Nyheter

Sp-Toppe: Forbod mot søskenbarnekteskap kan tre i kraft ved nyttår

EKTESKAP: For to månader sidan vedtok Stortinget ei lov mot søskenbarnekteskap. Kjersti Toppe (Sp) varslar no at målet er at lova trer i kraft ved nyttår.

I midten av juni vedtok Stortinget endringar i ekteskapslova om forbod mot ekteskap mellom nære slektningar.

No varslar barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) at målet er at lova skal tre i kraft ved nyttår.

Dette kjem fram i eit skriftleg svar frå Toppe til Silje Hjemdal (Frp), som vart publisert 13. august på Stortingets heimesider.

– Regjeringa ønskjer at denne lovendringa skal tre i kraft så raskt som mogleg, skriv Toppe i svaret.

Lovendring har fått støtte frå politiet

I mai la regjeringa fram forslag om å forby ekteskap mellom nære slektningar som søskenbarn, tanter, onklar, nevø og niese. Det skal motverka helseskadar hos barn og tvangsekteskap.

Politiet er mellom aktørane som har gjeve støtte til eit slikt forbod, melder NTB.

– Forbod mot søskenbarnekteskap er eit viktig tiltak for å motverka tvangsekteskap, negativ sosial kontroll og kulturelle praksisar som gjer at kvinner og barn lever ufrie liv, sa arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) til NTB.

Lovforslaget kom etter eit stortingsvedtak frå november 2020.

Forslaget som vart vedteke av Stortinget, har også som mål å hindra at folk reiser til utlandet for å gifta seg, og slik omgå reglane.

Ekteskap mellom søskenbarn inngått etter utanlandsk rett, blir ikkje godkjend om minst ein av partane hadde tilknyting til Norge då ekteskapet vart inngått.

Viser til byråkratiet for å forklara tidsbruk

I sitt skriftlege svar peiker Kjersti Toppe (Sp) på to grunnar til at lovendringa først vil tre i kraft tidlegast ved nyttår.

  • Det trengst føresegner om sakshandsaming av desse sakene. Departementet vil sende forslag til føresegner på høyring så raskt som mogleg.
  • Skatteetaten må gjera systemtilpassingar i Folkeregisteret, mellom anna for å fanga opp ekteskap som er inngått i utlandet mellom nære slektningar.
Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter