I Noreg er rundt 100 prestar med i Frimurarordenen

Å, hjelpe meg. Der, midt på gulvet, sto det en likkiste med lokket på, og de Bevoktende Brødre pekte på den med sverdene sine.

Det er midt på 1990-talet. Roger Aase er i starten av 30-åra og ein stadig meir ivrig frimurar. De Bevoktende Brødre er tittelen til to høgtståande frimurarar i den lokale losjen i Trondheim.

Denne kvelden står dei samla i høgtidsstemt alvor. Roger Aase skal takast opp til tredje grad i Den norske frimurarordenen.

Så ser han kista stå der midt i rommet, med gravstøtter sette opp langs veggane.

Teologien er ein saus av alt mogleg rart.

—  Roger Aase, frimurar-avhoppar

«Jeg hadde mest lyst til å kaste opp»

Først blir Roger ført fram til eit alter. Han fell på kne og får beskjed om å legga ei hand på eit sverd som ligg på kryss over ein bibel. Andre handa legg han på ein hovudskalle. Så sverger han eit tausheitsløfte.

De Bevoktende Brødre tek tak i armane hans og ber han baklengs bort til kanten av kista. Dei legg han ned i kista med ei tøyfille over ansiktet.

Jeg var i sjokk. Dette var det siste jeg hadde forventet. Kvalmen veltet opp i meg og jeg hadde mest lyst til å kaste opp.

Der han ligg i kista kan han høyra losjebrørne messa orda Mac Benac som skal bety «kjøttet skil seg frå beina» og Je Hova. Så blir han boren ut av rommet i den opne kista.

Stamhuset, Den Norske Frimuerorden.

Braut tausheitsløfte og gav ut bok

– Om folk hadde visst kva dei gjekk til når dei blir tekne opp i tredje grad, så er det ingen som hadde vore i Frimurarlosjen.

Fjeset til Roger Aase lyser opp på ein mobilskjerm. Det er nesten 20 år sidan trønderen braut sitt tausheitsløfte og gav ut boka Frimurernes hemmeligheter. Utdraga i kursiv er frå boka, som fekk stor merksemd då den kom ut i 2008.

Han vaks opp i pinsekyrkja Betel i Trondheim. I dag er han med i Den norske kyrkja. Frimuraranes forhold til kristendom var noko av det som fekk han til å stussa.

– Teologien er ein saus av alt mogleg rart. Det går mykje i Det gamle testamentet, saman med gammal egyptisk gudstru. Og om alkymi, læra om å laga gull. Frimurarordenen har ein veldig hang mot den katolske måten å sjå livet på.

67-åringen seier at lokale losje-leiarar får ei rolle som Guds stadfortredar.

– Dei skal symbolsk vekka folk opp til ny åndeleg innsikt, som under seremonien med kista.

Stamhuset, Den Norske Frimuerorden.

Avhogga hals, uttrive hjarte

Alle som røper frimuraranes løyndommar, samtykker i at hans «hals afhugges, hjerte uddrives og involde udslite». Det skjer under opptakinga til første grad, fortel Roger Aase.

Det tek han likevel med stor ro.

– No gjer eg det. Det var ei tøff tid det første året etter at boka kom ut.

Roger Aase avhopper Frimurer Frimurar

Han reiste landet rundt med føredrag med boka, og seier at han framleis blir kontakta av folk. Ofte er det koner til frimurarar som ringer.

– Dei vil finna ut kva mennene deira driv med. Dei vert heilt sjokkerte av det eg fortel. Målet mitt er åtvara folk mot å bli med i losjen.

Lukka brorskap opnar dørene

Gardinene til Den norske frimurarordenens hovudkvarter er trekt for. Praktbygget i Oslo sentrum, eit knapt steinkast frå Stortinget, ruver litt avstengt i formiddagssola.

Men Vårt Land har fått audiens i Stamhuset, hovudbygget til Frimurarordenen. I år har det lukka brorskapet feira 275 år i Noreg.

Organisasjonen kallar seg kristen, men har gjennom tidene hatt eit trøblete forhold til Den norske kyrkja. På 1930-talet diskuterte biskopar om det var greitt at prestar var frimurarar.

Men dei seinaste åra har debatten dabba av. Rundt om i landet har fleire lokale kyrkjelydar arrangert gudsteneste i samarbeid med frimurarlosjar.

Kan prestar avlegga tausheitsløfte til andre enn biskopen? Og kor kristen er eigentleg Den norske frimurarordenen?

Vårt Land trykker på ringeklokka for å prøva finna svar.

Kongeleg pomp og prakt

– Velkommen. Me har ein time fram til det skal vera omvising her.

Mannen som opnar, heiter Kristoffer Sandven og jobbar til vanleg som fotograf. Han er pressetalsmann for Den Norske Frimurarordenen, som ofte opnar døra for nysgjerrige.

Stamhuset, Den Norske Frimurerorden.

Til høgre opp marmortrappa ligg Store festsal, som badar i gyllent lys. Dei lyse veggane er pynta med 22 karat gull, og parketten i vakkert mønster er sett saman av russisk eik, tsjekkisk epletre og tropisk pokkentholt. Her er stiletthælar bannlyst.

I festsalen samlast frimurarar og partnarar til storslegne middagar. Då slottet var under ombygging, lånte kongefamilien lokala for å halda fest.

Egyptiske søyler, hieroglyfar og riddarhjelmar

Opp marmortrappa og til venstre ligg den meir lukka delen av bygget. Her møtest frimurarar til seremoniar og påfølgande taffel.

Kristoffer Sandven viser veg frå det eine storslegne rommet til det andre. Dei ulike salane skal representera ulike epokar i den vestlege sivilisasjonen. Her dukkar det opp både egyptiske søyler, hieroglyfar, riddarhjelmar og portrett av framståande frimurarar.

Bruken av gull og brokade gjev ein herleg unorsk, kanskje litt katolsk innverknad. Den norske frimurarordenen er del av eit nordisk fellesskap under det sokalla Svenske Systemet.

– Den svenske kyrkja har ikkje gått gjennom ein like heftig reformasjon som den norske. Det kan forklara kvifor ein har halde på litt meir pomp og prakt enn det som er vanleg i Noreg, fortel Kristoffer Sandven.

Stamhuset, Den Norske Frimuerorden.

Dei som veit, dei veit

Det Svenske Systemet gjer at nordiske frimurarlosjar har eit tydlegare kristent preg enn i andre land. Alle medlemmer må vedkjenna seg si kristne tru. I andre frimurarsystem heldt det å vedkjenna seg til å tru på eit høgare vesen.

Oppe i taket er eit symbol som går igjen, ein trekant med G skriven inn. Vårt Land peiker og spør Kristoffer Sandven om det står for Gud.

– Det kan eg ikkje svara på.

Fleire stader dukkar det opp symbol med daudinghovud.

– Forholdet til døden er noko av tematikken i rituala våre. Å vera medviten døden kan gje deg inspirasjon til å bruka tida du har, på ein betre måte. Korleis rituala omhandlar døden, kan eg ikkje gå inn på.

Hemmeleghaldet er eit viktig pedagogisk grep, forklarar Sandven. Slik blir det ei overrasking når medlemmene går opp i gradane:

– Jesus snakka i likningar. Ikkje alle forstod det, men disiplane forstod. Slik er det også her. Me forstår.

Meiner biskopane må setta foten ned

Geistlege har ei sentral rolle i styringa av Frimurarordenen. I det sokalla Høye Råd skal to av dei 15 møtande vera ordinert prest. Det kan vera prestar frå Den norske kyrkja, i tillegg til Frikirken, metodistar og katolikkar.

– Frimureriet er 100 prosent avhengig av Den norske kyrkja, seier frimurar-avhoppar Roger Aase.

Det Høye Råd skal gje råd til Stormesteren, den øvste leiaren i ordenen.

Stamhuset, Den Norske Frimuerorden.

Roger Aase fortel at prestane blir viktigare når ein kjem høgare opp i gradssystemet. Då blir seremoniane knytt tettare opp til kristendom, og prestane får ei viktigare rolle.

– Når prestar er med i lågare grader, så har dei på seg livkjole og ordensband som alle andre. Frå åttande grad begynner dei med kvite kjolar med stort raudt tempelkors på. Dei har dolk og sverd i ei slire.

Han meiner det er på tide at biskopane set foten ned og seier nei til at prestar i Den norske kyrkja også kan vera frimurarar.

– Ein prest skal ikkje tena to herrar. Det er biskopen i Den norske kyrkja som skal ha styrerett og biskopen anar ikkje kva ein prest i Frimurarlosjen held på med.

Frimureriet er 100 prosent avhengig av Den norske kyrkja.

