Gaza har nokre av dei eldste kyrkjene og moskéane i verda. No ligg mange av dei i ruinar etter ein krig der minst 42.500 palestinarar og over 1200 israelarar er drepne.
Ifølgje den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera har israelske bombeangrep heilt eller delvis øydelagt 825 moskéar og tre kyrkjer i Gaza i løpet av det siste året. Nettstaden brukar pressekontoret i Gaza som kjelde.
UNESCO har undersøkt 120 satellittbilete av kulturinstitusjonar i Gaza, og stadfesta at 69 av dei er øydelagde. Dette inkluderer blant anna 10 religiøse institusjonar. Bileta dei har studert har dei fått av FN-tenesta Unitar, sidan det er umogleg å gjere eigne vurderingar «på bakken».
Kven får ansvaret for å byggje opp att desse religiøse bygga?
Eit landemerke i Gaza by
Blant dei bygga som er øydelagde er den eldste moskéen i Gaza, Omari-moskeen, som vart treft av eit israelsk luftangrep i byrjinga av desember 2023. Etter åtaket gjekk store delar av biblioteket i moskéen tapt, meldte NTB.
Moskéen er ein av dei viktigaste og største historiske moskéane i Palestina, og ligg i hjartet av gamlebyen, i nabolaget Daraj i Gaza by. Moskéen dekkjer eit område på 4.100 kvadratmeter og er kjent for den solide konstruksjonen, vakre marmorsøylene, inskripsjonane og dekorasjonar som stammar frå mamlukane og dei osmanske epokane, ifølgje organisasjonen Heritage for Peace.

Omari-moskéen skal ha vorte bygd i etappar og hatt ulike bruksområde gjennom historia. Moskéen var opphavleg eit filistertempel, deretter bygd om til kyrkje, og sidan som moské frå 1200-talet, ifølgje same organisasjon.
Moskéen har vorte øydelagt fleire gonger i ulike konfliktar, blant anna under første verdskrig i eit britisk artilleribombardement i 1917, men har vorte reist att kvar gong, ifølgje BBC og The New York Times (NYT). Namnet har moskéen fått etter den andre kalifen i Islam, Omar.
Truleg tredje eldste kyrkja i verda
I same nabolag som Omari-moskéen, ligg også komplekset med den historiske gresk-ortodokse kyrkja Sankt Porfyrios. Kyrkja er den eldste som er i bruk i Gaza, og truleg ei av dei eldste i verda.

Kyrkja vart opphavleg bygd i år 425 etter Kristus, men på 1100-talet bygde krossfararar ei ny kyrkje på same stad. Kyrkja har gjennom fleire hundre år vore ein samlingsstad for ortodokse kristne i Gaza, og har vorte brukt som tilfluktsstad for kristne og muslimar på flukt, ifølgje Store Norske Leksikon (SNL).
20. oktober 2023 vart eitt av dei fire bygga i kyrkjekomplekset treft av israelske bomber. Ifølgje Al Jazeera hadde fleire hundre menneske søkt tilflukt i kyrkjebygget, og minst 18 vart drepne. I juli 2024 vart kyrkja råka av endå eit israelsk åtak, skriv World Council of Churches.
– Ein del av identiteten
– Kulturminne i Gaza, som i resten av Midtausten, vitnar om mange lag av historie. Omari-moskéen, til dømes, var opphavleg bysantinsk kyrkje, som vart bygd om fleire gonger, sist som moské på 1200-talet. Fleire av desse bygga er på UNESCO si verdsarvliste, fortel Toufoul Abou-Hodeib til Vårt Land.

Ho er professor i historie med ekspertise på Midtausten og materiell kultur ved Universitetet i Oslo.
Abou-Hodeib seier at Identiteten til palestinarane har vore truga heilt sidan 1948, og at slike kulturminne derfor har ein eigen verdi for befolkninga. Det knyter identiteten deira til ein stad, seier ho.
– Sjølv om palestinarar har andre større bekymringar for tida, er dei også opptekne av at eigen historie og identitet blir øydelagt. Religiøse stader, særleg moskéar, oppfyller fleire roller i samfunnet. Dei er ein stad for læring, filosofisk tenking og ein sosial møtestad. Befolkninga mister dermed den sosiale funksjonen moskéar oppfyller, seier professoren.
Tradisjonelt har også moskéar og kyrkjer vore stader der folk kan søkje tilflukt, ifølgje Abou-Hodeib. Ho seier at det framleis er tilfelle for kyrkjer i Gaza, men ikkje for moskéane, grunna gjentekne åtak på desse.
Meiner Israel har ansvaret
I Gaza har øydelegging av religiøse bygg skjedd før, blant anna i 2014, då fleire moskéar vart øydelagde av israelske styrkjer under den militære aksjonen kalla Operation Protective Edge. Operasjonen var eit svar på rakettar frå væpna grupper på Gazastripa mot Israel, ifølgje SNL. Dette førte til store sivile lidingar og materielle skader i Gaza.
– Israel burde ha ansvaret for å byggje opp det dei har øydelagt, men det ansvaret har dei ikkje teke før. Då har det vore opp til eksterne givarar og det internasjonale samfunnet å byggje opp, seier ho.
Abou-Hodeib peikar på at det aldri vore øydeleggingar på nivået ein ser i Gaza no, og mange plassar kan ein ikkje byggje på nytt, fordi det er svært gamle kulturminne.
Religiøse bygg skal ha særskilt vern
Religiøse bygg skal, ifølge Genève-konvensjonane, ha særskilt vern. Sør-Afrika har, som kjent, klaga Israel inn for Den internasjonale domstolen (ICJ) for brot på folkemordkonvensjonen, og øydelegginga av palestinsk kulturarv er eit av krigsbrotverka dei skulda Israel for. Klagen, eit dokumentet på 84 sider, nemner både Omari-moskeen og Sankt Porphyrius-kyrkja spesifikt.
Israel har på si side hevda ei rekkje gonger at Hamas brukar moskéar, og andre bygg som sjukehus og skular, til militær verksemd. Det har ikkje komme dokumentasjon på at dette stemmer.
– Eg ser på øydelegginga av religiøse stader i Gaza som ein del av eit kulturelt folkemord som er med på å øydeleggje palestinsk identitet. Det er ikkje tilfeldig at Sør-Afrika si skulding om brot på folkemordkonvensjonen også dreg fram øydelegginga av religiøse stader, seier Abou-Hodeib.
---
Gudshus øydelagde på Gazastripa:
- Det er eit stort sprik mellom talet øydelagde religiøse bygg, Al Jazeera melder om 611 øydelagde moskéar og 214 delvis øydelagde, samt 3 kyrkjer. UNESCO seier dei har stadfesta at 10 religiøse bygningar (moskéar og kyrkjer), men seier samtidig at å utføre granskingar på bakkeplan i Gaza er umogleg for dei no.
Kjelde: Al Jazeera og FN
---