– Det var heilt forferdeleg, fortel Nagga Hailemichael til Vårt Land på telefon frå Politiets utlendingsinternat.
Framferda til etiopiske tenestemenn har gjort Hailemichael svært redd og sterkt nedbroten. Det fortel også vener som har snakka med han, til Vårt Land.
Les kva Politiets utlendingseining (PU) svarar lenger ned: Om konfrontasjonen, om maktbruk, om eigedomssal.
Hailemichael er 44 år. Han flykta frå Etiopia som ung tenåring. Han kom til Norge i 2002. I bygda Høsøien i Røros kommune har han etablert seg som bonde, sjølv om han har fått endeleg avslag på søknaden om asyl eller opphald. Han eig ein gard og driv med gris og ulike attåtnæringar.
31. oktober blei han arrestert og kjørt til utlendingsinternatet. Norge vil deportere han til Etiopia.
Framand makt på fengselsliknande internat
Justisdepartementet har opna for ein praksis der delegasjonar frå framande statar får avhøyre flyktningar på internatet, som ligg ved flyplassen på Gardermoen.
Norge har sidan februar prøvd å få deportert ei større gruppe etiopiarar med endeleg asylavslag. Difor er dei blitt internerte.
I november kom ein etiopisk delegasjon for å møte menn og kvinner som har flykta frå Etiopia, mange for fleire tiår sidan.
Møta skal avklare identiteten til flyktningane. Dersom Etiopia aksepterer flyktningane som etiopiske borgarar, får Norge høve til å tvangsreturnere dei.
Praksisen inneber at utanlandske styresmakter kan få avhøyre personar utan advokat, tolk og norsk politi i rommet.
Denne praksisen er ulovleg og bør bli stoppa, seier Tilsynsrådet for tvangsreturer og utlendingsinternatet, som er oppnemnt av Justisdepartementet.
– Det var skremmande
Vårt Land snakka med Hailemichael etter at han nekta å møte tenestemenn frå landet han flykta frå.
– Kva skjedde?
– Dei oppsøkte dei meg på cella. Dei trengde seg på og var svært truande, det var skremmande.
– Kva ønskte dei at du skulle gjere?
– Eg skulle seie meg villig til å reise til Etiopia. Det vil eg ikkje.
Hailemichael har ikkje godkjente identitetspapir som stadfestar at han er etiopisk borgar.
Hailemichael fekk panikk
Advokat Mona Tatou representerer Nagga Hailemichael. Ho har kartlagt kva som skjedde på internatet.
– Hailemichael blei bedt om å komme ut frå cella. Han trudde nokon frå PU skulle snakke med han, men på gangen stod delegasjonen frå Etiopia. Hailemichael gjekk i panikkmodus, for er det nokon han slett ikkje vil møte, er det representantar frå landet han har flykta frå.
Ho fortel at Hailemichael blei «livredd», og ville ikkje ut av cella.
– Men PU insisterte på at Hailemichael skulle møte delegasjonen frå Etiopia. I 20–30 minutt heldt dei på.
Delegasjonen var seks frå Etiopia og fleire frå PU. Med seg hadde dei ein tolk, seier advokaten.
– Etter ei tid blei eg kontakta av PU på telefon, men eg var i retten og hadde ikkje høve til å komme til internatet.
– Kva ville PU deg?
– Dei ville at eg skulle overtale Hailemichael til å samarbeide med delegasjonen. I ettertid har eg fått opplyst at dei vurderte å bruke makt for at møtet skulle finne stad.
– Kva var ditt svar?
– Eg kan ikkje tvinge klienten.
– Blei det brukt makt?
– Ifølgje Hailemichael blei det brukt makt.
Advokaten: – Han ber på mange traume
– Kva blei sagt til Nagga Hailemichael?
– Fleire ting, mellom anna at eit sal av eigedommen på Røros kunne bli ordna, slik at han skulle få med seg pengane.
Ho fortel at målet med møtet var å stadfeste at Hailemichael er etiopiar, slik at han kan tvangssendes til Etiopia.
– Har Hailemichael klaga på hendinga i ettertid, til PU, og meldt at han opplevde seg trua?
– Nei. Men ein må forstå kva som skjer når ein person som har flykta brått møter representantar for landet han har flykta frå og ikkje vil tilbake til. Hailemichael ber på mange traume, under åra på flukt, før han kom til Norge i 2002, blei han mellom anna utsett for tortur.
Tilsynsråd dømmer praksis ulovleg
Om denne praksisen – at framande statar kan få avhøyre flyktningar utan advokat, tolk eller politi – seier Tilsynsrådet:
«(...) anser praksisen som problematisk og ulovlig», og «De internertes rettsikkerhet er tilnærmet ikke-eksisterande under de aktuelle samtalene.»
I eit brev til Politidirektoratet ber rådet om at direktoratet syter for at «den aktuelle praksisen opphører.»
I same brev opplyser rådet at PU har ønskt å vere «til stede under samtalene», men at «en del land» «ikke ønsker dette».
Tilsynsrådet finn det «oppsiktsvekkende» at «norsk politi på norsk institusjon» let seg dirigere av utanlandske delegasjonar.
Advokat Mona Tatou ber justisministeren lytte til Tilsynsrådet.
Politiet: Han sette seg til motverje
Då Nagga Hailemichael nekta å møte den etiopiske delegasjonen, blei det ein konfrontasjon på internatet.
Då kontakta PUs tilsette, som var saman med delegasjonen, jourhavande jurist i PU. Dei var villige til å bruke makt for å få Hailemichael til å møte den etiopiske delegasjonen. Kontakten til jourhavande skulle avklare om det var greitt.
– Kvifor var PU villig til å bruke makt i denne situasjonen?
Seksjonsleiar for ID-avklaring i PU, Håvard Johnsen Bekk, svarar Vårt Land i ein epost:
– Personen pliktar å bidra til å avklara eigen identitet og å få utskrive reisedokument slik at han kan returnera til Etiopia. Han sette seg til motverje, og det stemmer at politiet vurderte å bruka makt for å få gjennomført samtalen med delegasjonen, skriv Bekk.
Han forklarar at maktbruken må vere forsvarleg, og at politiet må alltid prøva å nytte minst mogleg inngripande tiltak for å få gjennomført tenestehandlinga, men at maktbruk er heimla i både politilova og politiinstruksen.
– Blei det brukt makt frå PUs side i eit forsøk på å få Hailemichael til å møte den etiopiske delegasjonen?
– Politiet brukte ikkje makt i samband med Negas samtale med delegasjonen, skriv Bekk.
Hailemichael sjølv brukar førenamnet Nagga. Domstolen og politiet brukar både Naga og Nega.
Etiopisk delegasjon ønskte å selje gard
– Kor vanleg er det at PU brukar makt for å få internerte til å møte utanlandske delegasjonar som skal avklare identitet på internatet?
– Dei aller fleste utlendingane som blir framstilte for styresmaktene til heimlandet for å få utskrive reisedokument, gjennomfører dette utan at det er nødvendig for politiet å måtta bruka makt.
– Under konfrontasjonen blei det sagt ein del, mellom anna at eit sal av eigedommen til Hailemichael på Røros kunne bli ordna, slik at han skulle få med seg pengane – underforstått: til Etiopia. Kven sa dette, PU eller den etiopiske delegasjonen?
– Me er kjende med at sal av eigedommen var ein del av samtalen mellom utlendingen og delegasjonen. Det var vår oppfatning at delegasjonen ville uttrykkja at dei gjerne ville hjelpa. Bistand til sal av eigedom ligg utanfor mandatet til politiet, skriv Bekk.
Åtvarar mot utviklinga i Etiopia
Om Etiopia melder menneskerettsorganisasjonen Amnesty dette i ein fersk landsanalyse:
– Etiopia har gått inn i en ny æra av ignorering av nasjonale, regionale og internasjonale menneskerettsplikter. I løpet av dei siste fem åra har vilkårlege masseforvaringer blitt brukte som politiske verktøy for å tagne fredeleg opposisjon, ofte under dekke av omfattande unntakstilstandslover, seier Tigere Chagutah, Amnestys regiondirektør for aust – og sørlege Afrika.
Om tilhøva i Etiopia i dag, melder Utlendingsnemnda: «Etter de positive endringene i 2018 har det vært en økning i etnisk motivert vold og konflikter. Under og i etterkant av uroligheter, har opposisjonelle, aktivister og journalister blitt utsatt for reaksjoner.»
Ap-ordførar er opprørt
– Det er totalt uforståeleg at justisministeren kan tillate denne praksisen, seier Isak V. Busch til Vårt Land.
Ap-ordføraren i Røros kommune omtalar møta mellom dei internerte og dei etiopiske delegasjonane som «rettstomme rom».
Busch omtalar Nagga Hailemichael som sambygding:
«Han har bodd på Røros i over 20 år, og livnærer seg som bonde og alt muligmann. Han har et stort kontaktnett, bidrar som frivillig på en rekke områder, betaler sin skatt og er rørosing god som noen», skriv alle partia i Røros kommunestyre i eit felles opprop.
Mehl nektar å gripe inn
Justisminister Emilie Mehl opplyser at det ikkje er aktuelt for henne å gripe inn:
«Departementet er ikke kjent med sakens fulle faktum eller de juridiske vurderinger som er foretatt», skriv ho i eit brev til Stortinget etter at SV tok opp praksisen.
Difor er det «ikke naturlig å vurdere eller ta stilling til ev. oppfølging av saken fra departementets side på nåværende tidspunkt», skriv Mehl vidare.
SV ber Stortinget om hjelp
Praksisen som er avdekka på Politiets utlendingsinternat har fått fire parti til å fremme eit representantforslag i Stortinget.
Ap-Sp-regjeringas budsjettpartnar SV krev saman med KrF, Raudt og MDG at «den ulovlige avhøyrspraksisen ved Trandum utlendingsinternat vert stilt i bero» til lovverket er endra.
Regjeringa må sikre dei som blir låst inne på internatet «grunnleggjande rettstryggleik», krev dei fire partia. Så er ikkje tilfelle i dag, skriv dei.
– Eg vonar partia får gjennomslag, seier Ap-ordførar Busch i Røros.