Frå januar byrjar den kjente lovsangartisten David Andre Østby i ei nyoppretta stilling i Pinsebevegelsen. Det melder Pinsebevegelsen i ei pressemelding.
Den nyoppretta stillinga skal ha fokus på lovsong, og skal gi verdi til storfellesskapet gjennom å skape nettverk, kultur og ressursar, heiter det i stillingsannonsen.
Østby er noverande lovsangleiar og kreativ pastor i Filadelfiakirken i Oslo, ei stilling han skal fortsette i, samtidig som han skal jobbe omkring 20 prosent i den nye jobben i Pinsebevegelsen.
– Skortar ofte på ressursar
– Det blir ei stilling som blir til etter kvart som me går, men har nokre klare målsettingar, seier Østby til Vårt Land.
Han fortel at stillinga mellom anna skal styrkje det kreative arbeidet i lokalkyrkjelydane i Pinsebevegelsen, gjennom musikk og lovsong. Ein måte det kan gjerast på er å byggje nettverk og felles arenaer for folk som driv med lovsong, seier han.
– Me har mange moglegheiter me kan sjå på. Noko av det viktigaste er å gi lokale lovsongsteam trua på seg sjølv og det dei driv med. Her ser me at mange lokalkyrkjer ønskjer å få til mykje i det kreative, men det ofte skortar på ressursar og erfaring, det er nokon me vil endre.
– 50 prosent av gudstenesta består av musikk
Østby seier at i Pinsebevegelsen, som i heile frikyrkjelegheita, spelar musikk ei veldig stor rolle i gudstenesta. Han trur det er eit behov for å jobbe meir intensjonelt med musikk.
– Me gjorde ein test i Filadelfiakirken der eg jobbar, og fann ut at 50 prosent av gudstenesta består av musikk. Då kan me ikkje overlate 50 prosent til tilfelle, me må tenkje gjennom det me gjer og jobbe meir med form, innhald og kvalitet, seier Østby.
Som leiar for lovsongsarbeidet ønskjer Østby gjere det lettare for lovsongsleiarar å ta inn nye songar.
– Det eg kan gjere er å gjere tilgjengeleg ressursar, og i tillegg vil eg oppmuntre kyrkjelydar til å vere seg sjølve og å gjere det beste med dei ressursane ein har, seier han.
Dei lokale kyrkjene i Pinsebevegelsen har full sjølvbestemming over kva musikkform og kva songar dei ønskjer å ta inn, fortel Østby.
– Mange bruker det nye som kjem, medan andre brukar meir tradisjonell musikk. Det trur eg kjem an på kva kyrkjelyd det er snakk om og kva generasjon den som vel ut songar høyrer til, seier Østby.
Østby fortel at det skjer mykje spennande innan musikken i Pinsebevegelsen.
– Mange skriv sine eigne lovsongar, og mykje har høg kvalitet. Det gleder meg som låtskrivar, seier han.
Vil vere ein lovsongspastor for dei som ikkje har ein
– Kristne kyrkjelydar er nærmast talentfabrikkar der unge musikarar og kreative får rom til å utvikle seg. Samtidig ser me at mange kyrkjelydar manglar ressursar på det musikalske området, seier Østby i pressemeldinga.
Han håpar at ein kan satse meir på å gje kyrkjelydar dei reiskapane og ressursane dei treng.
– Eg håpar å kunne vere ein lovsongspastor for dei som ikkje har ein lovsongspastor, seier han.
– Kan bidra til å styrkje lovsangarbeid
Dagleg leiar i Pinsebevegelsen Fred Emil Bjerke er glad for samarbeidet med Filadelfiakirken i Oslo.
– Dette kan bidra til å styrke lovsong- og musikkarbeidet i våre menigheter, seier han i pressemeldinga.