Saka blir snart avgjort i Stortinget. Kommunalkomiteen er i innspurten med ei innstilling.
Denne skal avgjere kva politiet kan tillate når framande makter kjem til landet for å avhøyre avviste asylsøkjarar Norge vil deportere.
Brev viser at først avviste Politiets utlendingseining (PU) å stoppe praksisen, så sa Politidirektoratet (POD) det same.
Dermed utfordrar direktoratet justisminister Emile Mehls (Sp) eige tilsynsråd som seier praksisen er ulovleg og må stoppe.
Norge vil deportere til Etiopia. Mehl vitja landet
Før komiteen konkluderer må han høyre kva justisminister Emilie Mehl (Sp) meiner. Til no har Mehl nekta å gripe inn i striden, og vist til at POD behandlar saka. Ho held også returavtalen mellom Norge og Etiopia hemmeleg.
No må Mehl og Justisdepartementet avklare kva dei meiner skal vere lovleg. Mehl må sende kommunalkomiteen eit brev.
Medan stortingskomiteen arbeider fram ein konklusjon, vitja Mehl Etiopia tysdag og onsdag denne veka. Norge vil deportere ei større gruppe etiopiske asylsøkjarar med endeleg avslag til det afrikanske landet.

Fire parti vil stoppe praksis
Til grunn for saka i Stortinget ligg eit representantforslag frå fire parti, SV, Raudt, MDG og KrF.
Dei krev at regjeringa stoppar den «ulovlege avhøyrspraksisen ved Trandum utlendingsinternat» fram til «nødvendige endringar i lovverket som sikrar at politiet ikkje gir frå seg jurisdiksjon til andre land i utledningsinternatet».
Bakgrunnen for forslaget er besøk av to omstridde etiopiske delegasjonar i fjor.
Avhøyr utan advokat, tolk, politi
Målet med avhøyra dei utanlandske delegasjonane gjennomfører med flyktningar på Politiets utlendingsinternat på Trandum, like ved flyplassen på Gardermoen, er todelt:
Avklare identitet, som i neste runde skal gjere det mogleg for Norge å tvangsutsende flyktningane som sit internerte.
Ordninga inneber at flyktningar blir pålagt å møte styresmakter frå landet dei har flykta frå.
Skal så framande makter få lov til å møte flyktningar i einerom, utan advokat, utan tolk, utan norsk politi til stades i rommet?

Mehls tilsynsråd med klart råd
Nei, seier justisministeren eige råd. Tilsynsrådet for utlendingsinternatet og tvangsreturer, som er oppnemnt av Justisdepartementet, meiner praksisen er ulovleg og må opphøyre.
«Tilsynsrådet er dypt bekymret for at PU og POD tillater en praksis som i realiteten også innebærer at de internertes rettssikkerhet er ikke-eksisterende. Praksisen må anses som ulovlig, og det bes om at slike møter ikke aksepteres i fortsettelsen», skriv rådet i årsmelding 2024.
Politiet lyttar ikkje til krav
Men Politiets utlendingseining (PU), som driftar utlendingsinternatet, sa nei til å endre praksis då tilsynsrådet bad om dette i brevs form i august i fjor.
Tilsynsrådet løfta då striden opp til Politidirektoratet (POD), som er overordna PU. PODs svar kom i desember.
Praksisen med at framande makter kan få avhøyre flyktningar utan advokat, tolk eller politi, på norsk jord, er fullt ut lovleg, svarar POD i brevet til tilsynsrådet. Direktoratet viser til lovverket og lovforarbeid.
No i januar løfta tilsynsrådet striden til topps, til Justisdepartementet og Mehl, i oversendinga av årsmelding 2024.
Fekk reisedokument etter konfrontasjon
Vårt Land har fortalt om Nagga Heilemichael, flyktningen som er internert på Politiets utlendingsinternat.
Nagga Heilemichael har fortalt om eit traumatisk møte med ein delegasjon frå Etiopia som skulle avklare identiteten hans:
Er mannen etiopisk borgar? Kan Etiopia gje han reisedokumentasjon slik at Norge kan få deportert han?
Før jul kom svaret. Han blei stadfesta som etiopisk borgar sjølv om møtet med delegasjonen frå Etiopia blei ein oppheta konfrontasjon ved cella hans på internatet.
I desember prøvde PU å deportere han til Etiopia, men måtte føre han ut av flyet og tilbake til internatet fordi Heilemichael laga så mykje oppstyr i flyet at kapteinen nekta å ha han som passasjer til Addis Abeba, skriv Oslo tingrett i interneringsvedtaket frå desember.

Lagar ikkje liste over besøk av framande makter
Vårt Land har bede Politiets utlendingseining om lage ein oversikt over delegasjonsbesøka til politiinternatet på Trandum for å vise omfanget av den omstridde praksisen.
I brevet til tilsynsrådet skriv Politidirektoratet at «delegasjonsbesøk har vært gjennomført i hele PUs levetid», og opplyser at ein «vietnamesisk delegasjon» blei invitert til Norge hausten 2006. PU blei etablert i 2004.
POD skriv også at «bruken av delegasjonsbesøk har økt de siste årene, og flere tredjeland ønsker å håndtere tilbaketakelse av egne borgere på denne måten».
Men PU vil ikkje gje innsyn i omfanget:
«Me har inga oversikt over det du etterlyser. Det vil krevja ein omfattande manuell gjennomgang for å skaffa dette, noko me per no ikkje har ressursar til å prioritere», skriv Håvard Johnsen Bekk, seksjonsleiar for ID-avklaring i PU, i ein epost til Vårt Land.
Røde Kors med krass kritikk
I arbeidet med representantforslaget invitert Stortingets kommunalkomité til høyring i desember.
Norges Røde Kors har kring 30 frivillige som i grupper vitjar politinternatet opp til sju gonger i månaden.
«Våre frivillige opplever at det skaper stor fortvilelse, frustrasjon og redsel blant de internerte når utenlandske delegasjoner gis tilgang til å gjennomføre intervjuer uten at tolk, advokat eller norsk politi er til stede», skriv Norges Røde Kors i høyringssvaret.
Dei internerte fortel om kaotiske tilstandar, bruk av handjern og tvang for å få fingeravtrykk, melder Røde Kors.
Organisasjonen seier avhøyrspraksisen krenkar grunnleggjande rettar til dei internerte ved at utanlandske styresmakter får «utøve sin myndighet på norsk jord uten at dette kontrolleres».

Snakkar språk politiet ikkje forstår
I desemberbrevet til tilsynsrådet forklarar Politidirektoratet at det er «en del land som ikke ønsker at politiet deltar under fremstillingene, noe politiet må forholde seg til all den tid samtalen skjer som ledd i utenlandske myndigheters vurdering av utstedelse av reisedokument».
POD forklarar også kvifor dei internerte ikkje får tolk:
«Samtalen skjer normalt på utlendingens morsmål. Delegasjonen ønsker gjerne å vurdere språkkunnskapene til den de snakker med siden språk er en del av den enkeltes identitet og regionale tilhørighet.»
Dermed blir det berre dei internerte som kan fortelje kva som var oppe i avhøyra.