Nyheter

Mora til Issam er på flukt: – Det blir blodbad om Israel invaderer

ANGREP: Issam (63) er bekymra for mora som er på flukt i Libanon. Elisar (28) sit klistra til telefonen og har vanskar med å konsentrera seg.

– Mamma er sjuk og gammal, men klar i hovudet.

Issam Mohamad Mroueh står framfor ei langstrekt bokhylle omkransa av klatreplantar. Han fortel om mora. Ho er 87 år og vart denne veka flyktning i Libanon.

Han bur her, i bydelen Torshov i Oslo. Men litt av hjarta hans er heime i Libanon. Der vaks han opp og der bur mor og fire søsken. Alle er no på flukt frå Israels bomber.

– Familien min i Libanon veit ikkje kva som skjer i morgon. Dei lever berre for i dag.

Fryktar full krig i Libanon

På telefonen får Issam Mohamad Mroueh bilde og livsteikn frå familien. Han er uroa for alle, ikkje minst for mora. Ho er no på flukt med eine sonen sin.

Dei har rest nordover, vekk frå grensa til Israel. No bur dei hjå slektningar i ein by 30 kilometer sør for hovudstaden Beirut.

– Det er vanskeleg å flykta når alt er kaos. Å leiga bil kostar hundrevis av dollar, bensin er dyrt, det er vanskeleg å få tak i mat. Og det er ikkje trygt å flykta.

Førebels har angrepa frå Israel komme som massive luftangrep og samanstøyt i Sør-Libanon.

Issam fryktar ein fullskala krig i heimlandet.

– Det blir blodbad om Israel invaderer Libanon.

Norske libanesere lever i limbo. Issam (63) er bekymra for mora som er på flukt.

Finn støtte i broren i Noreg

Issam tek opp telefonen og ringer broren Nizam, som også bur i Noreg.

– Me har jobba i lag i mange år. Han er like mykje ein ven som ein bror for meg.

Brørne snakkar ofte saman, dei oppdaterer kvarandre på korleis det går med søskena og mora. Familien er spreidd utover ulike stadar i Libanon, og det er vanskeleg for brørne å halda oversikt over alle.

Nizam sukkar i telefonen.

– Du veit ikkje kven du skal bry deg mest om, kven du skal bekymra deg mest for.

Om lag 1,2 millionar av Libanons 5,5 millionar innbyggarar har flykta frå heimane sine på grunn av Israels angrep, ifølge den libanesiske regjeringa.

Norske libanesere lever i limbo. Issam (63) er bekymra for mora som er på flukt.

Nesten 6.000 i Noreg med familieband til Libanon

Krigshandlingane i Libanon påverkar mange som bur i Noreg.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det i dag 3.800 innvandrarar frå Libanon i Noreg. I tillegg er det 1.900 nordmenn med libanesiske foreldre.

Mellom sistnemnde er 28 år gamle Elisar Sayegh.

– Det påverkar kvardagen veldig. Eg sit klistra til telefonen og synest det er vanskeleg å konsentrera meg.

Elisar Sayegh i Batroun, kystby i Libanon.

Elisar Sayegh er fødd og oppvaksen i Noreg, med libanesiske foreldre. På julaftan pleier dei å sjå midnattsmessa frå Libanon på fjernsyn, medan dei et julemat.

– Me i familien er ikkje kristne, men me er libanesarar. Me er stolte av at me kjem frå eit land med mange ulike religiøse sekter, og me er med på alle sine feiringar. Å sjå på midnattsmessa frå Libanon eller feira Id er ein måte å føla oss nærare heim på, seier ho.

Fryktar eit nytt Gaza

No er det dystrare bilde frå foreldras heimland som dukkar opp på skjermen til Elisar Sayegh. Bilde av eksplosjonar og røyk og soldatar.

Storfamilien hennar er i Libanon. Ho held kontakten med besteforeldre, tanter og onklar og søskenbarn via mobilen. Førebels har dei ikkje måtte flykta frå heimane sine.

– Me ser korleis ting har utvikla seg i Gaza det siste året. Me er redde for at det kan bli ein liknande situasjon i Libanon, seier ho.

Norske libanesere lever i limbo. Issam (63) er bekymra for mora som er på flukt.

Peikar på kolonihistoria i Midtausten

Tilbake i stova til Issam Mohamad Mroueh står TV-en på. På skjermen kjem bilde av Irans rakettar som haglar over Israel.

Angrepet er del av ein eskalerande valdsspiral i Midtausten.

Ifølge Iran var rakettangrepet over Israel ei gjengjelding for Israels likvidering av Hamas-leiar Ismail Haniye, Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah og den iranske generalen Abbas Nilforoushan.

– Alt begynte eigentleg i 1956, seier Issam og ser bort på fjernsynet.

Han snakkar om konflikten rundt Suez-kanalen, då Israel, Storbritannia og Frankrike angreip Egypt.

63-åringen har skrive to bøker på arabisk om libanesisk historie. Dei har han gjeve ut sjølv, men den eine har Nasjonalbiblioteket i Noreg kjøpt fleire eksemplar av.

Han meiner mange av problema i dagens Midtausten har røter tilbake til Europas kolonisering og skiftande løfter til både palestinarar og jødar.

– Kolonifortida har vore med på å skapa etniske skiljelinjer som er der den dag i dag.

Norske libanesere lever i limbo. Issam (63) er bekymra for mora som er på flukt.

Ber Israel stansa krigane

I ei skuffe på eit storslått skrivebord ligg bunkar med papir. Det er notat til ei ny bok som Issam jobbar med. Boka tek utgangspunkt i dagboknotat frå det siste året. Uroa i Midtausten har fått han til å skriva meir.

Det siste året har han gått i fleire demonstrasjonar i Oslo til støtte for palestinarane på Gaza.

– Det er ikkje mange libanesarar som likar palestinarar. Men eg har vore engasjert i deira sak.

Han er sjølv kommunist med bakgrunn frå Libanons kommunistparti PCL. Dei har vore allierte med palestinarane, under Libanons lange historie med krig og konflikt.

Han meiner Israel no sit med nøkkelen til fred.

– Mange uskuldige barn er drepne. Først i Gaza, no i Libanon. Israel har rett til å eksistera. Men dei må stoppa desse krigane.

---

Krig og borgarkrig i Libanon

  • Libanon gjekk gjennom ein øydeleggande borgarkrig frå 1975 til 1990, som førte til 150.000 drepne. Konflikten sto mellom ein koalisjon av høgreorienterte kristne grupper på den eine sida, mot Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) alliert med venstreorienterte og muslimske grupper på den andre.
  • I 1978 invaderte Israel Libanon, som svar på at PLO utførte militære aksjonar mot Israel frå Sør-Libanon. Invasjonen gjorde at FNs sikkerheitsråd vedtok å senda ein multinasjonal fredsbevarande styrke, UNIFIL, til regionen.
  • I 1982 invaderte Israel igjen Libanon med mål om å driva ut PLO. Målet vart nådd raskt, men israelske styrker vart verande i Sør-Libanon fram til 2000, med støtte frå lokale kristne militsar.
  • Etter 1985 har den sjiamuslimske, Iran-støtta militsen Hizbollah blitt ein maktfaktor i Libanon, særleg sør i landet. Hizbollah har væpna militsar, men driv også sosialt arbeid og politikk, og er representert i det libanesiske parlamentet.
  • I 2006 invaderte Israel Sør-Libanon i eit mislykka forsøk på å overvinne Hizbollah.

Kjelde: Store Norske Leksikon

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Erlend Berge

Erlend Berge

Erlend Berge er fotojournalist i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter