33 trussamfunn mista statstilskot grunna lovbrot
SJEKKAR TRUSSAMFUNN: 33 trussamfunn blei nekta eller fekk avkorta det statlege tilskotet i 2022. No skal trusminister Kjersti Toppe (Sp) sjå nærare på eit utval trussamfunn.
STATSRÅD: Kjersti Toppe (Sp) er barne- og familieminister i Støre-regjeringa. Ho har ansvaret for trus- og livssynspolitikken.
Giulia Troisi
To statsforvaltarar har ansvaret for å sjå til at trussamfunna som får statsstøtte etterlever trussamfunnsloven, Agder og Oslo og Viken. Totalt betalar staten ut rundt ein milliard kroner i årleg tilskot.
Vårt Land har sjekka stoda i siste tilgjengelege årsrapportar, dei for 2022:
- Agder fatta 32 vedtak om nekting eller avkorting av tilskot.
- I Oslo og Viken vurderte dei nekting eller avkorting av tilskot i tre saker.