Nyheter

80 år sidan sovjetiske styrkar slo opp porten

80 ÅR SIDAN: Stille kom dei fram, stilte seg ved dødsveggen. Dei overlevande frå dødsleiren heidrar dei mange som måtte bøte med livet i Auschwitz.

27. januar 1945 var pinslene over, for dei som framleis var i live i konsentrasjonsleiren Auschwitz, som ligg sør i Polen.

27. januar for 80 år sidan frigjorde soldatar frå Sovjetunionen leiren der om lag ein million menneske hadde mista livet.

27. januar er den internasjonale Holocaustdagen, til minne om dei mange som ikkje overlevde nazistanes industrielle folkemord.

Under andre verdskrig blei 773 norske jødar sende frå Norge til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Polen mellom 1942 og 1945. Berre 34 overlevde.

766 norske jødar og 62 norske rom blei drepne eller omkom som følgje av utryddingspolitikken til nazistane.

fange

Overlevande i front på markeringsdag

For å markere 80-årsdagen for frigjeringa av Auschwitz har kongar, dronningar, presidentar og statsministrar funne vegen til dødsleiren.

Men dei som organiserer markeringa har gjort det klart at dei ønskjer at dei få som overlevde skal stå i front.

Difor kom overlevande og pårørande gåande inn i Auschwitz måndag morgon, berande på blomekransar og lys.

Dei går til dødsveggen, der tusental fangar blei skotne.

Dei set ned lys – og let stilla rå.

Ein av dei overlevande går i den blåstripete drakta fangane måtte gå i.

26. november 1942 blei 532 jødar transporterte til Auschwitz med skipet Donau. Forfattaren av ei ny bok meiner folkemordet på norske jødar starta også før dette
Foto: Georg W. Fossum / NTB / NPK

President: Viktig å bevare minnet

Leiaren av Auschwitz-Birkenau museum, Piotr Cywinski, fortel BBC kvifor det er viktig å la dei overlevande prege 80-årsmarkeringa:

Dei er så få. Ved neste runde markering, ved 90-årsmerket, vil truleg svært få eller ingen vere att.

– Eg hugsar 20 år tilbake. Då deltok 1.500 på seremonien. For ti år sidan var dei 300. I år ventar me 55, kanskje 60. Dei er svært gamle, fortel Cywinski.

Polens president Andrzej Duda fortel at for Polen er det viktig å bevare stadar som Auschwitz «for å bevare minnet, for å halde det i live, slik at folk alltid vil hugse det».

Hovudmarkeringa i Auschwitz finn stad klokka 16 i eit telt som er bygd over porten til den tidlegare Auschwitz II-Birkenau-leiren.

Eit av symbola for markeringa vil vere ei godsvogn som vil stå rett framom porten.

Dei som kom til dødsleiren kom med tog, mange i kuvogner.

I Birkenau – dødsleiren som var en del av Auschwitz-komplekset – gikk jernbaneskinnene rett inn gjennom porten. Mange av jødene som ble sendt dit under andre verdenskrig, ble gasset i hjel umiddelbart etter ankomst. Arkivfoto: Markus Schreiber / AP / NTB

Markering i Oslo

I Norge er det fleire markeringar av Holocaustdagen landet rundt.

I Oslo blir minnedagen markert på Akershuskaia ved deportasjonsmonumentet. Mellom appellantane og talarane på kaien er rabbinar Michael Kohn, på vegner av jødane, Luciano Lakatos, på vegner av romane, Hans Wiggo Kristiansen, på vegner av dei homofile, finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), på vegner av regjeringa og Oslos ordførar, Anne Lindboe (H).

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter