«Takk for alle donasjoner fra Norge. Denne skolen betyr så mye for oss.»
Ståande utanfor Shilat-akademiet helsar Tamar Samber til dei mange i Norge som støttar byggjeprosjekta til den kristne, konservative Israels-organisasjonen Karmel-Instituttet.
Ho takkar og helsar via bladet Karmel Israel-Nytt. Ho takkar for store summar.
«Karmel i Norge har gitt millioner» til Alonei Shilo, skriv Karmel Israel-Nytt.
Mange er reist etter 7. oktober i fjor
På strategiske bakketoppar på Vestbreidda ligg utpostane. I telt, campingvogner, brakker, murhus bur alt frå nokre få til eit hundretal israelske busetjarar.
Dei legg under seg land – på okkupert land, støtta av Israels sterkt høgreorienterte regjering.
Frå 224 utpostar vaiar det israelske flagget. 46 blei sett opp i 2024, i skuggen av krigen i Gaza, melder organisasjonen Peace Now.
På Vestbreidda, som Israel har okkupert sidan 1967, bur det litt over 500.000 israelarar – i busetjingar og utpostar, som det er stor juridisk skilnad på.
Starta med brakker, no bur det 110 familiar der
Kvinneskulen Tamar Samber studerer ved, ligg i utposten Alonei Shilo. Norske gjevarar har vore med sidan dei første brakkene kom opp i 1999.
«Uten Norge ville det ikke vært noen bosetning i Alonei Shilo», fortel Motti Isaak, talsmann for busetjarane, til Karmel Israel-Nytt.
Ein tidlegare israelsk ordførar i området omtalar Alonei Shilo som «den norske landsbyen».
I dag husar han 110 familiar, eller vel 700 menn, kvinner og barn.
Utpostane byrja å sprette opp etter at Israel og palestinske PLO signerte Osloavtalen i 1993, ein avtale som skulle sikre palestinarane auka sjølvstyre – og på sikt bane vegen for ei tostatsløysing.
– Ta bakketoppane, sa minister
I 1998 kom ordren som sette fart i utpostbygginga, frå forsvarsminister Ariel Sharon, generalen og politikaren som også blei statsminister.
«Alle må opp, springe og ta så mange bakketoppar som de kan for å utvide busetjingane, fordi alt me tek no vil bli vårt … alt me ikkje tek tak i, vil gå til dei.»
Alonei Shilo starta med brakker i 1999.
Utanriksdepartementet: Ikkje gje gåver
I Utanriksdepartementet rettar statssekretær Andreas M. Kravik (Ap) ein åtvarande peikefinger i vêret. Mot dei som gjev rause gåver til israelsk busetjing på Vestbreidda:
«Jeg vil på det sterkeste advare norske aktører mot å gi pengegaver eller engasjere seg i annen aktivitet som bidrar til å opprettholde de ulovlige bosettingene», skriv han til Vårt Land i ein epost.
Han svarar på vegne av utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) som Vårt Land vende seg til med spørsmål om norske pengegåver.
Vårt Land ringjer John Skåland, styreleiar i Karmel-Instituttet:
– Utanriksdepartementet åtvarar mot innsamling av pengar til utpostbygging, kva svarar du?
– Eg brukar ikkje tid på norske styresmakter. Eg har null tillit til Utanriksdepartementet. Dei lever i ei heilt anna verd enn meg.
Eg brukar ikkje tid på norske styresmakter. Eg har null tillit til Utanriksdepartementet. Dei lever i ei heilt anna verd enn meg
— John Skåland, styreleiar Karmel-Instituttet
Har eit heilt anna kart
I John Skålands verd finst ikkje Palestina, på hans kart står det heller ikkje Vestbreidda.
– Områda heiter Judea og Samaria, slik det står i Bibelen.
I dag er han pensjonist. I 32 år arbeidde Skåland i Lund kommune i Rogaland som plan-, nærings- og miljøsjef med ansvar for brannvesenet. Difor gjekk han alltid med vakttelefon.
I 32 år har John Skåland vore styreleiar i Karmel-Instituttet. Han er alltid på vakt for Israel.
Karmel-Instituttet samlar inn store summar til stadig nye bygg i Alonei Shilo. Med hjelp frå gjevarar i Norge har Karmel-Instituttet reist 22 brakker og hus i utposten – og ni fellesbygg, som skulen til Tamar Samer.
Har fått inn nesten 25 millionar i gåver
Dei ti siste åra har Karmel-Instituttet samla inn 24,4 millionar kroner frå kristne Israels-vener i Norge i form av «gaver o.l.», viser årsrekneskapa Vårt Land har summert.
Berre i 2023 fekk organisasjonen inn 2,6 gåvemillionar, eller 600.000 meir enn i 2022.
Nøyaktig kor mykje som er slusa til husbygging i Alonei Shilo, viser ikkje reikneskapa, og styreleiar Skåland gjev ikkje detaljert innsyn i rekneskapen, men organisasjonen snakkar om «millioner».
Utover å støtte utposten på Vestbreidda, brukar Karmel-Instituttet også innsamla pengar på å drifte to bygg dei eig i Israel, Bet Norvegia (Norges hus) i Jerusalem og ei sjømannskyrkje i Ashdod, ein hamneby sør i Israel.
Bet Norvegia tilbyr«overnatting med frokost for Israel-venner».
– Me støttar også nokre busetjingar i Judea og Samaria, fortel Skåland.
– Kor mange støttar opp om arbeidet?
– Me har ikkje medlemsregister, men kring 4.000 abonnerer på bladet vårt, Karmel Israel-Nytt.
Tek med seg kontantar til utposten
Ved fleire høve har styreleiar John Skåland tatt med seg norske kontantar når han har reist til Alonei Shilo med innsamla eller øyremerka gåver frå gjevarar i Norge.
Han forklarar dette med at det er byråkratisk enkelt å ha med seg pengar i kofferten framfor å sende dei via bank – og at det verkar sterkare å gje frå seg norske setlar.
– All utførsel av kontantar er deklarert med Tolletaten, fortel Skåland.
Seniorrådgjevar Julie Vissgren i Tolletaten opplyser i ein epost til Vårt Land at store summar kan førast ut av landet på denne måten:
«Bringer en inn eller ut betalingsmidler (valuta) til Norge, så skal en altså deklarere beløp som er større enn kr 25 000. Det er ingen øvre grense på hvor mye valuta en kan deklarere, men beløp over kr 25 000 vil bli registrert i Valutaregisteret.»
I 2019 hadde Skåland til dømes med seg 745.000 norske kroner til Alonei Shilo.
Judea og Samaria er jødanes land, så dette er Israels land
— John Skåland, styreleiar Karmel-Instituttet
Stolar på landløfta i Bibelen
Styreleiar John Skåland er krystallklar på kvifor dei støttar opp om bureisinga på Vestbreidda.
– Judea og Samaria er jødanes land, så dette er Israels land.
– Korleis då?
– Jødane og Israel har både folkeretten og Bibelen i ryggen.
Karmel-leiaren stør seg særleg på to dokument.
Balfour-erklæringa frå 1917, som sa at «jødanes nasjonale heim» skulle liggje i det seinare mandatområdet Palestina.
San Remo-avtalen frå 1920, som blei ratifisert av Folkeforbundet i 1922. Han lova landet vest for Jordan-elva til jødane.
At Folkeforbundet blei erstatta av FN i 1945 betyr ingenting for John Skåland og Karmel-Instituttet, som trekkjer fram San Remo-avtalen som eit viktig folkrettsleg dokument.
Det bibelske grunnlaget er landløfta i Det gamle testamentet som seier at jødane mellom anna skal råde over Judea og Samaria.
Kan bli kopla til lovbrot
Statssekretær Kravik støttar seg på det verdssamfunnet, med FN i front, har sagt sidan 1967: Folkerettsleg okkuperer Israel Vestbreidda.
Difor peikar han på konsekvensane av å sende pengar til Alonei Shilo:
«Må være oppmerksom på at man kan bli forbundet med brudd på både humanitærretten og menneskerettighetene.»
Dei nye, moderne skulebygga Tamar Samber takkar for, er «stort sett betalt av norske pensjonister gjennom Karmel-Instituttet», opplyser Karmel Israel-Nytt.
Bryr seg ikkje om anerkjenninga av Palestina
I mai i fjor valde Støre-regjeringa å ta steget fullt ut – på vegen mot det utanriksministeren meiner er einaste fornuftige mål: Ei tostatsløysing.
Regjeringa anerkjende staten Palestina, som ikkje har fastsette grenser.
– Ein merkedag i tilhøvet mellom Norge og Palestina, sa Espen Barth Eide.
Styreleiar Skåland i Karmel-Instituttet ser annleis på den saka.
– Kva ei regjering som ikkje ser skilnaden på ein mann og ei kvinne anerkjenner har ikkje noko betydning. For ei sak er heilt klar, det er jødane som har rett til Judea og Samaria, seier han, og held fram:
– Difor er det sterk gjevarvilje mellom dei som støttar Karmel-Instituttets arbeid i området.
Staten har straffa Karmel-Instituttet
I Utanriksdepartementet minner statssekretær Andreas M. Kravik om at staten har straffa Israels-vener som støttar opp om Karmel-Instituttet.
Han minner om kva som skjedde for 12 år sidan:
«Finansdepartementet strøk i 2012 Karmel-instituttet fra ordningen om gavefradrag på skatten, nettopp med henvisning til at de støtter handlinger som er i strid med folkeretten.»
Året etter gav trufaste Israel-vener svar på tiltale. Dei samla inn ein ekstra million kroner til tre nye permanente hus i Alonei Shilo.
«Karmel er den eneste organisasjonen i Norge som har opplevd dette. Men vi tror at Israels Gud velsigner på helt andre måter alle de som setter sin lit til Ham», skreiv John Skåland i årsmeldinga for 2013.
Finansdepartementet strøk i 2012 Karmel-instituttet fra ordningen om gavefradrag på skatten, nettopp med henvisning til at de støtter handlinger som er i strid med folkeretten
— Andreas M. Kravik (Ap), statssekretær Utanriksdepartementet
Ap, Sp og SV gav departement utkastingsrett
Strafferegimet blei varsla i statsbudsjettet for 2012, av Stoltenberg-regjeringa:
«Etter departementets oppfatning er det ikke ønskelig at gavefradragsordningen i skatteloven (...) tilgodeser organisasjoner som aktivt støtter eller medvirker til visse handlinger som er eller kan være i strid med folkeretten», skreiv Finansdepartementet.
I Stortinget blei Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV samde om å endre skatteloven slik at Finansdepartementet fekk det dei ville ha:
«En hjemmel for å utelukke organisasjoner som aktivt støtter eller medvirker til handlinger i strid med folkeretten fra gavefradragsordningen.
Heimelen blei gjeven for «å sikre norsk oppfølging av vedtak av FNs sikkerhetsråd». Med heimelen i ryggen gav Finansdepartementet Skattedirektoratet beskjed om å granske dei skattefrie gåvene til Karmel-Instituttet.
Granskinga sende Karmel-Instituttet ut av ordninga.
Granskar sju Israels-organisasjonar
No har Finansdepartementet på nytt retta søkjelyset mot Israels-organisasjonar:
Den norske Israelsmisjon, Hjelp Jødene Hjem, Hjerte for Israel, Internasjonale kristne ambassade Jerusalem (IKAJ), Ordet og Israel, Jødisk Nasjonalfond og Med Israel for fred fekk i november i fjor brev frå Skatteetaten:
Kva arbeid driv de?
Bakgrunnen for kontrollen er at «Norge besluttet å anerkjenne Palestina som stat», skriv etaten og minner om at FN oppmodar «det internasjonale samfunn til å ikke støtte Israels bosettingsaktiviteter i de okkuperte områdene, da disse anses som brudd på folkeretten».
Meldinga er tydeleg: Finansdepartementet kan «bestemme at en organisasjon ikke kan motta gaver med rett til fradrag for giver, og dermed utelukke organisasjonen fra gavefradragsordningen».
I eit brev til Stortinget forklarar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kva som skjer:
«Undersøkelsene Finansdepartementet har bedt Skatteetaten om å gjøre, er ikke rettet generelt mot organisasjoner som støtter Israel. Undersøkelsene er knyttet til Norges plikt til å følge opp vedtak i FNs sikkerhetsråd.»
Vedum skriv at Skatteetaten ikkje «truer med å utelukke organisasjonene» og at Finansdepartementet ikkje «har noen oppfatning om at noen organisasjoner på lista bryter reglene.»
To ministrar med ein plan
Etter valet seinhausten 2022 fekk to høgreorienterte parti regjeringsmakt i Israel. Leiarane, tryggingsminister Itamar Ben-Gvir og finansminister Bezalel Smotrich, bur begge i busetjingar og har felles sak:
Annektere heile Judea og Samaria, gjere områda til ein del av Israel.
I breidda vest for Jordanelva er det to typar israelsk nærvær: Busetjingar og utpostar.
Busetjingar er lovlege ifølgje israelsk lov, medan utpostar er ulovlege. Begge er brot på folkeretten, seier FN.
Vinteren 2023 blei planen til finansminister Smotrich, som har eit særskilt ansvar for Vestbreidda, avslørt. Organisasjonen Peace Now fortalde at tryggingskabinettet i regjeringa hadde gjort om ni illegale utpostar til ti lovlege busetjingar.
I juni i fjor blei neste steg synleg. Smotrich instruerte departement til å starte å finansiere utviding og nybygging av 70 ulovlege utpostar.
Alonei Shilo er ein av dei 70.
Alle organisasjonar som støttar den ulovlege aktiviteten undergrev aktivt Israels rettssystem
— Mauricio Lapchik, utviklingsdirektør Peace Now
– Dei undergrev aktivt Israels rettssystem
Mauricio Lapchik er utviklingsdirektør i Peace Now. Han forklarar at økonomisk bistand til ulovlege utpostar, frå Norge, ikkje berre er eit brot på folkeretten, men også på dagens israelske lovgjeving.
– Alle organisasjonar som støttar den ulovlege aktiviteten undergrev aktivt Israels rettssystem, seier han med klar adresse til Karmel-Instituttet.
Difor arbeider Peace Now med å få stoppa den ulovlege bygginga i Alonei Shilo, organisasjonen har fremma ei sak for høgsterett.
FN gav Israel eitt års frist
FN har lenge stilt krav til Israel om å avslutte busetjinga på Vestbreidda.
I 2016 vedtok FNs tryggingsråd at busetjingane er i strid med internasjonal rett.
I juli i fjor sa Den internasjonale domstolen (ICJ) at dei israelske busetjarane oppheld seg ulovleg på Vestbreidda, og må bryte opp og reise frå området.
To månader seinare vedtok generalforsamlinga i FN ein resolusjon som krev at Israel avsluttar okkupasjonen av Palestina og trekkjer seg ut frå Vestbreidda innan eitt år.
Norge røysta for resolusjonen.
– «Solidaritetsgåvene» forverrar okkupasjonen
– Sjølv om den noverande regjeringa, den mest pro-busetjar i Israels historie, støttar utpostane, der mange er bygde på palestinsk land, er dette resultatet av ei kriminell regjering leia av ein messiansk koalisjon av lovbrytarar som er blitt lovgjevarar, seier Lapchik.
Peace Now-leiaren er hard med dei norske gjevarane:
– Desse såkalla «solidaritetsgåvene» forverrar den pågåande ulovlege okkupasjonen og forsterkar lidingane til dei som lever under dette regimet.
John Skåland vender det dauve øyra til kritikken frå Peace Now.
– Eg er 100 prosent usamd med alt dei seier. Deira syn er ikkje tufta på Bibelen, Peace Now ligg ute på venstresida i israelsk politikk.
Året 2025 vil, med Guds hjelp, bli suverenitetsåret i Judea og Samaria
— Bezalel Smotrich, finansminister Israel
Sanksjonsloven rammar ikkje Israel-vener
Ny epost med spørsmål sendes til statssekretær Andreas M. Kravik i Utanriksdepartementet.
– Kva er det norske gjevarar som sender pengar til den ulovlege utposten Alonei Shilo, via Karmel, risikerer?
«Norge har sluttet seg til EUs sanksjonsregime mot alvorlige menneskerettsbrudd og -overgrep, som også har listeført enkelte voldelige israelske bosettere og utposter. Det å gi pengegaver til disse er forbudt og kan straffes med bøter eller fengsel med hjemmel i sanksjonsloven», svarar statssekretæren.
Han opplyser at det er PST som er «gitt oppgaven å forebygge og etterforske overtredelser av sanksjonsloven»
Men rammar sanksjonane dei norske, kristne Israels-venene som gjev pengar til Alonei Shilo?
«Siden utposten Alonei Shiloi ikke er listeført under dette sanksjonsregimet, er det ikke forbudt å gi gaver til denne utposten. Norge har ikke et generelt lovforbud mot å gi denne type gaver», vedgår Kravik.
Vonar på Guds hjelp
Utfallet av presidentvalet i USA i november grip rett inn i striden mellom Karmel-Instituttet og Utanriksdepartementet.
Under eit pressemøte i Knesset, Israels nasjonalforsamling, ei veke etter USA-valet, kom finansminister Bezalel Smotrich med ei kunngjering:
Han har starta grunnarbeidet som må til før Israel kan hevde suverenitet over Judea og Samaria.
Smotrich minner om at dei som vil leggje Vestbreidda inn under Israel kom nesten i mål sist Donald Trump var president.
Når han blir sverja inn som USAs 47. president 20. januar, vonar Israels ytre høgre-leiarar at Trump skal gje grønt signal for annektering.
– Året 2025 vil, med Guds hjelp, bli suverenitetsåret i Judea og Samaria, lovar Israels finansminister.
---
Karmel-Instituttet
- Teologen og motstandsmannen Per Faye-Hansen (1916–1992) etablerte bladet Karmel i 1945 og organisasjonen Karmel-Instituttet litt seinare.
- Han guida titusental gjestande nordmenn rundt i Israel.
- Skilnaden på Karmel-Instituttet og andre kristne Israels-organisasjonar er, sa Faye-Hansen, «at vi tror bokstavelig på profetiene» i Bibelen.
- Han la stor vekt på at jødane skal få vende «heim til Israel», og var motstandar av kristen misjon mellom jødar.
- Karmel-Instituttet har i dag ei sjømannskyrkje i hamnebyen Ashdod og studiesenteret Bet Norvegia i Jerusalem.
- Kring 4.000 nordmenn abonnerer på bladet Karmel Israel-Nytt.
---