Det nyaste tilskotet i den norske partifamilien er Else Kåss Furuseth sitt Ensomhetsparti. Like før nyåret annonserte komikaren at ho ville danne partiet saman med fleire kjente fjes, mellom anna Solveig Kloppen og Lars Berrum. Målet deira er å legge press på politikarane i saker som gjeld psykisk helse, einsemd og sjølvmord.
For å kunne registrere partinamnet i Brønnøysundregisteret, måtte Kåss Furuseth samle inn meir enn 5.000 underskrifter – noko ho klarte. Partiet er dermed eit landsdekkjande parti og jobbar no med å opprette lokallag og få folk til å stille på vallistene i dei ulike fylkene.
– No handlar det om å fortene tilliten. Ein liten del av det er å overtyde folk om at dette ikkje er ein spøk, sa komikaren nyleg til TV2.
Kan i teorien bli avgjerande
– Me registrerer stor interesse og entusiasme for saka vår. Det dreier seg om menneske med både erfaring med einsemd og fagleg innsikt i einsemd, skriv Kåss Furuset i ein SMS til Vårt Land.
Ho seier det er mange som er skeptiske fordi dei er eit einsaksparti, og at partiet derfor får mange kritiske spørsmål.

For mange lurer nok på om Ensomhetspartiet har fleire saker dei vil engasjere seg for om partiet kjem inn på stortinget. Det seier Kåss Furuseth at dei har.
– Forslaga våre til løysingar inneheld mykje meir enn behandling utført av profesjonelle. Me ønskjer å skape aktivitet og legge til rette for fellesskap og interaksjon på alle nivå. Det omfattar område som bustadpolitikk, kollektivtransport, bedre lokalmiljø, skule og frivilligheit, seier partileiaren.
I teorien kan Ensomhetspartiet, dersom partiet skulle få ein plass på stortinget, kunne spele ei avgjerande rolle i kven som dannar regjering. Dersom både raud og blå blokk har 84 stortingsrepresentantar kvar, kan Ensomheitspartiet kunne vere den som vippar i den eine eller andre retninga. Vårt Land spør om Kåss Furuseth om kva retning ho i så fall hadde vippa mot.
– Å velge mellom raud og blå blokk kjem an på kva sak det dreiar seg om. Dette er den type spørsmål som me treng tid på å avklare før me stiller lister, skriv ho i SMS-en.
Har som mål å bli avleggs
Dei siste 20-30 åra hatt ulike småparti oppstått jamnleg. Men, mange har forsvunne fort.
Sjølv trur Kåss Furuseth at Ensomhetspartiet kjem til å bestå så lenge einsemd er eitt av dei viktigaste samfunnsproblema det går an å løyse, og at dei registrerer at store, etablerte parti også har byrja å snakke om einsemd som eit problem som må løysast.
– Vårt mål er at det ikkje skal vere behov for oss, men inntil vidare jobbar me med å utvikle politiske løysingar som kan motverke einsemd, skriv Kåss Furuseth.
Ho slår fast at Ensomhetspartiet er eit blokkuavhengig parti med forankring i humanistiske og demokratiske verdiar.

Vanskeleg å slå igjennom
– Det er veldig vanskeleg for nye parti å slå igjennom. Dette er fordi at det er ganske bra match mellom dei eksisterande partia og det folk etterspør politisk her i landet, seier statsvitar Tuastad til Vårt Land.
Han peiker på nokre ting som må vere til stades for at nye politiske parti skal få fotfeste.
– Det må vere eit politisk ledig rom. Eit eksempel på dette er Bompengepartiet, Folkets parti. Det kunne oppstå og bli store fordi FrP var i regjering og hadde ansvar. Då etterlet dei seg eit ledig politisk rom, ei viktig sak for veljarane når byane reiste bompengeavgiftene, og som mangla sterke talspersonar. Elles hadde det vore vanskeleg for partiet å få noko gjennombrot, seier han.
Tre politiske tersklar
Tuastad seier at parti som skal lukkast må over tre tersklar.
Den første terskelen er at ein lukkast lokalt, at ein har ein lokal og organisatorisk base som ein kan spreie seg ut ifrå. Den andre terskelen er å bli kjent nasjonalt. Den tredje er å komme over sperregrensa ved stortingsval – som er på fire prosent i Norge.
Det er to måtar å lukkast på, seier Tuastad.
– Den eine er å treffe noko i tidsånda og så raskt bygge ein profil vidare enn berre i den eine saka. Dette ser vi i grunnen sjeldan i Noreg, men i andre land er mange høgrepopulistiske parti døme på dette, seier han.
Den andre måten seier han er langsamt, organisatorisk arbeid basert på felles politisk verdigrunnlag. Tuastad dreg fram Rødt og MDG som eksempel på parti som har vokst fram på denne måten.
Mens MDG har passert dei to første tersklane, men at dei slit med å komme over den tredje – sperregrensa.
– Dette viser at det skal noko til å etablere seg. Rødt har derimot, som eit døme på at det gjeng an, etter rundt 30-40 år klart å passere første, andre og tredje terskel.
– Må overleve to, kanskje tre stortingsval
Når kan ein rekne eit nytt parti som etablert, med lite sannsyn for at det vil forsvinne?
Tuastad meiner at eit nystarta parti må ha stilt til val i minst to stortingsval, mogleg tre, for å overleve som eit etablert parti.
– Å stille til val i eitt val er lett for nystarta parti, men så vil dei, dersom dei ikkje når opp, få problem med motivasjonen. Klarer dei likevel å stille til val i det neste valet og eit tredje val, viser det at dei har ein landsomfattande organisasjon som ikkje er avhengig av initiativ-takarane i oppstarten. Så vi kan kanskje som ein tommelfingarregle seie etablerte parti har stilt i minst tre etterfølgjande stortingsval med lister fleire stader, seier han.
Han peikar på at partiet ikkje må ha liste i alle fylke. Dersom eit parti står sterkt i einskilde regionar, vil det kunne vere nok til at dei sikrar rekruttering til ein nasjonal organisasjon, og ikkje berre blir eit lokalt og midlertidig fenomen, ifølgje statsvitaren.
Fleire i faresona
Relativt nyetablerte parti som er i «faresona» for å forsvinne, er parti som ikkje er inne i fylkesting eller på stortinget.
– Helsepartiet, no VIPartiet, Folkets parti og Partiet Sentrum, er døme på parti som etter kvart kan tappast for eldsjelene som var med i oppstarten og som stille kan gli inn i historia si gløymebok. Også Pasientfokus, som no er på Stortinget, er det vel eit spørsmål om kor vidt dei vil ha ei sak slik som sist, og om dei har nok folk framover, seier Tuastad.
– Handlar om kva eit levande demokrati er
Tuastad oppsummerer dei viktigaste punkta for nyoppstarta parti:
– Ein må finne det politiske tomrommet, ei sak som det er stor merksemd og frustrasjon rundt. I tillegg må ein ganske snart skaffe ein heilheitleg politikk, viss ikkje vil dei store og etablerte partia sluke ein, seier Tuastad, som meiner dei små partia spelar ei viktig rolle.
– Det handlar om at dei etablerte ikkje skal bli for makttunge. Det skal vere mogleg å utfordre. Det handlar også om å forstå kva eit levande demokrati er, seier Tuastad.
---
Parti registerert i Partiregisteret etter forrige stortingsval:
- Ensomhetspartiet
- Fred og Rettferdighet (FOR)
- Generasjonspartiet
- Partiet DNI
Kjelde: Valgdirektoratet
---