Nyheter

Ny abortlov opnar for abort på grunn av kjønn

NY LOV: Regjeringa foreslår å heva abortgrensa til veke 18. Det vil gjera det mogleg for kvinner å ta abort på grunn av kjønn, seier overlege.

Regjeringa har lagt fram forslag til ny abortlov, der grensa for sjølvbestemt abort blir heva frå veke 12 til 18. I dag er det fleire private klinikkar som tilbyr ultralyd med mål om å avdekka kjønn, i tida før veke 18.

– Om lova går gjennom, vil det vera mogleg for kvinner å ta abort på grunn av kjønn. Eller ein kva som helst annan grunn, for så vidt, seier Anne Eskild, overlege ved Kvinneklinikken ved Akershus universitetssjukehus.

Ho skisserer følgande scenario:

– Sett at ein familie har fire jenter og ønsker ein gut, men får vite at neste er ei jente. Kvinna kan ta abort på grunn av kjønn, om grensa går ved veke 18. Då spør ingen kva grunn kvinna har til å ta abort.

Hinder mot kjønnsselektiv abort forsvinn

I dagens lovverk er ein skranke på plass mot kjønnsselektiv abort. Dette hinderet forsvinn om grensa blir sett opp til veke 18.

Det peika Helsedirektoratet på, då ny abortlov var ute på høyring. Direktoratet viser til paragraf 4-5 i bioteknologilova, som forbyr å opplysa om fosterets kjønn før veke 12. Unntaket er der kvinna er berar av alvorleg kjønnsbunden sjukdom.

I forslaget til ny abortlov skriv Helse- og omsorgsdepartementet at dei ikkje foreslår endringar i bioteknologilova i denne omgang, men vil vurdera behovet for dette.

Jordmødrer i det offentlege kritiske til å opplysa om kjønn

Akershus universitetssjukehus skriv i sitt høyringssvar at fleire av jordmødrene ved sjukehuset meiner at fosterets kjønn ikkje bør bli opplyst om ved ultralyd, for å hindra at barnets kjønn blir årsak til abort. Sjukehuset skriv at i Sverige blir det ikkje opplyst om kjønn i den offentlege svangerskapsomsorgen før veke 18, for å unngå selektive abortar.

«Ahus mener at man i arbeidet med ny abortlov bør erkjenne problemstillingen knyttet til ønsket om å vite barnets kjønn, og vurdere hvilke konsekvenser dette kan få.»

FNs kvinnekomité har i fleire saker rådd statar om å hindra abortar basert på fosterets kjønn. Også FNs barnekomité har kritisert statar for å opna for kjønnsselektive abortar.

Samstundes har FNs kvinnekomité også gjeve uttrykk for at kvinner må ha rett til å avslutta svangerskapen basert på relevant informasjon dei får i svangerskapskontrollar.

Overlege Ellen Holtan Folkestad på Sykehuset i Vestfold.

Vanskeleg å evaluera effekten

– Det er ei etisk vurdering om det er eit problem med kjønnsselektiv abort, seier Anne Eskild til Vårt Land.

I dag må alle kvinner som ønsker abort etter veke 12, søka om dette. Søknaden blir vurdert av ei abortnemnd.

– I dag ville det ikkje gått gjennom i nemnd med abort på grunnlag av kjønn, seier Anne Eskild.

Ho seier at det generelt kan vera vanskeleg å evaluera effekten av ei eventuelt ny abortlov. For då vil ikkje forskarane vita kva grunnen er til at kvinner tek abort før veke 18.

I ein kronikk i Aftenposten peikar Anne Eskild på det ho ser som fleire svakheiter ved forslaget til abortlov. Ein av dei er usikkerheit rundt korleis veke 18 i svangerskapen blir definert.

Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) er fornøyd med at regjeringens forslag til ny abortlov omsider er ferdig. Dens skjebne skal avgjøres på Stortinget. Foto: Thomas Fure / NTB

Tilbyr gratis vurdering av kjønn

Mange private klinikkar tilbyr ultralyd før veke 18 for foreldre som ønsker å vita kjønn. Mellom dei er klinikken FAM, med kontor i Oslo og Lillehammer. Alle gravide som tek blodprøven Nipt hjå klinikken, får også tilbod om ein gratis vurdering av kjønn ved hjelp av ultralydundersøking.

– Dei fleste som kjem til oss, er interessert i å vita kjønn. Dei kommande foreldra er nysgjerrige og har gjerne lyst å planlegga innkjøp av klede og utstyr, eller dei vil mala soverommet til barnet. Å få vita kjønn, får ofte fram ein positiv emosjonell reaksjon.

Det seier Patrick Wullum, dagleg leiar i FAM, til Vårt Land.

Sidan starten har klinikken utført rundt 1.000 Nipt-testar, som har som mål å avdekka kromosomavvik. Det er ikkje lov å opplysa om kjønn ved Nipt-test, men det er lov å opplysa om kjønn under ultralyd.

h

Trur ikkje ny lov får effekt

Patrick Wullum i klinikken FAM trur ikkje at ei utviding av abortgrensa kunne føra til kjønnsselektiv abort i praksis.

– Folk som i dag er veldig opptekne av dette med kjønn, kan senda ein test til utlandet og få svar innan dagens abortgrense ved veke 12.

Han vil ikkje svara på om klinikkar som FAM vil ha ei rolle i å avverga kjønnsselektiv abort.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter