I 2018 oppretta Solberg-regjeringa Norsk nukleær dekommisjonering (NND). Etaten har fått i oppgåva å rydda opp i norsk atomavfall.
Årsrapporten viser at NND i fjor brukte 242 millionar kroner på konsulentar. Driftsutgiftene var på rundt 380 millioner kroner. Dermed gjekk nesten to av tre kroner til kjøp av konsulenttenester.
NND-direktør Pål Mikkelsen seier til Vårt Land at konsulentar er nødvendige for den fasen NND er inne i.
– Eg skulle ønske at me kunne bruke endå litt meir på konsulentar. Det gjev oss den kapasiteten som me treng no, seier Mikkelsen.

Meiner Noreg manglar kompetanse
Avfallet som NND skal rydda opp i, stammar frå fire reaktorar. Den første norske atomreaktoren vart sett i drift i 1951, den siste reaktoren vart stengt våren 2019.
Noreg treng finna trygge lager for 17 tonn brukt reaktorbrensel, i tillegg til radioaktivt avfall frå bygg og infrastruktur.
Pål Mikkelsen seier flesteparten av konsulentane som NND bruker, er tekniske fagekspertar frå utlandet.
– Noreg har veldig lite nukleær kompetanse. Om me skal ha nokon som helst framdrift for å finna dei beste internasjonale løysingane, så må me gå utanfor landet.
Pål Mikkelsen seier NND kjem i mange år til å ha bruk for å bruke mange konsulenttimar.
– Så må ein hugsa at me er ei statleg start-up-bedrift, og at det ville vore feil av oss å tilsette mange fast i den fasen me er i no.
NND har i dag 66 tilsette, og har hovedkontor i Halden.
Atom-opprydding på overtid
I helga fortalte Vårt Land om Tommy Harald Buer, som kan få eit nytt lager for atomavfall utanfor stova si i Aremark i Østfold. Staden er ein av kandidatane til å husa eit nytt atomlager.
Vårt Land har kartlagt status for atomoppryddinga, og mellom anna funne at:
- Etter fleire år med utgreiingar er det framleis i det blå kor eit nytt atomlager skal bli plassert.
- Det er tidlegare funne rust og fukt på eit lager med radioaktivt avfall i Aurskog-Høland og på eit lager med ustabilt, brukt uranbrensel på Kjeller.
- Planen om å eksportera ustabilt brensel til Sverige er forsinka med fleire år.
- Ansvaret for atomavfallet hamnar mellom to stolar. Etter planen skulle NND i starten av i år overta atomanlegga frå stiftinga Institutt for energiteknikk (IFE). Det har førebels ikkje skjedd.

Blir utfordra på konsulentbruk
I statsbudsjettet for i år er NND tildelt 712 millioner kroner.
Støre-regjeringa har eit mål om å redusera konsulentbruken i staten. I tildelingsbrevet for 2024 ber staten NND om å rapportera om konsulentbruk, og å «arbeide for å redusere konsulentbruken på områder der det ligger til rette for å benytte interne ressurser og kompetanse.»
– Det er eit politisk ønske om å redusere konsulentbruken. Så dette er eit tema me snakker mykje om. For oss er det viktig å bli gode på å bruka konsulentane. På sikt skal me fasa ut konsulentane, men ikkje dei komande to-tre åra, seier Pål Mikkelsen.
I tildelingsbrevet minner staten om at tenester frå kommunikasjonsbransjen som hovudregel ikkje skal brukast.
NND opplyser til Vårt Land at dei i fjor brukte 2,8 millioner kroner på kommunikasjonskonsulentar. Av dette gjekk 1,6 millionar kroner til intern kommunikasjon.