Nyheter

Greta Thunberg tiltalt etter Israel-protest

Klimademonstrant Greta Thunberg er blant fleire som må møte i retten etter ein propalestinsk demonstrasjon i Stockholm i mai i fjor.

Thunberg er ein av sju som er tiltalte for å ha nekta å lystre ordre frå tryggingspersonell på staden, skriv Expressen. Demonstrasjonen fann stad utanfor Kungliga Tekniska högskolan.

Nesten alle vart fjerna frå staden av politiet, blant dei Thunberg. Ifølgje politiet var fleire iført masker, og dei «ropte og skreik». Rundt 20 personar hadde samla seg til demonstrasjonen.

Thunberg vart kjend då ho i 2018 sette seg utanfor Riksdagshuset i Stockholm med plakaten «Skolstrejk för klimaet», noko ho heldt fram med kvar fredag fram til ho gjekk ut av skulen sommaren 2023.

(©NPK)

NTB Nyheter

NTB nyheter

Mer fra: Nyheter