Gud-retorikken til Trump er skremmande, meiner statsvitar

USA: Måten president Donald Trump snakkar om Gud på skil seg frå tidlegare presidentar, meiner statsvitar. Bjarte Ystebø trur presidenten oppriktig opplever at han overlevde attentatet for å verta USAs president.

PRESIDENT: Donald Trump holder innsettelsestalen på Capitol mandag.
Publisert Sist oppdatert

Gud har alltid spelt ei rolle i talane til amerikanske presidentar, ifølgje statsvitar Jennifer Leigh Bailey, men måten Gud blir knytt til Trump på, er ny. Under bøna før presidentinnsetjinga av Trump, var det fleire som snakka om korleis Gud hadde gjort det mogleg at Trump vart president.

«Herr president, i løpet av dei siste fire åra er det tider eg er sikker på at du har tenkt at det har vore ganske dystert, men sjå kva Gud har gjort. Me prisar han og gjev han ære».

Dette sa den evangelikale predikanten Franklin Graham i bøna før presidentinnsetjinga av Donald Trump. Graham er søn av den kjende evangelisten Billy Graham. Han sa også at Gud åleine redda livet til Trump og «reiste han (Trump red.anm) opp med styrke og makt med di mektige hand».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP