Nyheter

Vil bygga kjernekraft i Halden – Lovar å ta imot gamalt atomsøppel

ENERGI: Håvard Kristiansen jobbar for ny kjernekraft-boom i Halden. Han lovar å ta i mot gamalt, norsk atomsøppel om selskapet får gjennomslag.

Håvard Kristiansen står på historisk grunn. Ved festninga Fredriksten i Halden er staden der svenskekongen Karl XII vart skoten og drepen i 1718. Lokalt lærer skulebarn regla «I 1718 datt’n».

No er innflyttaren klar for å skapa ny historie i Halden. Håvard Kristiansen er dagleg leiar for Halden Kjernekraft, eit aksjeselskap med både kommunar, fylke og den bergenske milliardæren Trond Mohn på laget.

– Halden har god tilgang til kraftnett, for sentralnettet mellom Göteborg og Oslo går vi gjennom her. I tillegg er det mykje stabil berggrunn, tilgang på kjølevatn og lokal interesse for eit kjernekraftverk, seier Kristiansen.

Halden Kjernekraft

– Me kan vera ein del av løysninga

Noreg har ei lang historie med kjernefysisk forsking.

Vårt Land har i fleire artiklar omtala korleis gammalt atomavfall frå denne forskinga skapar trøbbel. Noreg manglar internasjonalt godkjende atomlager, og arbeidet med å handtera avfallet er prega av stadige utsettingar.

Samstundes som Noreg slit med å handtera gammalt avfall, snusar stadig fleire kommunar på å bygga kjernekraftverk. Mellom dei er østfoldbyen Halden. Halden Kjernekraft ønsker å bygga eit kjernekraftverk saman med lager og deponi for radioaktivt avfall.

No lanserer Håvard Kristiansen i Halden Kjernekraft ei vinn-vinn-løysing der Noreg både får bygd ut ny energi og hjelp til å handtera det gamle avfallet. Nøkkelen er å tillata ny kjernekraft.

– Me tenker at me kan vera ein del av løysninga. Om me bygger kjernekraftverk i Halden, så kan me ta imot gammalt atomavfall.

Brukt brensel etter 60 år med forsking

Frå festninga i Halden kan Håvard Kristiansen kika ned på den nedlagde Halden-reaktoren. Den stod klar i 1958. I 60 år heldt reaktoren det gåande med ulike typar forskingsprosjekt.

I 2018 var det slutt. No er den eit av to atomanlegg som skal plukkast frå kvarandre, og radioaktivt avfall skal lagrast trygt. Ikkje minst skal ein finna eit godt lager for det brukte brenselet, der rundt 10 tonn ligg i Halden. Resten – rundt 7 tonn – er på anlegget på Kjeller.

h

Avfallet kan eit nytt kjernekraftanlegg i Halden ta seg av, seier Håvard Kristiansen.

– Det gjev ikkje noko meining at staten skal bygga eigne lager og deponi ein annan stad. Me kan ta oss av alt i Halden.

Den samla prislappen på den norske atomoppryddinga er førebels anslått til å vera på minst 24 milliardar kroner.

– Staten ville spart mykje pengar på å samarbeida med kjernekraftverk som finansierer sine egne avfallsløysningar, seier Kristiansen.

Kan bruke boreriggar til å laga deponi

Målet til Halden Kjernekraft er å bygga opptil fire reaktorar som til saman produserer 10 terawattimar med straum i året. Det er dobbelt så mykje som straumforbruket i Østfold i dag.

Som del av anlegget er det planlagt eit lager for brukt brensel og anna radioaktivt avfall. I tillegg skal det byggast eit deponi på rundt tusen meter under bakken.

Halden Kjernekraft

Ein måte å bygga deponia på, er å bruka boreteknologi frå olje- og gassverksemda.

– Tanken er at når ein har plassert inn alt avfallet, skal ein kunne lukke igjen tunnelen etter seg og gå derfrå. Deponiet treng ikkje straum, ventilasjon eller vakthald. Østfoldsområdet er særleg interessant fordi her er gammal, stabil granitt, seier Kristiansen.

Selskapet jobbar no med å få støtte frå grunneigarar. Neste steg er å senda eit utgreiingsprogram for nytt kjernekraftverk på høyring.

– I beste fall kan me vera i drift rundt 2035

Håvard Kristiansen meiner kjernekraft er viktig for stabil kraftforsyning.

– I Noreg slit me med å møte kraftbehovet frå millisekund til millisekund. Som på kalde dagar, når det kan vera lite vind og låg vassføring og samstundes høgt kraftforbruk fordi alle har på varmeomnar. Kjernekraft produserer energi uansett vêr, og er del av løysninga på det problemet.

Håvard Kristiansen er dagleg leiar i Halden Kjernekraft. Han ivrar for ny kjernekraft i atom-byen Halden.

No har regjeringa sett ned eit utval som skal vurdera om Noreg kan starta med energiproduksjon frå kjernekraft.

– Internasjonal erfaring viser at det tek 10 til 15 år frå eit land begynner å greia ut kjernekraft, til det første kraftverket er i drift. Og med det utvalet som no er annonsert, kan me starta klokka no. I beste fall kan me vera i drift rundt 2035.

– Begynner det å bli et kjernekappløp mellom kommunane?

– Ja, det er jo på ein måte det. Det er mange kommunar som er som oss, dei i ønsker å vera først ute i Norge. Slik at den dagen alle dei store energiselskapa begynner å jobba med kjernekraft, så har me eit forsprang, seier Kristiansen.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter