Nyheter

Kristne, jødiske og muslimske leiarar ropar høgt nei mot assistert sjølvmord

DØDSHJELP: Kvinna med prestekrage fortel at ho som kristen støttar retten til å få assistanse til å døy.

300 millionar menneske har i dag rett til assistert sjølvmord, melder kampanjen Dignity in Dying.

Dei bur i land, regionar og delstatar som har gjort assistert sjølvmord for alvorleg sjuke lovleg.

Fredag kan vel 57 millionar borgarar i England og vel tre millionar i Wales få den same retten.

Kristne, jødiske og muslimske leiarar ropar eit høgt varsku – og ber dei folkevalde i det britiske parlamentet om ikkje å gjere assistert sjølvmord lovleg.

«Sjølv når dei er omgjevne av kjærleg familie og venner, kan folk mot slutten av livet framleis kjenne seg som ein byrde», og difor kan ein «rett til å døy» altfor lett ende med «at du har ei plikt til å døy», seier religiøse leiarar i eit nasjonalt opprop.

nei

Vil stille strenge vilkår

Dødshjelp omfattar såkalla aktiv dødshjelp og assistert sjølvmord.

Aktiv dødshjelp inneber å ta livet av ein person etter personens frivillige førespurnad – på visse vilkår.

Assistert sjølvmord er å hjelpe ein person til å ta sitt eige liv – på visse vilkår.

Fredag røystar det britiske parlamentet over eit lovforslag som kan gjere det siste lovleg.

Vilkåra i forslaget er at dei er ulækjeleg sjuke, eldre enn 18 år, er mentalt tilreknelege, har seks månader att å leve.

Er me budde på å setje av nok ressursar for å gje ei best mogleg omsorg ved livets slutt for alle – slik at me alle kan døy i Guds gode tid med trøyst og med vørnad?

—  Elizabeth A. Burroughs, lege

Uro mellom folk med og utan tru

Dei som innfrir alle vilkåra skal kunne be om hjelp frå ein lege slik at dei kan ta sitt eige liv.

«Våre pastorale roller gjer oss djupt urolege for kva innverknad lovforslaget vil ha på dei mest sårbare», åtvarar dei religiøse leiarane i oppropet, og legg til:

«Dette er ei uro me veit blir delt av mange menneske, med og utan tru.»

To fagforeiningar er nøytrale

Lovoppmjukinga har engasjert breitt, mellom dei er fleire britiske legar.

Elizabeth A. Burroughs, pensjonert lege og aktiv i ei metodistkyrkje, skriv i lokalavisa Voice at ho eit samfunn blir målt på måten me tek vare på dei sårbare, somdei med dødelege sjukdommar.

«Det er på tide at me tek ein ærleg sjekk på kva type helsehjelp me er villige til å betale for. Er me budde på å setje av nok ressursar for å gje ei best mogleg omsorg ved livets slutt for alle – slik at me alle kan døy i Guds gode tid med trøyst og med vørdnad?»

Foreiningane som organiserer britiske legar og sjukepleiarar stiller seg nøytrale i lovstriden, melder BBC.

fri

Får lov til å la samvitet avgjere

Lovforslaget blei fremma av Kim Leadbeater frå regjeringspartiet Labour-partiet. Statsminister Keir Starmer støttar lovendringa, men har fristilt alle Labour-representane i parlamentet.

Dei får lov til å la samvitet avgjere røystinga.

Eit liknande lovforslag er til behandling i Skottlands sjølvstyreforsamling.

I Norge vil eit fleirtal i Venstres programkomité greie ut assistert sjølvmord. Dermed kan Venstre bli parti nummer to som programfester ei form for dødshjelp. I dag seier Framstegspartiet ja til aktiv dødshjelp i prinsipprogrammet.

Lovleg i fleire land i Europa

Blir assistert sjølvmord lovleg i England og Wales, kjem talet på borgarar som har denne retten opp i vel 360 millionar.

Desse landa, regionane og delstatane tillèt assistert sjølvmord:

  • Sveits
  • Austerrike
  • Canada
  • Spania
  • Tyskland
  • Colombia
  • New Zealand
  • USA: 11 delstatar
  • Australia: seks delstatar
  • Nederland, Belgia og Luxemburg tillèt også aktiv dødshjelp.
Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter