Nyheter

Ny undersøking: Desse sakene eig Sylvi Listhaug

SAKER SOM TEL: Frp fossar fram på ny undersøking. No meiner ein av tre at Frp er best på innvandring.

– Det er svært gledeleg at den målbevisste jobbinga som me har gjort i mange år, gjer at me lukkast med å få auka sakseigarskap på fleire område.

Sylvi Listhaug blar gjennom tala som Vårt Land har med til kontoret hennar på Stortinget. Her er mykje som kan gleda Frp-leiaren.

På oppdrag frå Vårt Land har Norstat spurt nordmenn om kva parti dei meiner har beste løysingar på ulike felt.

Samanlikna med tala for førre stortingsval i 2021 er resultata slåande:

  • I 2021 var Frp berre størst på innvandring. No meiner dei spurte at partiet er også er best på samferdsel, eldreomsorg og skatt.
  • På åtte av elleve felt er Frps sakseigarskap enten dobla, tre- eller firdobla samanlikna med 2021. Frp går fram på alle felt.
  • Ein av tre meiner no at Frp er best på innvandring.

Vil nå ut til kvinner og Oslo-folk

Frp-leiar Listhaug gler seg spesielt over at Frp no er best på eldreomsorg.

– Dette trur eg kjem til å bli ei endå viktigare sak framover. Det blir fleire eldre, og mange kommunar kuttar no kraftig slik at fleire eldre ikkje får det tilbodet dei eigentleg har krav på.

Undersøkinga frå Norstat viser at Frp jamt over gjer det godt i dei yngste og eldste aldersgruppene, altså 15–29 år og 60 pluss. Frp-politikken står sterkt blant veljarar på Vestlandet og i Midt-Noreg, og svakare i Oslo.

Undersøkinga stadfester ein langvarig tendens: Menn føretrekker Frp-politikk i større grad enn kvinner.

Sylvi Listhaug, partileder Frp.

– Eg vil ikkje seia at Frp har eit kvinneproblem. Me går fram blant kvinnelege veljarar, til dømes meiner ein av fire kvinner i undersøkinga at me er best på innvandring, seier Listhaug.

Ho trur partiet kan nå ut til fleire kvinner.

– Kvinner er ofte meir opptekne av saker som eldreomsorg, helse og utdanning. Jo større grep me kan få om desse sakene, jo meir vil det påverka om kvinner ønsker å stemma på oss.

Ho trur også partiet har mykje å henta i hovudstaden:

– Eg trur me kan styrka oss i Oslo. Det er her det er dyrast å bu og mange slit med å få endane til å møtast.

Tala er solide og viser at Frps vekst ikkje er ei boble eller knytt til enkeltsaker.

—  Valforskar Johannes Bergh

– Eg har ikkje behov for å lansera meg sjølv som statsminister

Listhaug har tidlegare sagt at det er naturleg at det største partiet etter valet bør få statsminister-posten. Dei siste tre månadane har Frp vore høgare på snittmålingar enn Høgre.

– Når du ser tala frå denne undersøkinga, tenker du at sjansen no er større for at Noregs nye statsminister til hausten heiter Sylvi Listhaug?

– Nei, det er ikkje mitt fokus i det heile. For oss er politikken det viktigaste, ikkje å køyra rundt i svarte bilar, seier Listhaug.

Ho trur mange veljarar er lei diskusjonar om posisjonar.

– Eg har ikkje behov for å gå ut med eit stort intervju og lansera meg sjølv som statsminister. Eg overlet til veljarane å setta saman Stortinget i september.

Samstundes viser målinga at Høgre er størst på tre felt som er viktige for veljarane: Skule (18 prosent) økonomi og sysselsetting (25 prosent) og helse (17 prosent).

Like gode på fordeling som Raudt

Nokre tal frå Norstat-undersøkinga kan overraska:

  • Frp har like høg sakseigarskap på sosial utjamning som partiet Raudt. Dei to partia på kvar sin ytterfløy får begge støtte frå 11 prosent av dei spurte.
  • Fleire meiner Frp er best på miljø (åtte prosent) enn Ap (seks prosent). Frp slår også Ap på distriktspolitikk, med ti mot åtte prosent.
  • Frp pustar SV i nakken på skulepolitikk. Partiet får støtte frå 10 prosent, SV frå 11 prosent.

Om Frps sakseigarskap på sosial utjamning, seier Listhaug:

– Eg trur mange veljarar ser at i staden for å dela ut ekstra pengar til enkelte grupper som særleg venstresida er opptekne av, så er det viktig å redusera skattar og avgifter slik at alle får behalda meir av egne pengar og fleire kan greia seg sjølve.

Sylvi Listhaug, partileder Frp.

Fryktar ikkje å hamna i Sp-fella

Frp sin framgang har fått mykje merksemd den siste tida. Partiet fekk 24,1 prosent på snittmålingar for januar i år.

Men før stortingsvalet i 2021 var det eit anna parti som flaug høgt på målingane: Då var Sp den store snakkisen.

På topp nådde Sp 21 prosent på snittmåling for desember 2020. Då valdagen kom, fekk partiet 13,5 prosent av stemmene.

– Er du redd Frp kan hamna i same kategori som Sp?

– Nei, skilnaden er jo at Framstegspartiet har vore det største partiet på ikkje-sosialistisk side ved fleire val. To gonger har me hatt valresultat på over 22 prosent, eg hugsar begge veldig godt. Så me har nok fleire bein å stå på enn Senterpartiet, seier Sylvi Listhaug.

Valforskar: Frp står fram som eit styringsparti

Også valforskar Johannes Bergh seier det er store forskjellar mellom Frp og Sp.

– Sp hadde ikkje same breie sakseigarskap før stortingsvalet i 2021 som det Frp har no. Mobiliseringa til Sp var meir snever og knytt til distriktspolitikk. Dei gjorde det ikkje like bra som det Frp gjer no på felt som skatt, helse og innvandring, seier Bergh.

Arendalsuka 2023. Johannes Bergh er forskningsleder for Politikk, demokrati og sivilsamfunn og leder av Stortingsvalgundersøkelsen ved Institutt for samfunnsforskning.

Om Vårt Lands undersøking seier han:

– Tala er solide og viser at Frps vekst ikkje er ei boble eller knytt til enkeltsaker. Frp har eit styrka truverd. Totalt så står Frp meir fram som eit styringsparti enn det me har sett tidlegare.

– Styrker dette sjansen for at neste statsminister blir Sylvi Listhaug?

– Det svekker ikkje sjansane i alle fall. Ein brei sakseigarskap styrkar sjansen til å gjera det bra i valet. Det verkar nok mindre fjernt at Frp kan leia regjeringa no enn det har vore før.

Han seier at det som kjenneteiknar Frps framgang er at dei markerer seg i ulike saker som ein kritikar av regjeringa. Partiet styrker truverdet i saker ut over kjernesakene.

– Viser tala at Frp ikkje berre er eit protestparti?

– Frp er framleis eit protestparti, det er ein viktig del av identiteten. Men protesten handlar ikkje berre om innvandring og skatt, seier Bergh.

---

Om målinga:

  • Norstat-målinga for Vårt Land vart gjort første veka i desember.
  • 1.052 personar har svara på kva politiske saker som opptek dei mest om dagen.
  • Undersøkinga kartlegg også sakseigarskap – kva parti folk meiner har dei beste løysingane på ulike saker.
  • Feilmarginen varierer frå 0.6 til 2.8 prosent.
  • Vårt Land har samanlikna sakseigarskapen i denne undersøkinga med tal frå 2021, som kjem fram i notatet «Dagsorden og sakseierskap ved stortingsvalet 2021».

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter