Nyheter

Set spørsmålsteikn ved bruken av israelsk legemiddelselskap

POLITIKK: Geir Lippestad meiner Israelsk legemiddelselskap er med på å oppretthalde israelsk krig og okkupasjon.

På eit skriftleg spørsmål til finansbyråd i Oslo, Hallstein Bjercke (V), spør Geir Lippestad, leiar for Partiet Sentrum (PS), om ein oversikt over alle innkjøp og avtalar Oslo kommune har med det israelske legemiddelselskapet Teva Pharmaceuticals.

Lippestad skriv at kommunen i praksis ikkje kan ha økonomiske bindingar med firma som har produksjon eller annan økonomisk aktivitet i israelsk-okkuperte palestinske områder, ifølgje deira eige regelverk.

«Sørgjer for store inntekter til Israel»

Oslomodellen, som vart vedtatt 4. mai 2023, skal sørgje for eit seriøst næringsliv og består av ei rekkje seriøsitetskrav og krav til vurderingar om varsemd.

Den krev at sosiale og etiske standardar blir følgde i kontraktar der det kan vere brot på menneskerettar, ILO-konvensjonar eller andre internasjonale forpliktingar.

Lippestad skriv i spørsmålet til byråden at Teva «nyter godt av tollmurer og israelske restriksjoner på det palestinske markedet» og at selskapet «sørger for store inntekter til Israel, og er dermed en viktig bidragsyter til Israels krig og okkupasjon».

Lippestad skriv også at Teva tilnærma har monopol på sal av legemiddel i Gaza og på Vestbreidda, og at palestinarar vert hindra i å utvikle sine eigne legemiddel – noko som gjer dei totalt avhengige av Israel for å få nødvendige medisinar.

– Å støtte Teva er å støtte den israelske hæren

– Oslo har ein avtale om å ikkje bruke varer eller tenester som støttar opp under okkupasjonen av Palestina. Dette er eit veldig tydeleg vedtak fra Oslo kommune, seier Kjell Stephansen, nestleiar i Palestinakomiteen til Vårt Land.

Stephansen seier Teva er eit selskap som tener grovt på Paris-protokollen, som er ein del av Oslo-avtalen.

– Dette gjer at Teva har store fordelar på å selje sine medisiner på den okkuperte Vestbreidda. Dette hindrar palestinarar til å utvikle sine eigne legemiddel. TEVA støttar også indirekte den israelske hæren, så å støtte dette selskapet vil vere det same som å støtte den israelske hæren, seier han.

Stephansen meiner det ville vore svært rart om Oslo kommune ikkje legg dette til grunn når dei skal inngå ny kjøpsavtale neste år.

– I så fall bryt Oslo kommune med dei signala utanriksdepartementet har sendt ut – at me skal slutte å samarbeide med selskap som bidreg til den israelske okkupasjonen og krigen. FN er også veldig klar på dette, seier Stephansen.

Teva var eitt av selskapa på den første svartelista til FN over selskap dei ikkje anbefalar internasjonale selskap og statar å investere i. Teva vart seinare fjerna frå lista.

Kjell Stephansen, nestleiar i Palestinakomiteen

Kjøper ikkje direkte

Finansråd Bjercke svarar at Oslo kommune ikkje kjøper produkt direkte frå Teva eller dotterselskapa, og at kommunen heller ikkje har nokon avtale med desse. Men, Oslo kommune har ein samkjøpsavtale om legemiddel, multidosar og farmasøytiske tenester med Apotek 1, og her inngår også produkt frå Teva. Avtalen med Apotek 1 vart inngått i 2021 og varer til 2025.

Bjercke peiker på at Apotek 1 og apotekarbransjen er forplikta til å forhandle alle legemiddel som er godkjente for sal i Norge. Apotek 1 kan altså ikkje bestemme sjølv kva produkt eller leverandørar dei skal bruke – dette vert avgjort ved utskriving av marknadsføringsløyve frå Direktoratet for medisinske produkt (DMP).

Så langt i perioden med Apotek 1-avtalen har kommunen sine verksemder totalt gjort innkjøp for over 93 millionar kroner. Legemiddel frå Teva og dotterselskapa Ratiopharm og Actavis utgjer i overkant av fire millionar kroner av dette, skriv finansbyråden.

– Veldig spesiell situasjon

– Det eg ville med spørsmålet til byråden var å avklare om Oslo kommune driv direkte handel med Teva, seier Geir Lippestad til Vårt Land.

Han seier at han med svaret frå byråden fekk den avklaringa han var ute etter – at kommunen ikkje driv direkte handel med det israelske legemiddelselskapet.

Geir Lippestad har blitt gjenvalgt som partileder for Sentrum.
Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB

– Ein stor innkjøpar som Oslo kommune må heile tida sørge for å tenkje på klima, miljø og etikk når ein gjer innkjøp. Så er situasjonen no ekstra spesiell. FN har vore svært kritisk til krigføringen til Israel og Amnesty kom nyleg med ein rapport som konkluderer med at Israel begår folkemord på palestinarar, seier Lippestad.

Han peiker på at kommunen kunne ha vedtatt ein kjøpsavtale som utelukkar spesifikke legemiddel, for å unngå band til selskap som Teva.

– Men, det må også vere mogleg å handtere innkjøpsreglane. Ein kan ikkje kontrollere alt. Men me veit at kleskjeder og andre store selskap i Vesten har reglar for kvar og under kva forhold ulike produkt vert produsert, så dette er vanleg, seier han.

«Høg risiko for negative konsekvensar»

«Ny konkurranse er kunngjort, og tilbudsfrist er 19. desember. I forbindelse med utlysningen av ny avtale er det gjort flere endringer i tråd med ny Oslomodell», skriv kommunikasjonsansvarleg i bydelsavdelinga for finans i Oslo kommune, Nina Gopinder Pannu, på e-post til Vårt Land.

Vidare viser ho til at det i Oslomodellen står at kommunen i alle innkjøp skal ta omsyn til risiko for brot på menneskerettar, arbeidstakarettar, internasjonal humanitærrett, miljøøydelegging og korrupsjon i leverandørkjeda.

«Ny anskaffelse er utformet i tråd med dette. Nye krav til aktsomhetsvurderinger for ansvarlig næringsliv er tatt inn som kvalifikasjonskrav og kontraktkrav i anskaffelsen. Dette på bakgrunn av risikovurderinger som viser at det er høy risiko for negative konsekvenser for mennesker, samfunn og miljø i produksjon av legemidler», skriv Pannu.

Nokre spør om tilsvarande produkt

Vårt Land har spurt to av dei store apotekkjedene Vitusapotek og Apotek1 om dei har sett ei endring i salet av legemiddel frå Teva.

– Me ser ein liten nedgang på ca. 1 prosent på sal av reseptlagde legemiddel frå TEVA. Me har også opplevd at nokre kundar ber om å få utlevert tilsvarande legemiddel frå andre produsentar, seier Nina Sørlie Nilssen, Kommunikasjonsdirektør i Vitusapotek, i ein e-post til Vårt Land.

Ho understreker at, som apotekkjede, er Vitusapotek forplikta etter Apoteklova til å utlevere alle legemiddel som er godkjent i Norge.

Apotek1 ser i motsetnad ein liten oppgang i salet av TEVA-produkt dei siste to månadane, ifølgje kommunikasjonssjef Mai-Bente Paulsen.

Fleire vil fjerne Teva-produkt

Lippestad er ikkje den einaste som har sett spørsmålsteikn ved bruken av produkt frå Teva. I november skreiv Aftenposten om 75 sjukehustilsette på Oslo universitetssykehus som hadde sendt inn varsel om israelske legemiddel. Dei tilsette ville at sjukehuset skulle slutte å kjøpe legemiddel frå Teva, fordi dei meiner selskapet er med på å oppretthalde Israel sin ulovlege okkupasjon av palestinske område.

Kravet frå dei tilsette på sjukehuset kom ikkje lenge etter at regjeringa fråråda norske verksemder å drive handel som er med på å oppretthalde Israel sin okkupasjon av Palestina.

Teva har i eit tidlegare svar til Dagens Medisin avvist at dei er involvert i menneskerettsbrot.

---

Teva Pharmaceuticals

  • Eitt av verdas største legemiddelselskap
  • Eitt av dei største produksjonsselskapa i Israel
  • Produserer mellom anna legemiddelet Pinex
  • Skulda for å bidra og tene på Israel sin krig og okkupasjon av palestinske område

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter