Nyheter

Senterungdommen vil at skular skal tilby skulegudsteneste

UTDANNING: Senterungdommen droppar forslag om obligatorisk deltaking på skulegudsteneste. Kompromissforslag vart vedteke.

Under Senterungdommens landsmøte i helga vedtok ungdomspartiet følgande:

«Det skal vera obligatorisk for skulane, både i grunnskule og vidaregåande, å tilby kristen skulegudsteneste».

Politisk utval hadde foreslått at deltaking på kristen skulegudsteneste skulle vera obligatorisk, men dette fekk dermed ikkje fleirtal.

Vårt Land har tidlegare omtala forslaget om å gjera deltakinga obligatorisk.

Kompromiss-forslaget som vann fram, kjem frå Senterungdommen Møre og Romsdal. I grunngjevinga skriv Møre og Romsdal at:

«Me ynskjer ikkje å tvinge fram at ein skal gå i kyrkja, og har meir lyst at skulane skal tilby skulegudsteneste».

Landsmøtet valde også Nils Forren til ny leiar. Han tek over etter Andrine Hanssen-Seppola.

Fleirtalet i valkomiteen hadde innstilt Erik Lillebakken som ny leiar, medan Nils Forren var innstilt av eit mindretal i komiteen.

Nils Forren kjem frå Heim kommune i Trøndelag. Han har tidlegare gjort seg bemerka med ein kronikk om kor mykje han misliker Arendalsuka.

Nils Forren
Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter