Denne veka ville Sondre Grimstad Sukka sjekka status på eit mykje delt abortopprop. Han opna nettsida abortgrensen.no medan han var kopla til internettet til Stranda vidaregåande skule.
Ei feilmelding lyste opp på skjermen: Sida var blokkert. Oppropet er laga av Menneskeverd, og protesterer mot at abortgrensa skal utvidast til veke 18.
– Eg sende ein SMS til Menneskeverd og fortalde om saka. Dei bad meg prøva å opna kvinnebevegelsens opprop, seier Sondre Grimstad Sukka til Vårt Land.
Fleire kvinneorganisasjonar står bak eit opprop til støtte for ny abortgrense. Denne nettsida fekk han til å opna.
– Eg synest det var rart at skulen blokkerte den eine sida og ikkje den andre, seier Sukka.
Menneskeverd tipsa Vårt Land om saka.
Fylkeskommune vil hindra svindel
Når Vårt Land kontaktar IT-avdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, kjem svaret på kva som har skjedd:
Abortoppropet til Menneskeverd er nytt på nettet.
IT-sjef Dagfinn Grønvik forklarer at Fylkeskommunen har eit nettfilter som automatisk blokkerer nettadresser som er oppretta innan den siste månaden.
– Grunnen til at desse blir blokkert dei første dagane, er at «vondsinna» aktørar ofte opprettar nye domene berre for å svindla personar, skriv Grønvik i ein e-post.
Han skriv at slike sider blir blokkert for å hindra at tilsette og elevar blir lurt eller svindla. Nettadressa til oppropet som støttar ny abortlov, er ikkje så nytt at det hamnar i filteret.
Fylkeskommunen tek no grep, og har fjerna blokkeringa på abortgrensen.no.
– Ytringsfridom står sterkt, og det ligg ikkje til Møre og Romsdal fylkeskommune si rolle å sensurera eller blokkara legitimt innhald, skriv Grønvik.
Det gleder Sondre Grimstad Sukka:
– Det er fint at dei sørger for at også vår stemme kan blir høyrt. Det er fint at dei ryddar opp når dei ser det har skjedd ein feil.
Når han sjekkar nettsida på skulenettet torsdag føremiddag, får han opna sida.
Støttar ei abortgrense ved veke 12
16-åringen er mot forslaget om å liberalisera abortlova.
– Det viktigaste er at me også varetar fosteret i ei ny abortlov. Eg synest det er best med ei abortgrense ved veke 12.
Han underteikna abortoppropet etter å ha sett eit Instagram-innlegg frå kristenprofil Thomas Neteland. Han er forkynnar, lovsongsartist og kommunikasjonsleiar i Pinsebevegelsen i Noreg.
Thomas Neteland har sagt til Vårt Land at endringa av abortlova er «noko av det viktigaste som skjer i politikken i Noreg akkurat no».
Sondre Grimstad Sukka er medlem i KrFU og går til vanleg på Vestborg, ein kristen internatskule på Stranda i Møre og Romsdal.
Han får undervisning i nokre fag på den offentlege vidaregåande skulen på Stranda. Det var her han opplevde å ikkje få opna nettsida til Menneskeverd.
Skal gje underskrifter til Stortinget
Torsdag rundt lunsjtider har 52.464 personar underteikna oppropet mot ny abortlov.
Morten Stærk i Menneskeverd seier oppropet vil vera ope fram til neste helg. Då vil Menneskeverd legga fram underskriftene for Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
Tysdag 3. desember skal Stortinget stemma over ny abortlov. Forslaget om å utvida abortgrensa til veke 18 ligg an til å bli vedteke, men marginane er usikre. Stemmer frå enkeltrepresentantar kan bli avgjerande.
Også på motsett side engasjerer saka. Kvinnerørsla har laga eit opprop til støtte for ny abortlov. Torsdag har den fått inn 7.002 underskrifter.