Utlendingsnemnda sa nei, Suel Kassembo har ikkje rett på opphald i Norge.
Kassembo svarte med å stemne staten. Først tapte han i Oslo tingrett. No har han også tapt i Borgarting lagmannsrett.
«Lagmannsretten ser ikke andre feil ved UNEs beslutning om ikke å omgjøre avslaget på søknaden om opphold begrunnet i sterke menneskelige hensyn», heiter det i dommen som kom tysdag.
Det var NRK som først melde at Suel Kassembo tapte ankesaka.
– Det var veldig overraskande. Då må vi vurdere å anke, seier Arild Humlen til NRK. Han er Kassembos advokat.
Det var veldig overraskande. Då må vi vurdere å anke
— Arild Humlen, advokat
Gjekk inn i kyrkje
Suel Kassembo kom til landet for 20 år sidan og søkte asyl. Men utlendingsforvaltninga meiner at han ikkje kjem frå Burundi, slik han hevdar, ei heller at han var i livsfare i Burundi grunna farens politiske aktivitetar.
I nyttårshelga gjekk Kassembo i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje på Sunnmøre. Han ønskte ikkje å bli tvangssendt ut av Norge.
Kassembo har budd på Sunnmøre sidan han var ein ung gut.
Domstolen tvilte ikkje
Lagmannsretten skriv at ankesaka var enkel å avgjere:
«Saken har ikke budt på tvil på noen av tvistepunktene og har ikke reist uavklarte spørsmål av prinsipiell interesse. Lagmannsretten kan ikke se at Kassembo hadde god grunn til anke tingrettens dom. Det er for lagmannsretten ikke ført nye bevis som var egnet til å endre tingrettens vurdering».
Meiner saksopplysningar ikkje stemmer
Dommen listar opp forhold som ikkje talar for at Suel Kassembo kjem frå det sentralafrikanske landet Burundi:
- Manglande språkkunnskapar.
- Ingen namn på slektningar eller familiemedlemmer i området.
- Manglande utskrifter frå lokalt folkeregister.
- Identifikasjonspapir som ikkje ser ekte ut.
- Tvil om at foreldra og ei syster blei drepne på grunn av sitt politiske engasjement.
Har pengar til høge rekningar
Suel Kassembo blei tysdag også dømt til å betale sakskostnader på 108.000 kroner.
Støttegruppa på Sunnmøre hjelper han med rekninga. Dei har samla inn kring 500.000 kroner i samband med rettssakene.
Kassembo kom til Norge i 2004 som blindpassasjer ombord i ein båt. Han fekk avslag på asylsøknaden, men kunne ikkje sendast ut av Norge, sidan utlendingsforvaltninga ikkje kunne dokumentere kva land han kjem frå.
Justisministeren opna for maktbruk
Då han gjekk i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje, varsla politiet at dei prøver å snakke Suel Kassembo ut av kyrkjeasylet – og: fører ikkje dialogen fram, er politiet budde på å bruke makt.
Politimeister Ingar Bøen fortalde Vårt Land i januar at «det kan bli aktuelt å gå inn i kyrkja etter kvart».
Justisminister Emilie Mehl (Sp) oppheva i april i fjor instruksane og retningslinene som i 30 år hadde hindra politiet i å gå inn i kyrkjer og hente ut kyrkjeasylantar med makt.
Meldinga til kyrkjelydar som opnar dørene for kyrkjeasyl og støttespelarar som stiller opp, var tydeleg:
«Det vil fremover ikke lenger være særskilte retningslinjer for fremtidig uttransport av personer som har tatt opphold i kirker. Det betyr at om det skulle oppstå nye tilfeller av kirkeasyl, skal sakene løses i tråd med politiets vanlige rutiner.»
KrFs partileiar ber politiet halde seg unna
Dag Inge Ulstein, fungerande leiar i KrF, seier til Vårt Land at at han fryktar at kyrkjerommet «vil bli krenka» etter lagmannsrettsdommen.
«Suel Kassembos sak er dypt tragisk, og jeg frykter nå at han vil bli hentet ut av kirkeasylet med tvang. Regjeringens beslutning om å tillate politiet å gå inn i kirker for å hente ut mennesker er et brudd med en lang og viktig tradisjon. Jeg ber innstendig om at respekten for kirkeasylet opprettholdes, og at Suel får bli i fred», skriver Ulstein i ein epost til Vårt Land.
KrF-leiaren meiner Kassembo bør få bli i landet i og med at han har budd her halve livet og yter «positive bidrag til samfunnet».