– Eg trur mange har same oppleving av at religionar er under press mange stader i Europa, seier biskop i Borg bispedøme Kari Mangrud Alvsvåg.
Torsdag vart ho vald som president for European Council of Religious leaders, ei tverreligiøs samanslutning av religiøse leiarar frå heile Europa.
No skal Alvsvåg sørgje for at arbeidet held fram.
– Eg trur på at dialog er veldig viktig. At vi faktisk er saman og møter kvarandre, og viser at på tvers av ulik tru og livssyn så vil vi vere aktørar for fred og rettferd i verda, seier ho.
Religion for fred
Rådet jobbar saman for korleis religion skal bidra til fred i verda, noko Alvsvåg meiner er viktig, men utfordrande.
– På grunn av at det er så mange kriser som fell saman no, så kan ein også gi religion mange negative skildringar, seier biskopen.
Ho seier det er eit felles ynskje for rådet å få fram det religion kan vere; ei god tilknytning for menneske og eit viktig moralsk kompass.
Biskopen trur også at konfliktane i verda fører til eit større ynskje om samarbeid på tvers av religionane.
– Det er ei kjensle av at når det er mykje uro og kriser, så treng vi å finne dei arenaene der vi kan samhandle og kome godt saman.
---
European Counsil of Religious Leaders
- Oppretta av Gunnar Stålseth i 2002
- Rådet består av ulike religiøse leiarar i Europa
- Jobbar saman om å finne ut korleis dei kan jobbe saman om fred og rettferd i i Europa og verda
- Har møter årleg
---
Store øyrer og hjarter
Denne veka har rådet si årlege samling på Kirkens hus i Oslo, den første Alvsvåg er med på.
– Det er veldig spanande å møte alle desse menneska og høyre korleis det kjennast å vere dei der dei er, seier Alvsvåg.
Ho seier at det er ein respektfull og varm tone på samlinga i Oslo.
– Eg opplev at folk har store øyrer og hjarter og at ein ynskjer å lytte og forsøke å forstå og støtte kvarandre.