– Eg viser deg til informasjonssjefen i KrF, seier Nils Christian Harnes, ordførar i Hustadvika kommune.
– Har du som ordførar fått beskjed frå partikontoret om å gjere det?
– Ingen kommentar.
Ordknapp er også Morten Helland, ordførar i Bømlo kommune:
– Eg har ingen kommentar.
Kjetil Torp, ordførar i Vegårshei kommune, svarar Vårt Land med ei tekstmelding:
«Har ingen informasjon utover det jeg leser i media, og har da følgelig ingen kommentar utover det som måtte bli generell synsing om en ugrei situasjon for både enkeltpersoner og parti.»
Varsel – og skuldingar om kupp
Dette har Vårt Land avdekt den siste veka:
- Det har komme eit varsel mot partileiar Olaug Bollestad.
- Ho blir skulda for å ha ein problematisk og kritikkverdig leiarstil. Varselet skal omhandle hennar behandling av fleire personar i KrFs partiapparat.
- Partileiar Bollestad har skulda nestleiarane og generalsekretæren for kuppforsøk.
- Dag-Inge Ulstein og Ida Lindtveit Røse og generalsekretær Ingunn Ulfsten skal ha forsøkt å presse Bollestad til å gå av som partileiar og takke nei til attval på Stortinget ved valet neste haust.
- Mistenkjeleggjering, baksnakking og utfrysing er mellom klagemåla i varselet mot Bollestad.
«Olaug er ein fargeklatt»
Torsdag blir striden i KrF tema på eit sentralstyremøte i partiet.
– Kva vonar du kjem ut av dette møtet, Tarjei Andreas Draugedal?
– Eg er svært spent på dette møtet, seier Kviteseid-ordføraren.
Draugedal fortel at han ikkje har anna kjennskap til saka enn det han les i avisene.
– Dette er berre trist, og særleg trist er det at dei involverte ikkje klarar å snakke saman.
Ordføraren har ein observasjon han vil dele:
– Olaug er ein fargeklatt – og kan nok vere provoserande for fleire.
Draugedal tykkjer ikkje det.
Ordførar: Saka har to aspekt
KrF har 12 ordførarar. Fleire svarar ikkje når Vårt Land ringjer onsdag.
Mellom dei som svarar, er Nils Christian Harnes, men han sender Vårt Land vidare til partikontoret etter å ha sagt dette:
– Eg ser heilt klart interessa for saka. Eg er trygg på at saka blir handtert i samsvar med KrFs retningsliner.
Partiets fremste tillitsvalde i Vennesla kommune, ordførar Nils Olav Larsen, er oppteken av at striden blir behandla «trygt og godt».
– Saka har eit menneskeleg aspekt og eit politisk aspekt, og partiet må ta omsyn til begge.
Olaug er ein fargeklatt, og kan nok vere provoserande for fleire
— Tarjei Andreas Draugedal (KrF), ordførar Kviteseid kommune
Vil samle krefter for å vinne valet
Heller ikkje Larsen ønskjer å kommentere det som Vårt Land har avdekt.
– Avgjerdene i denne saka blir tatt over hovudet på meg. Og som ordførar her eg berre positivt å seie om partileiaren.
Larsen i Vennesla er meir opptatt av å sjå framover.
– Eg ønskjer ein samlande strategi som kan gje eit godt valresultat om eit år.
Les om striden
I nabokommunen Evje og Hornnes er Morten Haraldstad ordførar. Også han les aviser:
«Eg veit berre det eg har lese i avisen. Om alt det stemmer veit eg jo sånn sett heller ikkje, så eg kan eigentleg berre uttale meg på eit generelt grunnlag om at eg går ut frå, og sjølvsagt ventar, at eit varsel vert handsama profesjonelt for alle involverte partar etter gjeldande reglement», skriv han i ei tekstmelding og legg til at Olaug Bollestad «er valgt som leiar i partiet. Ho er sjukmeldt ut månaden og det er det eg forholder meg til».
---
Kristeleg Folkeparti
- Skipa i 1933.
- Har tre representantar på Stortinget.
- Har 12 ordførarar, 16 varaordførarar og to fylkesvaraordførarar.
- Olaug Bollestad er partileiar, Dag-Inge Ulstein og Ida Lindtveit Røse er nestleiarar og Ingunn Ulfsten er generalsekretær.
---