—  Frimurar-avhoppar Roger Aase

Diskuterte frimurarprestar – ein biskop tok dissens

Temaet som Roger Aase tek opp, har lenge vore betent i Kristen-Noreg.

I 1930 diskuterte bispemøtet følgande forslag:

Bispemøtet må bestemt fraråde prester å bli frimurere eller overhodet slutte sig til hemmelige selskaper, hvis formål ikke kan være dem bekjendt før innmeldelsen.

Oslo-biskopen stod bak forslaget og kom med to grunnar:

  • Som kyrkjelydens tenar er det «utilbørlig» at ein prest sluttar seg til eit selskap som han ikkje kan vita noko om på førehand. Ordenens tausheitsløfte kan koma i strid med kristen overtyding.
  • Frimureriet «er en så omstridt sak» at presten risikerer at kyrkjelyden mister tillit til han.

Tre biskopar stemte for forslaget. Men, det møtte motstand frå Agder-biskopen. Han sa, ifølgje referatet, at han gjentekne gonger hadde undersøkt saka inngåande som utanforståande. Han la ned dissens og bispemøtet konkluderte med:

(...) hver biskop foretar i sitt bispedømme det han finner grunn til.

I nyare tid har tidlegare Møre-biskop Odd Bondevik vore uttalt kritisk til at prestar er med i Frimurarordenen.

Bispemøtet har ikkje diskutert prestars medlemskap i Frimurarordenen i seinare tid. Det skriv noverande generalsekretær i bispemøtet i Den norske kyrkja, Elise Sandnes, i ein e-post til Vårt Land.

18 år med frimurargudstenester i Ås kyrkje

Ein kveld i starten av februar blir lyset sløkt i Ås kyrkje. Soknepresten les dei første tekstane i mørkeret. Så kjem songarar frå Moss Frimurer Sangforening inn i prosesjon medan dei syng «Kyrie».

Kyndelsmesse Ås kyrkje Frimurar Frimurer

Songarane ber med seg lys, som blir tent av to prestar og to frimurarbrør. Den lokale losjeleiaren ønsker velkommen til messa.

Dette er 18. gong at frimurarar samarbeider med den lokale kyrkjelyden om gudsteneste i Ås, ein tettstad i Akershus kommune. Det skriv den lokale frimurarlosjen Sirius på nettsidene sine.

Fleire plassar rundt om i landet har det blitt halde slike frimurargudstenester. Vårt Land har laga denne oversikta basert på opne kjelder på nett:

  • I februar i år inviterte Frimurarlosjen og Alta kyrkjelyd til messe i Nordlyskatedralen, skriv Altaposten.
  • Frimurarlosjen Sirius har fleire gonger arrangert messe og kyrkjedag i Våler kyrkje, Jeløy kyrkje og Råde kyrkje i Østfold.
  • I februar 2018 heldt frimurarar gudsteneste i Nikolaikyrkja i Innlandet. Dette skjedde for åttande år på rad, skriv lokalavisa Hadeland.
  • I 2019 heldt losjen St. Nikolas til det gyldne Anker kyrkjedag i Soli kyrkje i Sarpsborg. Same år vart det for første gong halde frimurargudsteneste i Namsos kyrkje i Trøndelag, ifølgje lokalavisa Namdalsavisa.

Messene er ofte i samband med den katolske festdagen Kyndelsmesse. Dagen 2. februar er til minne om Marias reinsing og framstillinga av Jesus i tempelet. Den vart avskaffa som heilagdag i Noreg i 1771.

Kristian Lassen har vært prest og er aktiv i Frimurerordenen.

– Noregs største kristne mannsarbeid

Novembersola strålar over Bygdøy, ei halvøy nær Oslo sentrum. Inn ei stille gate innramma av styva tre, står rekker med staselege, kvite murbygg.

Kristian Lassen opnar døra til det eine husværet, og inviterer Vårt Land inn. Han er pensjonert prest og har i dag den nest høgaste geistlege posisjonen i Den norske frimurarordenen.

– Frimurarane kjøpte eit stykke land på starten av 1900-talet. På den tida var dette langt utpå landet, seier han og peiker ut vindauget.

Bygdøy husar i dag nokre av Noregs dyraste villaer. Her er også Frimurerhjemmene, som består av rimelege husvære til eldre frimurarar og frimurarenker.

Kristian Lassen har vore frimurar i 42 år, som er lenger enn han har vore prest. Han seier han aldri har hatt problem med å kombinera dei to rollene.

– Frimurarordenen er Noregs største kristne mannsarbeid. Den fører norske menn til kyrkjas dør. Eg kjenner mange frimurarar som er blitt aktive i kyrkja etter nokre år i frimurarlosjen.

Eg har ikkje opplevd noko i Frimurarordenen som strir mot mi kristne tru eller ordinasjonsløfte.

—  Kristian Lassen, frimurar og pensjonert prest

Kallar frimurarprestar for kvalitets-kontrollør

69-åringen viser rundt i husværet, noko som er kjapt gjort. Det enkle eittroms husværet med sovealkove er fylt opp av bøker. På veggane heng måleria tett og føtene blir varma av eit tjukt teppe på golvet.

Det er trongt her, så findressen og den kvite prestekjolen heng i skåpet på Stamhuset. Ved kjøkkenbordet står eit skåp fylt med krystallglas med frimurarsymbol.

Kristian Lassen har vært prest og er aktiv i Frimurerordenen.

Den offisielle frimurar-tittelen til Kristian Lassen er Vikar for Ordenens Høyeste Prelat. Det er den nest høgaste geistlege rolla i Frimurarordenen, og gjev rett å møta i Det Høye Råd.

Kristian Lassen seier frimurarprestane fungerer som ein slags kvalitetskontrollør.

– Prestane skal passa på at frimurarar held oss på den smale sti. At me ikkje forlét det som er god, riktig kristendom.

– Døden er til stades som eit symbol

– Eg har ikkje opplevd noko i Frimurarordenen som strir mot mi kristne tru eller ordinasjonsløfte. Naturlegvis. Elles hadde eg ikkje vore medlem, seier Kristian Lassen.

Han understrekar at ordenen ikkje er eit kyrkjesamfunn med eigne sakrament. Og at tausheitsløfta blir gjort etter ein har vore med på seremonien for å bli teken opp til ny grad.

– Om du ikkje kan stå inne for det du opplever, kan du då trekka deg og ikkje inngå løftet.

Han kjenner seg ikkje igjen i at enkeltpersonar i losjen har posisjon som Guds stadfortredar.

– Det er berre ein person i verda som kallar seg Guds stadfortredar, og han sit i Roma.

– Avhoppar Roger Aase trekker fram ritualet med å bli lagt i kiste og så få ei slags symbolsk oppstanding, som han opplever strir med si kristne tru. Vil du seia noko om det?

– Eg kjem ikkje til å kommentera noko som helst når det gjeld ritual. Men det er jo ikkje rart me snakkar om døden når me snakkar om livet. Det må ikkje forundra nokon.

Stamhuset, Den Norske Frimuerorden.

Han seier at heile målet med tausheitsløftet i Frimurarordenen, er at rituala ikkje skal vera kjende for medlemmene på førehand.

– Rituala skal utfordra deg til å sjå deg sjølv utanfrå. Døden er til stades som eit symbol, for det einaste me kan vera sikra på, er at me skal døy. Det snakkar me om i kyrkja også. Og at det finst noko etterpå. Noko håpefullt.

Eg håper at kyrkjelydane eg møter, vurderer meg ut frå tenesta eg gjer som prest, og ikkje ut frå kva dei eventuelt tenker om det eg brukar fritida mi på.

—  Leif Endre Grutle, frimurarprest og prost i Bergen

Register med 80 prestenamn

Dei siste åra har det blitt færre frimurarar. I 2009 var det over 19.000 medlemmer, ifølgje Aftenposten. No er talet nede i 14.200, opplyser Frimurarordenen sjølv.

Kristian Lassen tek opp ei bok med medlemsregisteret til ordenen, som oppmodar kvar enkelt medlem om å vera open om sin medlemskap.

Han anslår at det i dag er rundt 100 aktive frimurar som også er geistlege i Den norske kyrkje. Han viser fram namna på rundt 80 prestar som står i det offisielle registeret. Dette er folk som har akseptert at namna deira blir offentleggjort.

Prost i Bergen er frimurar-topp

Ein av dei som står på lista, er Leif Endre Grutle. Han står over Kristian Lassen i frimurar-hierarkiet, og har tittel Ordenens Høyeste Prelat.

I tillegg er han prost i Bergen og er del av sentralstyret i Presteforeninga.

– Eg ser inga rollekonflikt mellom å vera prost og ha eit frivillig verv i eit kristent fellesskap som Frimurarordenen. Eg opplever at eg tek vidare det eg jobbar med til dagleg over til ein annan arena, seier Grutle til Vårt Land.

Prost Leif Endre Grutle

Han legg til:

– Eg håper at kyrkjelydane eg møter, vurderer meg ut frå tenesta eg gjer som prest, og ikkje ut frå kva dei eventuelt tenker om det eg brukar fritida mi på.

Han seier han har informert tre biskopar om engasjementet i Frimurarordenen og at han ikkje har opplevd at det har vore eit problem.

– Etter eg vart utnemnd til Ordenens Høyeste Prelat i januar gav eg biskopen tilbod om å fortelje alt ho vil vite og dela ritual og liknande.

Om ordenens tausheitsløfte seier han:

– Du finn krav om tausheit mange stadar i organisasjonslivet, som når ein har forhandlingar. At rituala er ukjende for dei som møter dei for første gong, er noko verdifullt som frimureriet forvaltar.

Stamhuset, Den Norske Frimuerorden.

Fungerande preses kjenner til frimurar-prestar

Vårt Land har kontakta biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, og spurt om hans syn på frimurarprestar. Han er fungerande preses medan Olav Fykse Tveit er i studiepermisjon.

Vårt Land har lagt fram kritikken frå Roger Aase mot at prestar også er frimurarar.

Reinertsen svarar på e-post. Han stadfestar at han veit om prestar som også er frimurarar i Agder og Telemark. Han skriv at frimurarprestar ikkje plikter å melda frå om dette til biskopane. Reinertsen skriv:

«Hvis det kan oppstå konflikt mellom løftene som er avgitt ved vigslingen og medlemskap i ulike organisasjoner, mener jeg det bør drøftes i en samtale mellom biskopen og presten.»

Om samarbeidet mellom lokale frimurarlosjar og lokale kyrkjelydar, skriv Reinertsen at Den norske kyrkja har gode reglar for bruk av kyrkjene:

«Det er biskopen som har tilsyn med bruk av kirkene, og jeg er ikke kjent med at dette har vært et problem i slike samarbeidsgudstjenester med frimurerlosjen.»

Fann støtte blant losjebrør

Sola blenker inn vindauget på eitt-romsen til Kristian Lassen.

Då han gjekk av med pensjon, hadde han rukke å vera kapellan på Hurum, vikarprest i Oslo, og sjømannsprest i Singapore, Brasil og Los Angeles i USA.

Frimurar er han framleis.

– Det har betydd mykje for meg. Ein periode hadde eg det tøft på jobben, eg møtte veggen. Då hadde eg losjebrørne. Dei oppmuntra meg, tok vare på meg og passa på at eg kom meg på møta.

Kristian Lassen har vært prest og er aktiv i Frimurerordenen.

Han vaks opp på Nordstrand i Oslo. Som ung prest var han del av Kirkelig Fornyelse, ein høgkyrkjeleg og konservativ fellesskap som arbeidde for fornya liturgi.

– Eg har alltid likt opne miljø der me får lov å heva stemma. Eg har aldri hatt nokon sans for desse bedehusmiljøa, seier Lassen.

– Nokon vil jo seia at Frimurarordenen er eit lukka miljø. De slepp berre inn menn, og ein må bli tilrådd av andre medlemmer for å bli med.

– Ja, det kan du seia. Men losjen har blitt mykje opnare, seier Lassen.

Han fortel at Frimurarordenen no opnar for å ta inn medlemmer som manglar tilråding frå andre medlemmer.

– Så er det jo ein mannsklubb. Men nokon gonger er det godt å berre vera menn.

---

Den norske frimurarordenen

  • Ein samanslutning av nær 100 frimurarlosjar i Noreg.
  • Feirar i år 275-årsjubileum for stiftinga av den første losjen i Noreg. Sjølve ordenen vart stifta i 1891.
  • For å kunne søka medlemskap, må ein vera mann, minst 21 år, tilrådd av tre medlemmer, vedkjenne seg den kristne tru og ha det som ordenen ser som eit godt omdømme.
  • Blir leia av ein Stormester og rådet hans. Frode Olsbø vart utnemnd som ny Stormester november 2024.
  • Har per 1. januar i år 14.263 medlemmar.

Kjelde: Store norske leksikon og Den norske frimurarordenen

---