Nyheter

USAs femte framstøyt mot verdas største øy

KAPPLØP I ARKTIS: Rivalane Kina og USA knivar om kontroll. – Grønland er ikkje ei handelsvare eller eit geostrategisk trofé.

Dagen før julaftan ber Aki-Matilda Høegh-Dam, grønlandsk politikar i det danske Folketinget, USAs innkommande president slutte å snakke om amerikansk herredømme over verdas største øy.

Donald Trump har nemleg gjort det igjen – og det er USAs femte framstøyt: meir om det lenger ned.

I eit innlegg på Truth Social, hans eigen sosiale medium-plattform, skreiv Trump sundag at han «av omsyn til tryggleik og fridom over heile verda» meiner at USA bør eige og kontrollere Grønland.

Grønland er vårt. Me er ikkje til sals og vil aldri vere til sals.

—  Múte B. Egede, leiar av Grønlands sjølvstyreregjering

I 2019, medan var president i USA, ville Trump kjøpe Grønland av Danmark.

Han skal ha vore villig til å bla opp ein større eingongssum, samt betale 600 millionar dollar årleg, melde Washington Post.

Ikkje til sals, svarte Danmarks regjering.

Ein svært fornærma Trump avlyste då statsbesøket til landet.

Fem år seinare får han svar på tiltale frå leiaren av Grønlands sjølvstyreregjering, Múte B. Egede:

– Grønland er vårt. Me er ikkje til sals og vil aldri vere til sals.

DT

Der stormakter møtes

Grønland handlar om:

  • Framleis dansk kontroll.
  • USAs militære og sivile interesser.
  • Stormaktsrivalisering i Arktis.
  • Varmare klima som smeltar nordområda.
  • Kampen om verdifulle mineral.

Under andre verdskrig etablerte USA flybasar på Grønland som vakta konvoitrafikken over Atlanterhavet. I tiåra som følgde var Grønland viktig for USAs overvaking av Arktis. Difor blei det bygd opp ein stor amerikansk flybase, Thule. Herfrå skulle USA forsvare Nord-Amerika mot sovjetiske åtak. I dag blir Thule-basen brukt til å overvake luftrommet nord i verda.

I 2020 opna USA eit konsulat i Grønlands største by, Nuuk, for å styrkje det sivile samarbeidet mellom sjølvstyreregjeringa og USA. Same år ytte USA raus økonomisk støtte til gruvedrift, turisme og utdanning.

I haust blei det opna direkte flyrute mellom USA og Grønland.

Global oppvarming skaper nye sjøruter

På Grønland er konsekvensane av den globale oppvarminga godt synleg. Isen er på retur og stadig nye område blir frigjort for til dømes gruvedrift. Samstundes blir det arbeidd med nye maritime ruter.

Resultat: Både USA, Russland og Kina blitt svært interesserte i Grønland.

Øya er rik på naturressursar som olje, gass, gull, diamantar, uran og sink – samt verdifulle jordmetall som mellom anna blir brukte i telefonar, databrikker, batteri og katalysatorar.

Kampen om milliardverdiane i bakken

I 2021 blei eit australsk selskap sendt på dør. Gruveselskapet, som er delvis kinesisk eigd, fekk nei til å utvinne uran.

Opphavleg skulle selskapet starte gruvedrift i eit område som har eit av verdas største funn av sjeldne jordmetall, som er sterkt etterspurt innan elektronikkindustrien.

Ettersom det også er uran i fjellet, ville det ha blitt eit biprodukt, og dette gjorde gruva ulovleg.

USA på si side likar ikkje at kinesiske investeringar på Grønland kan gje Kina innverknad på ei øy som husar viktig amerikansk militærbase.

Difor greip Danmark inn då eit kinesisk selskap ville byggje stor flyplass på Grønland i 2018. København sa nei då regjeringa meinte prosjektet var ei utanriks-, forsvars- og tryggingspolitisk sak. I slike saker har København siste ordet.

is

Norge var ute som kolonisator

Grønland var lenge norsk.

Sagaen seier at Eirik Raude kom til Sørvest-Grønland i 982 og byrja koloniseringa. Tre år seinare kom fleire hundre menneske, husdyr og utstyr på 25 skip frå Norge.

Kristendommen blei innført på byrjinga av 1000-talet, og i 1153 blei det grønlandske bispesetet innlemma i den norske kyrkjeprovinsen. Åtte år seinare blei Grønland frivillig ein del av det norske kongedømmet – og koloniriket i Vesterhavet.

Men ei tid etter svartedauden døydde det norrøne samfunnet på Grønland ut.

Gav ikkje slepp på øya vest i havet

Ein ny epoke blei innleia då den norsk-danske misjonæren Hans Egede etablerte ein misjonsstasjon på vestkysten, i dagens Nuuk, i 1728.

Danmarks kongar slo fast at øya var dansk interesseområde og monopoliserte Grønland då Den Kongelige Grønlandske Handel (KGH) blei skipa i 1776.

I 1814 blei dei siste banda til Norge kutta. I det nordiske oppgjeret etter Napoleonskrigane, Kieltraktaten, måtte Danmark gje Norge til Sverige, men danskane gav ikkje slepp på Grønland.

Verdas største øy var dansk koloni fram til 1953. Då blei Grønland eit amt, eller fylke, og ein del av Danmark. I 1979 blei sjølvstyre innført.

eu

Kjøpe, bytte, kjøpe; sterk amerikansk interesse

USA har vist stor interesse for Grønland lenge før Donald Trump.

I 1867 kjøpte USA Alaska av Russland, og utanriksminister William H. Seward var lysten på å også kjøpe Grønland og Island frå Danmark, men bodet på 5,5 millionar dollar blei aldri offisielt presentert.

I 1910 utforska USA om det var mogleg å byte Grønland mot dei filippinske øyane Mindanao og Palawan, som USA kontrollerte, så skulle Danmark byte øyane med Tyskland for å få tilbake Slesvig, som dei hadde tapt i krigen i 1864, Tyskland på si side var interesserte i koloniar i Stillehavet.

I 1946 tilbaud USA Danmark 100 millionar dollar for Grønland for å byggje militære basar på øya. Danmark sa nei, men signerte leigeavtale om bygging av stor amerikansk base, Thule.

---

Grønland

  • Geografisk er Grønland ein del av Nord-Amerika, men politisk ligg øya i Europa.
  • Grønland er ein del av det såkalla riksfellesskapet: Danmark, Færøyane og Grønland, og har sidan 1979 hatt utvida sjølvstyre. Men den danske regjeringa samt Folketinget i København bestemmer utanriks-, forsvars- og tryggingspolitikken.
  • I år overfører den danske staten eit såkalla bloktilskot til Grønlands sjølvstyreregjering på 6,4 milliardar kroner, summen utgjer halvparten av 2024-budsjettet.
  • 98 prosent av Grønlands samla vareeksport er sjømat, særleg reker.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter