Nyheter

Splitta i synet på Trump som fredsapostel

NY USA-PRESIDENT: Medan ein kristenleiar har tru på at Donald Trump kan skape fredeleg sameksistens i Midtausten, har ein annan veik von om betre kår for palestinarane.

– Då Donald Trump var president dansa jødar og muslimar saman i Dubai, minnest Dag Øyvind Juliussen.

– Men palestinarane skulle bli gøymde vekk i bantustans, påpeikar Trond Bakkevig.

Bantustan var reservat som den sørafrikanske staten oppretta for svarte i apharteidåra.

Juliussen og Bakkevig snakkar begge om konsekvensar av Donald Trumps innsats som fredsskapar i Midtausten då han var president i åra 2017–2021.

Dei ser svært ulikt på kva som kan skje når Trump vender tilbake til Det kvite hus i januar, som USAs 47. president.

Trond Bakkevig

Har blikket festa i Midtausten

Både Dag Øyvind Juliussen og Trond Bakkevig har følgt Donald Trump over tid. Først som president, no som presidentkandidat.

Juliussen er dagleg leiar i Internasjonale Kristen Ambassade Jerusalem (IKAJ), ein norsk filial av den globale organisasjonen med same namn.

Bakkevig er prost emeritus, eksleiar i Mellomkyrkjeleg råd og tidlegare fredsdiplomat i Israel og Palestina – han var lenge Convener of the Council of Religious Institutions of the Holy Land, noko som betyr at han fasiliterte og heldt oppe samtalane om fred og sameksistens mellom religiøse leiarar.

Historiske avtalar blei signerte

– Trump har ikkje sagt noko om kva Midtausten-politikk han vil føre som president, seier Juliussen.

Men dersom ein legg til grunn kva han utretta, som president, er det grunn til optimisme, meiner han.

IKAJ-leiaren peikar på det Trump fekk på plass hausten 2020:

Abraham-avtalane – ein serie avtalar som normaliserer tilhøva mellom Israel og fire sunnimuslimske land, Dei sameinte arabiske emirata, Baharein, Marokko og Sudan.

Abraham-namnet har avtalane etter stamfaren til jødedommen, islam og kristendommen.

Har tru på Trump

– Me har ikkje sett makan til avtalar i Midtausten. Det handla ikkje berre om fråværet av krig, men bar bod om fredelegare sameksistens. Handelen blei styrkja, akkurat som turismen. Og Saudi-Arabia var svært nære å signere avtalen, noko som ville betydd svært mykje for tilhøva i Midtausten, seier Juliussen.

– Men så kom 7. oktober. Hamas’ åtak på Israel torpederte alt saman.

No har Juliussen von om at Midtausten-politikken Donald Trump kjem med neste år kan skape grobotn for fredelegare sameksistens i regionen som har vore herja av krig i 13 månader.

Me har ikkje sett makan til avtalar i Midtausten. Det handla ikkje berre om fråveret av krig, men bar bod om fredlegare sameksistens

—  Dag Øyvind Juliussen, dagleg leiar i IKAJ

Skulle gøyme ei gruppe

Trond Bakkevig ser eit anna bilete.

– Eg ser ikkje optimistisk på at Donald Trump kjem tilbake som president i USA, eg ser lite von.

Også han trekkjer fram Abraham-avtalane når han snakkar om Trumps Midtausten-politikk.

– Han fekk avtalane på plass, men dei fekk følgje av ein plan der palestinarane skulle bu i enklavar, dei skulle bli gøymde i bantustans.

«Hundreårets avtale» blei avvist

I 2020 la Trump fram det han «hundreårets avtale» for Israel og Palestina. USA støtta Israels krav på store delar av Vestbredden, landet skulle få annektere kring 60 prosent. Palestinarane skulle få sjølvstyre i eit lappeteppe av mindre landområde. Planen sa ingenting om ei tostatsløysing.

Palestinarane avviste fredsplanen. Allereie i 2017 nekta dei å ha noko å gjere med USA for Trump anerkjende Jerusalem som Israels hovudstad.

Tilhøva blei forverra då Trump i 2018 flytta USAs ambassade frå Tel Aviv til Jerusalem, og anerkjende dei syriske Golanhøgdene som israelsk territorium.

– Under Trump fekk palestinarane aldri vere med å bestemme noko sjølv, andre skulle bestemme for dei, seier Bakkevig.

Donald Trump sendte dottera Ivanka Trump til opninga av USAs ambassade i Jerusalem. Her avdukar ho ein plakett på ambassademuren som heidrar faren.

Fersk bok er eit frampeik

Bakkevig meiner ei fersk bok er eit frampeik på Trumps Israel-Palestina-politikk. Forfattaren av One Jewish State – Ein jødisk stat heiter David Friedman og var president Trumps Israel-ambassadør.

– Friedman tek i boka til orde for at Israel kan annektere Vestbreidda.

Etter år som tilretteleggjar av samtalar mellom religiøse leiarar har Bakkevig eit breitt kontaktnett i Palestina.

Han fekk avtalane på plass, men dei fekk følgje av ein plan der palestinarane skulle bu i enklavar, dei skulle bli gøymde i bantustans

—  Trond Bakkevig, tidlegare fredsdiplomat

Biden ikkje ei stor stjerne

– Kva tenkjer folk på bakken om ein ny periode med Trump?

– Det vil ikkje gjere ein skilnad for oss, seier mange. Biden er ikkje ei stor stjerne mellom palestinarar, seier Bakkevig, og forklarar det med at USA under president Joe Biden har vore og er ein sterk støttespelar for Israels statsminister under krigen i Gaza.

Bakkevig er redd den kommande Trump-administrasjonen vil kutte USA økonomiske støtte til UNRWA, FNs hjelpeorganisasjon for palestinarar.



Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter