– Eg blei fødd med to auge, seier 30 år gamle Kwame og fortel at eitt auga blei skadd i 2021.
– Ein nabo gjekk til åtak på meg.
Motiv? Kwame er homofil.
Han og partnaren Suleman vågar ikkje å bu saman. Paret vågar heller ikkje vise andleta i intervjuet med Reuters. Dei drøymer om å reise frå Ghana, men paret manglar pengar.
Menneskerettsorganisasjonar, som Human Rights Watch, melder om auka trakassering og vald mot LHBT-personar i Ghana.
På det afrikanske kontinentet ivrar mange land etter å gjere homofili straffbart, eller stramme allereie strenge lover.
Ghana er i siste kategori. Burkina Faso i første.
Begge land får bistand frå Norge og Støre-regjeringa.
Lovar å straffe sex mellom likekjønna
– Frå no av er homofili og relatert praksis forbode og straffbart ved lov, slo Burkina Fasos justisminister fast i ei kunngjering i juli.
Før loven som kriminaliserer homofili trer i kraft må han bli vedtatt av parlamentet og signert av landets mellombelse statsleiar, Ibrahim Traore, som leiar militærjuntaen som har styrt landet sidan kuppet i 2022.
Når det skjer har 23 av Afrikas 54 land fått lover som kriminaliserer sex mellom likekjønna.
Sp-minister er djupt uroleg
I Utanriksdepartementet varslar ikkje utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) tuktande tiltak. Men ho er uroleg:
«Jeg er dypt bekymra over at det vokser fram bevegelser i flere land i Afrika som jobber for å forby og straffe LHBT+-personer», skriv ho i ein e-post til Vårt Land.
Fleire av landa som allereie straffar, eller ønskjer å straffe borgarar som er homofile, lesbiske eller trans, står på lista over mottakarar av raus, norsk bistand.
Bistanden i hovudsak går til organisasjonar og næringsliv og berre litt til offentleg sektor.
Nokre land har fått milliardar frå Norge dei siste tre åra. Som Uganda. Landet fekk 437 millionar bistandskroner frå Norge i fjor – og 1,1 milliardar kroner siste tre år, opplyser Norad.
Ber regjeringa sjå på bistanden til eit afrikansk land
Tor-Hugne Olsen, dagleg leiar i organisasjonen Sex og politikk, som overvakar LHBT-politikken i afrikanske land, er open for at Støre-regjeringa bør vurdere bistanden til særleg eitt land, Uganda.
– Her går utviklinga i feil retning.
Mange såg med uro mot Uganda i 2023. For vel eitt år sidan signerte presidenten ein lov som opnar for dødsstraff for dei som utfører «homoseksuelle handlingar».
Borgarar som blir vurderte til å vere LHBT-personar, kan bli stilte for domstolen og straffa med livstid i fengsel – eller døden.
Norge har det siste året trappa opp vår støtte til menneskerettighetsforkjempere i Uganda
— Anne Beathe Tvinnereim (Sp), utviklingsminister
Tvinnereim har vurdert …
For eit år sidan sa Tvinnereim til bistandsmagasinet Panorama:
«Vi vil, i nær dialog med andre giverland, gjennomgå samarbeidet med alle våre partnere i Uganda, for å vurdere om det er behov for endringer».
Når Vårt Land spør kva vurderingane har resultert i, svarar Sps bistandsminister:
«Alle avtaler som inngås med partnere i Uganda gjennomgås nå nøye for å sikre at Norge ikke på noe vis utilsiktet bidrar til gjennomføringen av denne loven».
… og handla: Aukar støtta til skeive organisasjonar
Men på eitt område har regjeringa handla:
«Norge har det siste året trappa opp vår støtte til menneskerettighetsforkjempere i Uganda. Det ble inngått en egen avtale på ti millioner kroner for å møte behovet for økt støtte til skeive MR-forkjempere og organisasjoner som bistår LHBT+-miljøet med relokalisering, helsetjenester og juridisk bistand» fortel Tvinnereim.
Blir straffa for å vere aktivist
I Kwame og Sulemans heimland Ghana ventar ein berre på at presidenten skal signere loven som skal gjere levekåra for landets LHBT-minoritet langt barskare:
Aktivistar som støttar LHBT-rørsla, eller som sjølve identifiserer seg som skeive, kan bli dømt til fem år i fengsel.
Samstundes skal straffa for «homoseksuelle handlingar» bli auka frå tre til fem år i fengsel, seier «loven om korrekte seksuelle menneskerettar og ghanesiske familieverdiar».
Men det dryger med signeringa – og i desember er det presidentval.
Utviklingsminister Tvinnereim fortel at Norge, som i år har eit bistandsbudsjett på nesten 60 milliardar kroner, fortel mottakarane kva dei meiner om LHBT-innstrammingane – utan å kunngjere kva som blir sagt i stat til stat-samtalene.
Tvinnereim: Har sagt tydeleg kva Norge meiner
Ho opplyser til Vårt Land at regjeringa, i samtalar med styresmaktene i to av landa, Ghana og Uganda, «har vært svært tydelig på hva Norge mener»:
«Samtidig er det viktig å lytte til og følge oppfordringene fra LHBT+-miljøene selv. Noen ganger betyr det å bruke andre kanaler enn sterke offentlige uttalelser», skriv statsråden i epostsvaret.
Norad-tal viser kva siste land ut, Burkina Faso, og Ghana har fått av norsk bistand:
- Burkina Faso: 59 millionar kroner i 2023 – og 201 millionar siste tre år, 2021–2023.
- Ghana: 151 millionar i 2023 – og 293 millionar siste tre år.
Homofile Suleman fortel Reuters at livet i løynd «er ein mental kamp, men eg skuldar meg sjølv å vere sterk».
To land har fått milliardbistand
Amnesty International la tidlegare i år fram ein analyse av LHBT-kåra i 12 afrikanske land. For mange LHBT-personar i Afrika var 2023 «eit dystopisk mareritt», slo menneskerettsorganisasjonen fast.
Fleire land i rapporten får raust med bistand frå Norge:
- Kenya: 154,4 millionar i 2023, 2021-2023: 360 millionar.
- Malawi: 546 millionar i 2023, 2021-2023: 1,5 milliardar.
- Tanzania: 540 millionar i 2023, 2021-2023: 1,4 milliardar.
- Zambia: 80 millionar i 2023, 2021-2023: 234 millionar.
Press for å innføre dødsstraff
Straffenivå for å vere homofil i dei same fire landa, kartlagt av International Lesbian, Gay, Bisexual, Trans and Intersex Association (ILGA), er:
- Kenya: Inntil 14 år i fengsel.
- Malawi: Inntil 14 år i fengsel.
- Tanzania: Inntil livstid i fengsel, press for å innføre dødsstraff.
- Zambia: Inntil livstid i fengsel.
Har vært svært tydelig på hva Norge mener
— Anne Beathe Tvinnereim (Sp), utviklingsminister
Verdsbanken raslar med dollarkutt
Der Norge nølar med å straffe land økonomisk, har andre varsla kutt i bistand om lovinnstrammingar blir rulla ut.
Verdsbankens nye leiar, Ajay Banga, vil bruke bankens økonomiske musklar for å fremme menneskerettar, som å styrkje levekåra for LHBT-personar.
Signala frå Verdensbanken – og Det internasjonale pengefondet – vekkjer sterke reaksjonar i Ghana, som er herja av økonomisk krise. Rikspolitikarar har gått ut og sagt at dersom Vesten straffar landet, ja, så kan Ghana heller vende seg mot Kina og arabiske land.
For dei kjem ikkje med LHBT-krav.