Nyheter

– Det er heilt fantastisk å kunne vere forelder

STATSBUDSJETT 2025: Finansministeren bad par ha meir sex for å sikre landet fleire barn. KrF vil i haust gje barnefamiliar raust meir pengar for at foreldre skal bli yngre og flokken større.

– Sjå!

Ida Lindtveit Røse finn fram ein fotball for å vise kva triks ho har lært seg, i sommar, i leik med barna. I same stortingsmøterom er også Dag Inge Ulstein, KrFs fungerande leiar

– Me har sju barn til saman, og ikkje for å snakke for deg, Dag Inge, men eg trur ikkje at grunnen til at me har fått fire og tre barn er for å redde staten Norge. Det var ikkje mitt fremste insentiv – det er fordi det er heilt fantastisk å kunne vere forelder.

Med høgre og venstre fot let nestleiaren i KrF ballen danse rundt i møterommet.

Akkurat som ho og Ulstein dansar med familiemilliardane i forslaget til KrFs alternative statsbudsjett, som blir lagt fram torsdag, i sin heilskap.

– Me vil leggje til rette for at folk skal kunne få det talet barn ein ønskjer, når ein ønskjer det, seier dei to.

Men satsinga har ein pris – meir om det seinare.

Dag Inge Ulstein og Ida Lindtveit Røse om å gi støtte til foreldre som får tredje og fjerde barn.

KrF: Fleire må få høve til å bli unge foreldre

Med hjelp av 5,7 milliardar kroner vil KrF ha på plass ein heilt annan familiepolitikk.

Det skal bli mogleg å bli foreldre tidleg i vaksenlivet – og få større barneflokkar.

Sjølv er nestleiar Røse mor til tre barn medan leiar Ulstein er far til fire.

Røse forklarar kva KrF vil endre:

– Når me ser på dagens ordningar er dei innretta slik at det vil lønne seg aller best å få barn når ein er 50. Då har ein etablert seg, har hus, bil, fast jobb. Men då må det for dei aller fleste eit mirakel til. Dersom ein kan få det til. KrF ønskjer å snu dette.

Me vil leggje til rette for at folk skal kunne få det talet barn ein ønskjer, når ein ønskjer det

—  Ida Lindtveit Røse og Dag Inge Ulstein

Norges fertilitet stuper

Statistisk sentralbyrå fortel oss at i Norge blir det født stadig færre barn.

I 2013 blei 58.995 nyfødde ført inn i folkeregisteret. I fjor gjekk talet markant ned, til 51.980.

I 2013 fødde kvar kvinne 1,78 barn. I fjor berre 1,40.

Byggjeklossar til nesten seks milliardar

I forslaget til statsbudsjett for 2025 er dette byggjeklossane i KrFs familiepolitikk, som skal freiste sårt tiltrengte veljarar:

  • Barnetrygda opp til 2.000 kroner i månaden for barn under seks år – i dag er satsen 1.766 kroner.
  • Prisjustert sats for dei over seks år.
  • Dobbel barnetrygd for barn nummer tre, fire, fem og utover, samt prisjustering av barnetrygda.
  • Auke foreldrefrådraget til 50.000 kroner for barn ein og to og 100.000 for barn tre og oppover – i dag er det opp til 25.000 for første barn og 15.000 for kvart av dei neste.
  • Foreldrepengar for alle, minimum 3G frå 1. juli 2025 – 1G er 124.028. Foreldrepengar erstattar inntekta når ein er heime med barn ved fødsel eller adopsjon. KrFs forslag inneber også at dagens eingongsstønad forsvinn.
  • Studiestøtte på 2G i 12 månadar for studentar med barn.

Samla prislapp: vel 5,7 milliardar kroner.

Ha sex, seier Sp: – Blir ganske provosert

I Støre-regjeringa har både barne- og familieministeren og finansministeren vore ute med svært så direkte oppmodingar til norske par:

– Eg vil at nordmenn får fleire barn, sa Kjersti Toppe til VG i vår.

– Ha sex saman, sa Trygve Slagsvold Vedum til VG i sommar.

Oppmodingane forargar Ida Lindtveit Røse:

– Eg blir ganske provosert som kvinne av slike bodskapar. For mange er det ikkje så veldig enkelt å berre gå og få barn. Og det er økonomiske kostnadar ved det.

– Vår oppgåve som politikarar er ikkje å seie at folk skal få barn, vår oppgåve er å leggje til rette for at folk kan få barn – og at folk kan få barn når dei har lyst til å få barn.

Akkurat no handlar det utelukkande om å løfte KrF og få innflyting gjennom at me blir store

—  Ida Lindtveit Røse

Mange treng meir enn billegare barnehagar

Difor, seier Røse, vil KrF bruke nesten seks milliardar meir på familiepolitikk.

– Men regjeringa senkar maksprisen i barnehagen og gjer SFO gratis?

– Ja, dette er gode endringar for middelklassen. Men dei som verkeleg treng det, dei får jo ingenting. For dei har jo allereie lågare pris i barnehagane. Vår modell gjev både auka barnetrygd og høgare foreldrefrådrag, seier Røse.

Ulstein hiv seg innpå. Han viser til Tyskland, der justerer politikarane opp barnetrygda.

– Så det er ikkje slik at det er uprøvd, det me gjer no.

Det som ikkje er svært utprøvd er det KrF vil gjere for å hente inn milliardane som skal betale familiesatsinga i neste års budsjett.

Folkehelseavgiftene skal opp. Det betyr at KrF vil auka statens avgifter på sjokolade, sukkervarer, alkohol, snus og tobakk, milliardar skal inn i statskassa.

Dag Inge Ulstein og Ida Lindtveit Røse om å gi støtte til foreldre som får tredje og fjerde barn.

I KrF har dei eit mål

– Dette foreslo KrF i fjor også, såg me nokon gong i åra til Solberg-regjeringa at KrF fekk gjennomslag for å auke desse utgiftene, eller er dette nybrotsarbeid i ei eventuell ny regjering?

– Eg tenkjer ikkje så mykje på regjering, vedgår Røse.

Akkurat no handlar det faktisk om heilt andre ting.

– Akkurat no handlar det utelukkande om å løfte KrF og få innverknad gjennom at me blir store.

Men Røse meiner å ha sett eit tidsskilje:

– Familiepolitikken har hatt ein renessanse langt utover sentrum.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter