som drakk mykje frå før. Ein del av dei som drakk mykje frå før, drakk endå meir, seier Bramness.
(©NPK)