I fleire år etter kuppåret 2016 fekk rundt 90 prosent av dei tyrkiske flyktningane som søkte asyl i Norge, innvilga søknaden sin. I 2018 toppa flyktningar frå Tyrkia asylstatistikken i Norge, viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).
Men no opplever fleire å få avslag.
I 2024 fekk 37 prosent av tyrkiske flyktningar asyl i Norge. Det utgjer 106 personar av dei 285 som fekk søknaden sin behandla.
Vårt Land har møtt dei tyrkiske flyktningane Lale Nur Gülenç og Abide Ateş som nyleg har fått avslag på asylsøknaden sin, og som tek saka vidare i retten.
Familiemedlemmene fengsla eller mista jobben
Gülenç kom til Norge for snart to år sidan og Ateş nokre månader seinare. Då var allereie mannen til Ateş, Ømer Erdem, i Norge. Erdem har fått asyl, men Gülenç og Ateş fekk begge avslag av UDI på sine asylsøknadar, og klaga sidan til Utlendingsnemnda (UNE) på vedtaket. Der fekk dei også avslag.
Alle tre fortel at dei er tilknytt og aktive i Hizmet-rørsla, og fryktar for å bli fengsla om dei reiser tilbake til Tyrkia.
Ateş fortel at alle av hennar familiemedlemmer vart arrestert eller mista jobbane sine, og at søstrene hennar måtte flykte til Tyskland på grunn av tilknyting Hizmet-rørsla.

Hizmet-rørsla er ei sunni-islamsk rørsle som legg vekt på utdanning, velgjerd og interreligiøs dialog. Rørsla sine tilhengjarar samlar seg i såkalla «hizmet», som betyr teneste, for samfunnet. Fethullah Gülen, som døydde hausten 2024, er rørsla sin åndelege leiar.
– Eg er redd for å bli tatt av politiet om eg reiser tilbake. Me kjenner ein som fekk avslag på asylsøknaden sin i Norge, og som vart sendt tilbake til Tyrkia. Han vart teken av politiet ein månad seinare, fortel Ateş.
Gülenç fortel at ho budde i ein bustad i Istanbul eigd av personar i Hizmet-rørsla, og at ein dag banka politiet på døra.
– Nokre vart arrestert, medan andre klarte å flykte, fortel Gülenç.
Tyrkisk politi skal også ha ringt og oppsøkt foreldra hennar i Tyrkia for å få vite kvar ho er. I tillegg har Gülenç forklart at ho er blitt angitt av ein kjenning under eit politiavhøyr, og at tyrkiske myndigheiter derfor følgjer med på ho. Ifølgje ein rapport frå Landinfo, er det utbreidd med angiveri i såkalla «terrorsaker» i Tyrkia, altså saker som har med Gülen-rørsla å gjere.
– Folk vert framleis arrestert
Etter kuppforsøket i Tyrkia i 2016, vart fleire tusen tyrkarar med, eller mistenkt, for å band til Hizmet-rørsla, skulda av president Erdogan for å stå bak kuppet. Så langt har myndigheitene ikkje lagt fram bevis for at dette stemmer.
Amnesty rapporterer at rundt 130.000 menneske mista jobbane sine og at rundt 45.000 i åra etter kuppforsøket.
Den tyrkiske innanriksministeren Ali Yerlikaya har fleire gonger på meldingstenesta X skrive at kampen mot det han kallar Gülenist-terroristane kjem til å fortsetje, sjølv om Fethullah Gülen er død.
– Det føregår framleis arrestasjonar i heile landet, seier Erdem, og peiker på at det er naturleg at færre vert arrestert no enn i åra etter kuppforsøket.
– Mange som er tilhengjarar av Hizmet-rørsla, eller skulda for det, er jo i fengsel, i tillegg har mange flykta frå landet. Det er færre å ta av, seier han.
Ville ikkje reist om dei ikkje måtte
Gülenç og Ateş seier dei er fortvila over at dei ikkje vert høyrt.
– Eg forstår ikkje kvifor eg ikkje får asyl når eg er i same situasjon som dei som har fått vern av Norge tidlegare, seier Gülenç.
Det var tungt for dei å reise frå Tyrkia – frå kulturen, familien og landet dei er så glade i.

– Var det eigentleg verdt å reise frå heimlandet vårt om det ikkje var farleg der? Me gir opp heile livet vårt, i tillegg er ruta hit veldig farleg, seier Ateş.
Gülenç nikkar og seier seg einig.
– Me har reist frå heimlandet vårt i kunnskap om at det kanskje er siste gong me ser familien vår, eller får komme tilbake. Det er fordi me fryktar fengsling, seier Gülenç.
UNE meiner Hizmet-tilknytinga er «beskjeden»
Vårt Land har sett avslagsdokumentet frå UNE for både Gulenç og Ateş.
UNE, i likskap med UDI, konkluderer med at det ikkje er risiko for forfølging eller andre alvorlege overgrep dersom Gülenç vender tilbake til Tyrkia. Dei har vurdert det som at Gülenç si tilknyting og aktivitet i Hizmet-rørsla er «såpass beskjeden» at det ikkje i tilstrekkeleg grad er sannsynleggjort at ho vil bli straffeforfølgt ved ein eventuell retur. Både UNE og UDI legg til grunn at det er eit visst sannsyn for at Gulenç kan bli tatt inn til avhøyr av tyrkiske myndigheiter, men at dette ikkje nødvendigvis vil føre til forfølging eller fengsling, og viser til at faren og søstera til Gulenç vart lauslatne kort tid etter fengsling.
I UNE sitt avslag på Ateş si klage, legg dei vekt på at dei meiner at ho heller ikkje har ei tydleg nok rolle i Hizmet-rørsla til at det er fare for forfølging eller fengsling i Tyrkia. I tillegg peiker dei på at det først ikkje vart opplyst om at Ateş og Erdem hadde kjennskap til kvarandre før dei kom til Norge. Derfor meiner UNE at det er eit overvegande sannsyn for at Ates søkte vern i Norge for å bli gjenforeint med Erdem. Dei meiner også at dei to vil gifta seg for at Ateş skulle få bli i landet.
Sjølv seier Ateş at ho ikkje har heldt tilbake informasjon, og at ho heller ikkje har søkt asyl for å bli gjenforeint med Erdem, men på grunn av situasjonen for Hizmet-tilhengjarar i Tyrkia. Dei to møttest i Tyrkia, gjennom Gülen nettverket, og fortel at planen var at dei skulle gifte seg der, men at det ikkje lét seg gjere før Erdem flykta til Norge.

Skreiv bok om tyrkiske flyktningar
– Folk i Hizmet-rørsla vert forfølgt like mykje i dag som tidlegare, seier forfattar Odd Anders With til Vårt Land.
I haust gav han ut boka «Tyrkiske tårer», der han gjennom tyrkiske flyktningar sine historier, eigne erfaringar og fakta skildrar situasjonen til tyrkiske flyktningar med tilknyting til Hizmet-rørsla. With er også tidlegare journalist, KrF-politikar, og har hatt leiarstillingar i mellom anna Blå Kors og Kirkens Bymisjon.

Han meiner det er viktig å få fram at det ikkje har skjedd ei endring i Tyrkia som gjer at det er tryggare for desse flyktningane å returnere.
Tyrkia scorar dårleg på menneskerettar
– Erdogan fengslar og forfølgjer borgarane sine i inn- og utland. Informasjonen mine kjelder fortel stemmer med det Amnesty har rapportert om menneskerettsbrot, seier With.
Han peiker på at landet scorar dårleg på menneskerettar og pressefridom. Tyrkia får mellom anna nest dårlegast karakter på sivile rettar i den internasjonale skalaen for menneskerettar.
With seier at tyrkarar tilknytt Hizmet-rørsla, eller som har vore kritisk til Erdogan, med høgst sannsyn vil bli trakassert, ikkje få seg jobb eller bli forfølgt og fengsla i heimlandet.
Han regarer på at det no ligg signal frå myndigheitene om at ting har gått i ei meir positiv retning i Tyrkia.
– Det er ifølgje mine kjelder, feil. Alle vitna eg har vore i kontakte med, fortel om at ting har vorte verre i Tyrkia, seier han.
Nærmar seg europeisk nivå
UDI stadfestar ar det er færre tyrkiske flyktningar som får innvilga vern i Norge, og at dei no nærmar seg europeisk nivå som er på rundt 20 prosent innvilgelse.
Noko av grunnen til dette, ifølgje UDI, er at det ikkje lenger er ei stor overvekt av personar med Gülen-tilknyting som søkjer vern. I tillegg er det andre grupper av Gülenistar som søkjer, seier dei.
– Dette kan vere barn av personar med tilknyting til Hizmet-rørsla, personar som har sona ferdig dommen sin og personar som har blitt oppsagt og utstøytt frå arbeidslivet, seier Monica Egeberg, einingsleiar i UDI Beskyttelse.
Egeberg seier at det skal meir til for å bli dømt for enkelte grupper med Gülen-tilknyting no enn tidlegare, sjølv om det framleis går føre seg forfølgingar.
– Terskelen er altså heva noko for enkelte grupper med Gülen-tilknytning. Me får mange søkjarar med tilknyting på det lågaste nivået i rørsla og derfor får nokre i denne gruppa no avslag på søknaden sin, seier Egeberg.
70 klaga, ingen fekk innvilga søknaden
Dei som har fått avslag av på asylsøknaden sin av UDI, kan klage på vedtaket til Utlendingsnemnda (UNE).
I 2024 behandla Utlendingsnemnda (UNE) 70 klager frå tyrkiske flyktningar om asylavslag frå UDI, opplyser dei sjølve. Ingen av desse klagene vart omgjort.

– Det er stor variasjon i kvifor klagarar meiner dei treng vern. Derfor vil også UNE si grunngjeving for avslag i ei sak variere, seier einingsleiar i UNE, Linda Kartawich.
---
Asylvedtak og utfall for tyrkiske flyktningar i Norge etter 2016:
- 2017: 129 personar fekk asyl (77 prosent av alle vedtak)
- 2018: 70 fekk asyl (59 prosent)
- 2019: 772 fekk asyl (95 prosent)
- 2020: 291 fekk asyl (90 prosent)
- 2021: 81 fekk asyl (90 prosent)
- 2022: 98 fekk asyl (78 prosent)
- 2023: 202 fekk asyl (65 prosent)
- 2024: 106 fekk asyl (37 prosent)
Kjelde: UDI
---