Ei undersøking frå Frelsesarmeen sitt fattigdomsbarometer viser at maten har vorte så dyr at barnefamiliar tvingast til å kjøpe eller velje mindre sunn mat, skriv NTB. I tillegg viser same undersøking at nær 14 prosent av foreldra har hoppa over måltid det siste halve året, fordi dei ikkje har råd.
– Det er sjokkerande kor tafatte regjeringa har vore i kampen mot fattigdom. Spesielt når 40 prosent oppgir å ikkje ha råd til å følgje kosthaldsråda, seier Dag Inge Ulstein, leiar for Kristeleg Folkeparti.
Trur ikkje regjeringa har skjønt alvoret
Han meiner det er umogleg å tru at regjeringa har forstått alvorlegheitsgraden når dei kuttar barnetrygda med ca. 800 millioner i forslaget sitt til budsjett, og ikkje prioriterer minstepensjonistane.
Ulstein peikar på at det vart 12. 400 færre fattige barn i landet i åra 2020 til 2022, samanlikna med åra 2018 til 2020.
– SSB seier det i stor grad er fordi barnetrygda auka den same perioden, som KrF kjempa på plass, seier Ulstein og legg til:
– KrF ba regjeringa om konkrete tiltak allereie i 2022, då me såg pilane byrja å gå i feil retning. Tiltaka regjeringa har kome med sidan har vore lite målretta eller blitt nulla ut ved kutt i blant anna barnetrygd, fritidskort og kontantstøtte.
Nær halvparten har hoppa over måltid
Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) har i ei utgreiing anmoda at sosialhjelpssatsane må aukast for å sikre forsvarleg livsopphald. Utgreiinga er basert på svar frå 1.511 noverande og tidlegare mottakarar av økonomisk sosialhjelp, tjue djupneintervju med sosialhjelpsmottakarar og seks intervju med Nav-leiarar.
– Ein av tre har ikkje hatt råd til å ete ein fullverdig middag kvar dag, og om lag halvparten har hoppa over måltid eller ete mindre enn ønska, seier Silje Skuland, forskingsleiar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet på universitetet sine heimesider.
Same utgreiing viser at over 40 prosent av dei spurde sosialhjelpsmottakarane har svart at dei ikkje har råd til å følgje kosthaldsråda, og nær halvparten seier at dei ikkje har økonomi til å byte ut utslitte klede og sko.
– På høg tid å gjere noko
Presserådgjevar i Frelsesarmeen Håkon Løtveit synest tala som kjem fram i deira undersøking og tala frå SIFO er svært alvorlege.

– Vår undersøking er eit svar frå heile befolkninga, og me veit at dei me i Frelsesarmeen møter, og som slit økonomisk, har det endå verre. Det er folk som legg seg svoltne og som kjøper mindre mat, fordi dei har dårleg råd. I tillegg er den maten ein då kjøper ofte meir usunn, fordi det er billigare. Det er dyrt å følgje kosthaldsråda i Norge, seier Løtveit til Vårt Land.
Han seier ein av konsekvensane kan vere at folk ender opp i ein såkalla fattigdomsspiral, der dårleg råd fører til dårlege vanar, dyre lån og dårlegare psykisk helse. Frelsesarmeen meiner i likheit med SIFO, som har konkludert med at det ikkje er nok sosialhjelp for forsvarleg livsopphald, at sosialhjelpssatsane må opp.
– Me meiner det er på høg tid å gjere noko med desse satsane, slik at folk kan få eit verdig liv, seier Løtveit.
– Start med å slutte og kutte
Framstegpartiet (FrP) kritiserte også regjeringa og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i onsdagens sprøjetime på Stortinget, skriv NTB.
– Finansministeren sitt skrytebilde er at ein familie har spart 60.000 kroner sidan 2021, men det er jo ikkje alle som pendlar, er fagorganisert, har to barn i SFO eller i barnehage, slik han føreset. Men sjølv ein slik familie kjem no vesentleg dårlegare ut, sa finanspolitisk talsperson Hans Andreas Limi i Frp.
Finansministeren svarte at regjeringa har teke ei rekkje grep retta mot barnefamiliane i årets og neste års statsbudsjett.
Beskjeden frå Ulstein til regjeringa er klar:
– Eg håpar regjeringa snart lyttar til råda dei får, for det er det ikkje mangel på. KrF har foreslått auka barnetrygd, innføre eit fritidskort, bedre strømstøtte og å fjerne moms på frukt og grønt. Dei kan starte med å slutte å kutte i barnetrygda, seier KrF-leiaren.
---
Frelsesarmeen sitt fattigdomsbarometer (tredje kvartal):
- 45 prosent av barnefamiliane har kjøpt mindre mat eller mindre sunn mat siste halve året, samanlikna med 37 prosent for heile befolkninga.
- 14 prosent (13,6) av foreldra har hoppa over måltid i same periode fordi dei ikkje har råd, mot 11 prosent (10,7) i heile befolkninga.
- Over 4 av 10 seier dei har fått dårlegare råd det siste halve året, og kvar femte nordmann slit med å få endane til å møtast.
Kjelde: Frelsesarmeen
---