Nyheter

Misjonærsonen Martin er lege i Gaza. Han finn styrke i eit bibelvers

KRIG: Til vanleg er trebarnsfaren Martin Bøhler kirurg i Kristiansand. No har han arbeidd på den krigsherja Gazastripa.

– Eg opplever at Gud er her.

Martin Bøhler har på seg grøn legekittel og kikar inn eit mobilkamera. I to veker har han jobba på eit sjukehus på den krigsherja Gazastripa.

Han har sett alvorleg krigsskadde barn koma inn på båre. Nokon av dei var døde alt då dei kom inn. Kollegaane hans bur i telt, fleire har mista heile familien sin. Ingenting rokkar ved gudstrua til den norske kirurgen.

– Det er mykje gruvsamt som skjer her. Men eg opplever ikkje noko truskrise. Gud er her og lir med dei som har det vondt. Vondskapen plasserer eg i menneskes val og ei fallen verd.

Me manglar heilt grunnleggande medisinsk utsyr. Det kjennest enormt frustrerande og meiningslaust.

—  Martin Bøhler

Manglar medisinsk utstyr

Den norske kirurgen har reist til Gaza gjennom den norske hjelpeorganisasjonen Norwac. Vårt Land snakkar med han tysdag, dagen før han skal reisa tilbake.

Han fortel om vanskelege arbeidsforhold, sidan mykje medisinsk utstyr ikkje slepp gjennom grensekontrollen.

­– Me manglar heilt grunnleggande medisinsk utstyr. Det kjennest enormt frustrerande og meiningslaust. Utstyr som kompress og sterile frakkar kan ikkje brukast til å laga bomber, seier han.

Til vanleg er trebarnsfaren kirurg i Kristiansand. Dei siste to vekene har han jobba ved European Gaza Hospital, eit av dei gjenverande offentlege sjukehusa på den krigsherja Gazastripa.

Martin Bøhler er kirurg og har jobba på Gaza i to veker

– Me har måtte utsetta operasjonar fordi me manglar medisinsk utstyr. Eller me har måtte brukt same operasjonsfrakk fleire gonger, som gjev risiko for spreiing av smitte.

– Kva gjer mest inntrykk på deg?

– Å sjå alvorleg skadde og døde barn. Å møta barn som har mista begge foreldra, som er heilt åleine. Barna har ikkje vald denne situasjonen. Det gjer ekstra inntrykk når eg har tre barn heime.

Denne veka offentleggjorde styresmaktene på Gazastripa ei liste med namn på nær 35.000 drepne palestinarar. 710 av dei namngjevne ofra er under eitt år, og 11.355 er barn og ungdommar under 18 år.

Hyller sine palestinske kollegaer

Rundt skuldra har Martin Bøhler ein bag med mat og drikke, som alle tilsette må ha i tilfelle dei må evakuera.

Han er svært imponert over sine palestinske kollegaer, som no har jobba i krig i 11 månader.

– Dei er utslitne. Berre ein av mine kollegaer bur i hus, resten bur i telt. Mange har mista store deler av familien. Samstundes stiller dei opp for oss utanlandske kollegaer, dei inviterer oss på middag, dei veit ikkje kva godt dei kan gjera for oss.

Vanleg palestinsk helsepersonell har måtte bli ekspertar på krigskirurgi.

– Eg har lært mykje av å jobba med dei. Så er det tydeleg at det betyr mykje at dei får inn kollegaer frå utlandet som kjem og står skulder til skulder med dei.

d

Martin Bøhler er gastrokirurg og har behandla ulike pasientar på Gaza.

– Eg har behandla alle slags pasientar. Alt frå folk med blindtarmbetennelse og kreft, til krigsskadde. Blant dei krigsskadde er det mykje skader frå eksplosiv, splintar som kan ha gått inn kor som helst i kroppen.

Israel er skulda for å stansa matleveransar til Gaza. Martin Bøhler fortel at pasientane han har sett, ikkje har vore prega av omfattande underernæring, men at nokon er tynne.

– Dei har ikkje noko anna ønske enn fred

Han viser med mobilkamera rundt på sjukehuset. Det er roleg stemning og få pasientar.

– Sonen som sjukehuset ligg i, er rekna som usikker. Derfor er det færre pasientar her. Dagane har ikkje vore fullt så travle som eg hadde trudd.

For å koma seg inn til Gaza, køyrde han i konvoi frå Kerem Shalom i Israel. Dette er ein grensepost der mat, medisin og menneske kan kryssa over til å hjelpa dei 2,3 millionar innbyggarane på Gazastripa.

– Vegane er heilt ukjennelege. Nesten alle bygg er samanrasa. Turen tek lang tid, for me må koordinere alle bevegelsar med FN og Israel.

d

– Kva vil du at Vårt Land sine lesarar skal vita?

– At den store majoriteten av innbyggarane på Gaza ikkje har vald dette, men dei må betala prisen. Dei har ikkje noko anna ønske enn fred.

Les bibelvers kvar dag

Martin Bøhler er son av misjonærar og vaks opp i Bhutan, eit lite kongedømme i Øst-Himalaya. Han har jobba i Nepal, Rwanda og Etiopia, men dette er første gong han har arbeidd i ein aktiv krigssone.

Under jobben på Gaza har han funne styrke i Paulus’ brev til efesarane:

– Eg har pugga dei versa og les dei for meg sjølv kvar dag. Orda minner meg om at me ikkje skal kriga mot andre menneske. Det er ikkje der kampen skal stå.

I kapittel 6, vers 11 til 14, står det skrive:

Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande.

Torsdag førre veke kom Martin Bøhler trygt over grensa til Israel, og var tilbake hjå familien i Arendal natt til laurdag.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter