Nyheter

Held norske våpenvilkår hemmeleg

KRIGEN I UKRAINA: Brukar Ukraina stridsvogner frå Norge i angrepa inne i Russland? Forsvarsdepartementet held svaret hemmeleg.

Får me sjå norske leopardar rulle nordover i Russland, landet som Nato-medlemmet Norge har felles grense med?

Store avdelingar med ukrainske soldatar og stridsvogner kryssa grensa til Russland om morgonen 6. august. Innmarsjen er støtta av artilleri.

Ein analyse frå nyhendebyrået AFP, tufta på data frå tankesmia The Institute for the Study of War (ISW), viser at ukrainarane kontrollerer over 800 kvadratkilometer i Russland.

Russland har ikkje blitt invadert av eit anna land sidan andre verdskrig.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram foran en Leopard 2A4NO (132 Hærfjotur) på Rena leir. Norge har gitt Leopard-stridsvogner til Ukraina.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Har sendt åtte leopardar austover

Norge har donerte både stridsvogner – åtte av typen Leopard – og artilleriskyts – 22 vogner av typen M109. I tillegg har Støre-regjeringa både donert og kjøpt inn store mengder ammunisjon for både stridsvogner og artilleri, og sendt det austover.

Men har regjeringa stilt vilkår for korleis Ukraina kan bruke dei norske, militære gåvene?

USA sa lenge nei til at amerikanske, langtrekkjande rakettvåpen kunne nyttast til åtak mot militære mål langt inne i Russland.

I vår kom eit skifte. USA gav grønt lys til å gå til åtak mot mål i Russland, men berre for å forsvare storbyen Kharkiv, som ligg tett på Russland, melde nyhendenettstaden Politico i mai.

USA heldt oppe forbodet mot rakettåtak langt inne på russisk territorium.

Av sikkerhetshensyn uttaler vi oss ikke om eventuelle betingelser knyttet til norsk militær støtte til Ukraina

—  Birgitte Frisch, spesialrådgjevar Forsvarsdepartementet

Held svaret hemmeleg, viser til tryggingsomsyn

Betyr den ukrainske innmarsjen i Russland at Ukrainas hær kan bruke våpengåvene frå Norge i Russland?

Forsvarsminister Bjørn Arild Grams (Sp) departement svarar Vårt Land:

«Av sikkerhetshensyn uttaler vi oss ikke om eventuelle betingelser knyttet til norsk militær støtte til Ukraina», skriv spesialrådgjevar Birgitte Frisch i Forsvarsdepartementet i ein epost.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har vært taus om hva landet ønsker å oppnå ved å sende styrker inn i Kursk-regionen i Russland. Foto: AP / NTB

Grams departement: Stoppar ikkje ved grensa til Russland

Men om departementet held vilkåra for bruken av dei norske donasjonane hemmeleg, seier spesialrådgjevar Frisch følgjande:

«Ukraina er utsatt for et væpnet angrep fra Russland og har rett til å forsvare seg i henhold til folkeretten, slik det er nedfelt i FN-pakten. Ukraina kan gjennomføre proporsjonale og nødvendige tiltak for å stanse Russlands folkerettsstridige angrep. Dette vil også gjelde på russisk territorium. Retten til selvforsvar stopper ikke ved grensen til Russland.»

Norske stridsvogner er blitt ukrainske

Oberstløytnant Palle Ydstebø finn det uproblematisk om Ukrainas hær kjører leopardar frå Norge inn i Russland.

– Ein har allereie observert amerikanske, britiske og tyske stridsvogner i Russland. Alle er donerte til Ukraina, og er difor for ukrainske å rekne, forklarar Ydstebø som er hovudlærar i landmakt ved Krigsskulen.

Ydstebø har ikkje registrert at Russland har problematisert at vestlege stridsvogner rullar sør i landet.

Oberstløytnant Palle Ydstebø sier Russland kan svare på våpendonasjonene med økt mobilisering eller fortsatt terrorbombing.
Foto: Terje Pedersen / NTB

Storbritannia: Bruk britiske stridsvogner i Russland

Der Norge held korta tett til brystet, snakkar Storbritannia. Britiske Challenge–stridsvogner er blitt brukte av ukrainske styrkar under offensiven i Kursk-regionen i Russland, får Sky News og BBC opplyst.

Standpunktet til den britiske Labour-regjeringa er at Ukraina står fritt til å bruke britiske våpen på russisk jord. Kjelder seier til både Sky News og BBC at dette også omfattar stridsvognene.

Nato-general Stoltenberg har sagt ja

Under Nato-toppmøtet i juli sa Jens Stoltenberg, generalsekretær i forsvarsalliansen, at Ukraina har rett til å rette åtak mot mål i Russland.

– Det er viktig å hugse kva dette er – ein aggresjonskrig som Russland starta. Ukraina har rett til å forsvare seg. Retten til sjølvforsvar inkluderer også retten til åtak på militære mål på russisk territorium, sa han til NTB.

Retten til sjølvforsvar inkluderer også retten til åtak på militære mål på russisk territorium

—  Jens Stoltenberg, generalsekretær Nato

Ber om å få skyte langt inn i Russland

Onsdag retta Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj ei bøn til Vesten då han melde om ukrainsk, suksessrik framrykking i den russiske Kursk-regionen.

I kveldstalen, som er lagt ut på Telegram-tenesta, ber han dei internasjonale støttespelarane om å løyve til utføre langdistanseåtak mot mål langt inne i Russland.

Vegrar seg grunna atomfrykt

– Kvifor vegrar vestlege land, med USA i brodden, å gje klarsignal til ukrainske langdistanseåtak mot Russland, oberstløytnant Palle Ydstebø?

– Forskarar som følgjer krigen i Ukraina tett forklarar det med atomfrykta. Russland kjem stadig med truslar om å bruke atomvåpen.

---

Krigen i Ukraina

  • 24. februar 2022 invaderte Russland nabolandet Ukraina.
  • Russland har kontrollert Krym-halvøya og regionar aust i Ukraina sidan 2014.
  • Norge har gjeve store mengder våpen og anna militært materiell til Ukraina.
  • Donasjonar og innkjøp omfattar stridsvogner, artilleri, jagarfly og store mengder ammunisjon.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter